NRK Meny
Normal

Slik skal suksesstrenaren gjenreise Boasson Hagens karriere

Fredrik Mohn gjør det enkelt - og brutalt - i jobben med å ta Edvald Boasson Hagen tilbake til toppen.

Edvald Boasson Hagen

GLANSDAGANE: Edvald Boasson Hagen har gått tilbake til sitt gamle treningsopplegg. Håpet er at han kan vinne etappar i Tour de France-etappar, som han gjorde i 2011 (biletet).

Foto: Peter Dejong / Ap

– Det siste året Edvald gjennomførte den grunntreningsperioden som eg stod for blei han nummer to i VM (2012) bak Philippe Gilbert, seier sykkeltrenar Fredrik Mohn, som i fjor haust blei gjenforent med Boasson Hagen.

Dei siste åra har vore ein nedtur for 28-åringen.

Eitt av problema har vore for mange involverte, meiner Mohn, som overlot ansvaret for Boasson Hagens trening til Sky hausten 2012.

– Han har sykla for ulike lag med forskjellige filosofiar, fysioterapeutar og legar. Alle dei har forskjellige meiningar.

Les også: Håper på Edvald-seier

Styrka samarbeid

Det siste halvåret har Mohn og Olympiatoppens trenarar fått ansvaret for Qhubeka-ryttaren sitt program.

– Det kan ikkje vere sånn at vi skal svinge frå det eine opplegget til det andre etter kva lag Edvald køyrer på. Vi må ha eit støtteapparat som veit kva han held på med og som er villige til å følge han opp. Derfor har vi styrka samarbeidet med Olympiatoppen, seier Mohn.

Nekta Boasson å trene i Spania

Ei markant auke i styrke- og spurttreninga har vore fokus sidan Mohn blei gjenforent med 28-åringen frå Rudsbygd.

I tillegg har Boasson Hagen blitt fråråda å søke til utanlandet for å sykle. Under tida i britiske Team Sky var han ofte på samling i Sør-Europa, fortel Mohn.

– Då eg byrja å trene Edvald igjen sa han: «Eg har moglegheit til å reise til Spania og sykle,» seier Mohn.

– Då sa eg: «Nei, Edvald, no skal du bli heime og sykle. Det var det du gjorde då du var yngre. Du skal ut og sykle i all slags vær. Det blir du sterk av».

– Når du trivst godt heime er det ei belastning å vere ute heile tida, meiner Mohn.

Gjør som Kristoff

Slik skal 28-åringen, som stiller til start i Tour of Norway onsdag, finne «killer-instinktet» igjen.

– Han skal vere ute og herdast i norsk klima. Vi veit jo kor tøft det kan vere å sykle Milano-Sanremo og Paris-Roubaix i stygt vær. Du må vere knallhard mentalt.

– Om du unngår å trene i dårleg vær og bare syklar i sol blir du ikkje like tøff, så det er jo ein tanke bak at han skal trene seg opp til å tåle dårleg vær. Det er jo det Kristoff gjør også, seier Mohn.

– Det er godt å jobbe med Fredrik Mohn igjen. Det er viktig å ha ein trenar som alltid følger opp, så får vi sjå om eg kan finne tilbake til gammal form, seier Boasson Hagen.

Les også: Kristoff avskriver alle sammenlagtsjanser

Siste nytt

  • Hauger mester i Tyskland

    Motorsport-talentet Dennis Hauger (14) vant søndag det tyske mesterskapet i gokart. Han er den yngste vinneren gjennom tidene i mesterskapet som er går for å være det tøffeste og største i verden med fører fra et 20-talls nasjoner. Hauger er nå ferdig med gokart og tar steget opp til formelbil neste år.

    Dennis Hauger
    Foto: CRG
  • Rooney-scoring i nytt Everton-tap

    Wayne Rooney scoret søndag karrierens 12. Premier League-mål mot Arsenal, men Everton ble likevel sendt under nedrykksstreken med 2-5-tap på Goodison Park. Arsenal er på sin side oppe på 16 poeng, ni poeng bak serieleder Manchester City.

    Wayne Rooney
    Foto: Oli Scarff / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Brann - Rosenborg