Slik var Vibeke Skofteruds liv

– Eg vil bli hugsa som ei som gav alt, sa Vibeke Skofterud i eit intervju.

vibeke skofterud vinner vasaloppet

KNUSANDE REKORD: Vibeke Skofterud var ikkje berre den første nordmann som vann kvinneklassen i Vasaloppet, ho gjorde det også med ei tid som framleis er suveren rekord

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Langrennsløparen frå Slitu gav verkeleg alt – ikkje minst for laget.

Midtpunkt, humørspreiar, den som fekk alle rundt seg til å kjenne seg litt betre. Men også open om problema og nedturane i karrieren. OL-gull, knusande rekord i Vasaloppet, innsatsen i Mesternes mester.

Det og meir til var Vibeke Skofteruds liv.

I dagane etter ulukka som kosta henne livet var det ei hending fleire nemnde som eit godt minne: Den humørfylte, innhaldsrike og gode talen ho heldt på avslutninga for lagvenninne Marit Bjørgen, som la opp etter denne sesongen.

Halve livet på landslaget

Vibeke Skofterud og Kong Harald

KOLLEN-GULL: Her blir Skofterud gratulert av kong Harald etter stafettgullet på heimebane i VM i 2011

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Sjølv la Skofterud opp i 2015, etter 17 år på ulike landslag.

«Det har selvføgelig kostet, til tider litt vel mye. Medaljene har alltid en bakside, men summen av hele opplevelsen er en reise jeg ikke ville vært foruten», skreiv ho i bloggen sin 18. august 2015.

Det var då ho innsåg at karrieren var over, etter nesten halvparten av det som skulle bli hennar 38 år lange liv.

Jenta frå Slitu i Østfold fekk sit internasjonale gjennombrot med si første pallplassering i verdscupen i desember 2001. Då var ho allereie verdsmeister. Saman med rutinerte Guri Knotten og nokså ukjende Marit Bjørgen tok ho det aller første offisielle VM-gullet på rulleski i 2000.

Då Norge i 2005 tok sitt første VM-gull i langrennsstafett for kvinner på 21 år, var det Skofterud som la grunnlaget på opningsetappen. Det gjorde ho også i OL i 2010 og i VM framfor eit ellevilt heimepublikum i Kollen i 2011. Begge gongane blei det gull.

– Kasta bort fem år

I løpet av åra som landslagsløpar hadde ho det ikkje berre bra. Ho gjekk på det ho kallar ein personleg smell, og var borte i fleire år. Dette skreiv ho i eit blogginnlegg:

Jeg har kastet bort minst fem år av livet mitt på å fordømme meg selv. Være for streng. Hate kroppen min og etterhvert slutte å menge meg med andre

Vibeke Skofterud

Men ho kjempa seg tilbake.

Det ønskte ho å gjere noko med – for andre. Ho ville vere open om sitt dårlege sjølvbilete og sine matforstyrringar som ho hadde slite med, og påverke barn og ungdom til å unngå det.

– Eg skreiv mykje på den tida. Og det var først då eg etterpå las det eg hadde skrive, at eg forstod kor sjuk eg eigentleg hadde vore, sa ho seinare.

Likestillingsdebatt etter Mesternes Mester

Skofterud heldt foredrag om å dele sine erfaringar på godt og vondt. Om korleis ei gruppe som er samansett av sterke individualistar, likevel kan bli ein samansveisa vennegjeng og gjere kvarandre endå betre.

– Dominansen vår i langrenn var eit resultat av at vi knekte lagkoden. Vi var individualistar, men det var lagarbeidet som gav suksess, sa ho til Brønnøysunds Avis i fjor.

Skofteruds finaleplass i Mesternes Mester i 2016 starta ein likestillingsdebatt: Favoriserte konkurransane menn fordi dei la mest vekt på kraft?

Skofterud blei slått av Thor Hushovd og Andreas Håtveit, og diskusjonen gjekk friskt.

Men gjennom den serien blei ho også kjend for andre grupper enn dei som følgjer langrenn.

I vinter var ho i Pyeongchang og jobba for Eurosport under OL. Det gjorde ho så godt at dei ville ha henne med vidare, og skulle diskutere hennar rolle etter sommarferien.

Slik skulle det ikkje gå.

vibeke skofterud

OPP- OG NEDTURAR: Vibeke Skofterud var open om både suksessar og motgang i karrieren

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sportsnyheter

Solskjær

Solskjær tar selvkritikk: – Jeg skal ikke finne unnskyldninger

Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær innrømmer etter tapet for Leicester at han gjorde dårlige vurderinger.

Siste nytt

  • Sørloth involvert i viktig seier

    Alexander Sørloth ble byttet inn i det 67. minutt i lørdagens seriekamp mellom Real Sociedad. Da var stillingen 0-0. Men i siste spilleminutt sørget Sørloths lagkamerat Julen Lobete for 1-0 og tre poeng til Sociedad.

    Det skjedde til tross for at baskene spilte hele andre omgang med én spiller mindre. Real Sociedad topper dermed spanske La Liga.

    Sørloth har fortsatt ikke scoret for sin nye klubb etter overgangen fra Leipzig, men innhoppet er likevel et steg framover etter skadefravær.

    FtKtpnOeuVw
    Foto: ANDER GILLENEA / AFP
  • Warholm kåret til årets utøver

    Det europeiske friidrettsforbundet kåret lørdag kveld Karsten Warholm til årets mannlige friidrettsutøver i Europa i 2021. Warholm vant også kåringen i 2020.

    Warholm var stor favoritt etter å ha tatt OL-gull på 400 meter hekk med en eventyrlig verdensrekord på 45,94. Han hadde selv den gamle rekorden på 46,70, som han satte på Bislett 1. juli.

    Sifan Hassan ble kåret til årets kvinnelige utøver i Europa. Hun leverte en historisk bragd i OL da hun tok gull på 10.000 og 5000 meter, samt bronse på 1500 meter.

    Warholm og Hassan er også de største favorittene når årets friidrettsutøver i verdens skal kåres.

    9h
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Chelsea på topp

    Chelsea slo Brentford 1-0 lørdag kveld etter en fin volley fra Ben Chilwell. Chelsea-keeper Edouard Mendy skal imidlertid ha en vesentlig del av æren for at det ble tre poeng for de blå.

    Seieren gjør at Chelsea topper Premier League-tabellen med 19 poeng, ett poeng foran Liverpool og to foran Manchester City.

    snAphesYrp0
    Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal