Landslagssjef Alexander Stöckl bankar på døra til landslagshopparane.
– Stå opp og kom ut. No skal vi ha ei økt med fem hopp i bakken, seier Stöckl til NRK, som er med på den nattlege stresstesten.
Tidlegare denne veka måtte han og resten av landslaget stå opp midt på natta for å trene i same bakke.
– Vi skal stresse gutane litt for å finne ut korleis dei reagerer, seier landslagssjefen i det han bankar på. Hardt og fast. Her skal det vekkast.
– God morgon. Opp! er kommandoen.
– Yess sir, kjem det frå senga.
– Dei må lære å tole stress
Stökl grunngjev den nattlege øvinga med at det stadig vekk oppstår stressituasjonar i hoppsporten.
– Vi veit jo at det stadig vekk blir forseinkingar på grunn av vêret, avlysingar etter første omgang, og alt det der. Det må hopparane lære seg å handtere på best mogeleg måte.
– Eg håpar dette skal gje dei ei betre kjensle av å tole stress gjennom sesongen, seier Stöckl.
I løpet av minutt er hopparane i minibussen og på veg til hoppbakken.
Då er stresset over. For når dei er komne ut av senga og bilen, er dei på heimebane: I bakken.
– No er alt ved det vante. No sit vi her, og då veit vi kva som gjeld – uavhengig av kva klokka er, seier Anders Bardal i det han set utfor til sitt første hopp denne natta.
Stress skjerpar konsentrasjonen
Alexander Stöckl er nøgd.
– Det var morosamt å sjå at når gutane blir stressa, er konsentrasjonen endå betre. Det var litt overraskande.
– Eg trur vi skal ha slike litt spesiell økter oftare i framtida, seier landslagssjefen.