– Ja, med mindre eg blir lam så tenker eg å hoppe. Det får vi nok ikkje vite før det skjer. Og skulle det skje, så har eg i alle fall hoppa, seier 21-åringen til NRK.
Smertene starta alt for eit år sidan. Gjennom vinteren trossa ho plagene og var med på å sikre norsk VM-bronse for damelaget og bronse for blanda lag saman med Robert Johansson, Andreas Stjernen og Maren Lundby i Seefeld.
Sidan mai har ho avstått frå å hoppe på ski.
– Det er litt som å gå rundt i ein godtebutikk og ikkje få smake på noko som helst. Det er absolutt ikkje noko man ønsker å gjere. Eg må vere tolmodig og jobbe hardt, sa ho då NRK møtte ho tidligare i haust.
Sjølv beskriv ho smertene slik:
– Det er som om nokon skulle stå og halde tak i armen eller foten din. Når du prøver å riste dei av deg, så blir det berre verre.
VM: Anna Odin Strøm var med å sikre norsk bronse for blanda lag under VM på ski i vinter, saman med Robert Johansson, Andreas Stjernen og Maren Lundby.
Foto: Tore Meek / NTB scanpixIkkje farleg
Fleire legar og ekspertar har kikka på ryggproblema, utan at det til no har gjort at ryggproblem har forsvunne eller at det ligg ei kortsiktig løysning på bordet.
– Vi har ein ide om kva som er årsaka til smertene, og så hadlar det jo ofte om å utelukke at det noko alvorleg og farleg. Og det har vi utelukka, seier medisinsk ansvarleg for hopplandslaget, Einar Kalsæg.
I NM i helg var derimot den unge hopparen tilbake i Midstubakken i Oslo med hoppski på beina.
NEKTAR Å GI SEG: For kvart hopp i bakken aukar smertene i ryggen.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix– Det er morosamt å hoppe igjen. Ryggen er der og eg merkar det. Og eg er ikkje så langt unna teknisk som eg hadde frykta, seier hopparen frå Alta.
Det store problemet er at smertene i ryggen berre blir verre av å hoppe.
– Den er vondt og det er verre. Likar meg helst på magen eller rygg på golvet eller i senga etter eg har hoppa, for det er større belastning enn man skulle tru. Det merkast, fortel Odine Strøm.
Det medisinske apperatet har også sagt at det ikkje skal vere nokon fare med å hoppe.
– Går det ut over prestasjonen, så må vi revurdere det igjen.
Nektar å gi opp
Smertene til trass – å gi opp hoppkarriera – har aldri vore tema for 21-åringen frå Alta.
– Eg har meir lyst til å hoppe enn å ikkje hoppe. Det dette eg har lyst å gjere med livet mitt, og då har eg eigentleg ikkje noko val. Eg kan jo velje å ikkje gjere det, men i mitt hovudet er ikkje det noko alternativ.
Likevel håpar ho at legane og ekspertane skal finne ut kva som kan gjere ho frisk.
– Det finst alltid håp. Førebels slår eg meg til ro med at gjere vondt, så eg gjere det beste ut av det.
Og håp gir det medisinske apperatet. Men dei vedgår at det kan ta tid.
– Vi har ein plan og strategi for korleis vi kan ordne det på lengre sikt, seier Kalsæg som understrekar at det ikkje er aktuelt med operasjon, men at det handlar om å gjere ulike øvingar for ryggen.
– Det er slike ting som av og til tar tid. Og det er klart det er slitsomt.
BRONSE: I NM i normalbakke i Midstuen tok Anna Odine Strøm seg ei sterk bronsemedalje, bak Maren Lundby og Silje Opseth.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix