Med 7,5 av ni oppnåelege poeng var Carlsen ustoppeleg. Allereie før siste runde hadde han vunne turneringa.
Dermed har Magnus Carlsen fordelen av å kunne velje kven av konkurrentane han vil møte i første runde av hovudturneringa som tek til i morgon.
Carlsen opna med to remis. Men på dei sju siste kampane vann han seks – to av dei med svarte brikker – og fekk berre ein remis. Dermed enda han to poeng framfor Hikaru Nakamura og Levon Aronian.
– Eg spela fort og sjølvsikkert. Ikkje alltid like bra, men heldigvis var det meir enn nok, sa Carlsen til NRK etter lynsjakken.
Overraska
Det er ei stund sidan sist Carlsen vann ei turnering. Derfor var han overraska over at det gjekk så bra i dag.
– Ja, eg er overraska.Det er ei positiv oppleving å ta med. Men det hjelper ikkje å vinne lynsjakken dersom det ikkje går bra i langsjakken. Det er framleis mykje å jobbe med.
Carlsen meinte partiet mot Karjakin var hans beste i kveld.
– Det smakar ekstra godt å vinne mot han, sa Carlsen, som opnar mot verdstoar Wesley So når hovudturneringa tek til i morgon.
– Det blir ikkje nok fyrverkeri, men det skal bli ei morosam utfordring, seier Carlsen.
Sliten etter VM
Det er eit svært sterk comeback av verdsmeisteren, som sjølv vedgår at han har vore både fysisk og mentalt sliten dei siste månadene.
Sidan VM-kampane mot Sergej Karjakin i november har ikkje nordmannen vore til å kjenne att ved sjakkbrettet, og han har ikkje vunne ei einaste turnering i 2017. Han vart utan titlar i VM i lynsjakk og hurtigsjakk i romjula.
– Det har teke han eit par-tre månader å kome ovanpå igjen, seier pappa Henrik Carlsen.
Men no er han tilbake i rampelyset og klar for Norway Chess.
– Eg var sliten både mentalt og fysisk, seier Carlsen til NRK, rett før turneringa i Stavanger starta med lynsjakk.
– Langt unna toppnivået
– Kor langt er du unna toppnivået ditt?
– Slik eg har spela i det siste, er eg nok ganske langt unna, sa Carlsen før lynsjakken starta.
Henrik Carlsen har merka at ikkje alt er som normalt.
– Vi ser at dersom han er fråverande når vi snakkar med han, veit vi at han tenkjer på sjakk. Eg veit at han har vore oppteken av sjakk i det siste. Så om han hadde to-tre månader etter VM der han tenkte mindre på sjakk, så er han iallfall fullt tilbake no, seier pappa Henrik.
– Eg kjem nok ikkje til å gå i hundre ut av startblokkene, det trur eg ikkje eg er i stand til akkurat no, seier Henrik Carlsen.
Turneringa i Stavanger starta med lynsjakk i kveld. I morgon er det klart for hovudturneringa mellom ti av dei fremste sjakkspelarane i verda.