– Eg trur både eg og landslagssleiinga er veldig samstemte på uttaket, seier Alexander Kristoff.
Han har akkurat trilla inn i mål i Narvik på siste etappe av Arctic Race of Norway. No er alt fokus retta inn mot VM i Richmond i september. Og Kristoff veit godt kva slags hjelperyttarar han vil ha med seg på årets siste store mål der Noreg kan få heile seks plassar til rådigheit.
Vil ha med Stake Laengen
– Eg vil ha med Edvald (Boasson Hagen) og Sven (Erik Bystrøm). Og eg trur Lars Petter (Nordhaug) kan gjere ein god jobb.
– Dei to siste plassane er litt opne, Vegard Stake Laengen har vist god køyrestyrke før og burde kanskje fortent ein plass. Han kan gjere ein god jobb, seier Alexander Kristoff til NRK, samtidig visste han ikkje at nettopp Stake Laengen i dag signerte for profflaget IAM.
– Er han blitt proff igjen? Gratulerer til han.
Kristoff kom i mål på den siste etappen på ein 20. plass. Han var langt i frå å kjempe om samanlagtsigeren som i fjor, då han blei nummer to. I år hamna Kristoff nede på ein 25. plass.
– Eg er fornøgd med å ha tatt ein etappesiger, i tillegg vann eg den grøne trøya, så eg må seie at eg er fornøgd.
– Kva blir oppladninga no før VM?
– Det er to store ritt før VM. Vattenfall Classic i Hamburg og eitt ritt i Montreal i Canada, seier Kristoff som har fire ritt på kalenderen før fellesstarten i VM 27. september.
Den gode innsatsen i Arctic Race av kontinentallaga kan slå positivt ut, men framleis er det enno litt usikkert om Kristoff får to eller fem hjelperyttarrar i VM.
– Greitt å vere hjelperyttar
Edvald Boasson Hagen blir vårt andre store håp i VM-fellesstarten, men kan måtte finne seg i å spele annenfiolin i USA.
– Er det greitt at du blir hjelperyttar og vannberar?
– Ja, i utgangspunktet er det Alexander som har køyrt best i år, så får me sjå kven som er i best form på VM-laget når den tid kjem, seier Boasson Hagen til NRK avslutninga i Narvik.
Boasson Hagen blei beste nordmann i samandraget av Arctic Race of Norway på ein fjerdeplass. Han var 1,02 bak den estiske samanlagtvinnaren Rein Taaramäe.