NRK Meny
Normal

Slik skal Boasson Hagen unngå reprise av fjorårets VM-blunder

DOHA (NRK): Edvald Boasson Hagen og Alexander Kristoff endrar VM-planen etter fjorårets taktikk-nedtur.

Kristoff og Boasson HAgen

VM-DUO: Edvald Boasson Hagen og Alexander Kristoff. Her under VM i Richmond i 2015.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Eitt år etter at Boasson Hagen hamna i skvis mellom ei hjelperyttar- og medaljekandidat-rolle i VM spør alle seg nå:

«Kva gjør du i år om du kjem i nøyaktig samme situasjon som i fjorårets VM, Edvald Boasson Hagen?»

I Richmond i fjor var Boasson Hagen lenge i best posisjon av dei norske, men då belgiske van Avermaet ønska drahjelp i tomannsbrudd, venta rudsbygdingen på kaptein Kristoff, som kom bakfrå.

Kristoff spurta inn til fjerdeplass, men etterpå var Boasson Hagen irritert fordi han aldri hadde sjansen til å stikke for å kjempe om medalje sjølv.

– Sånn er det når du har ein kaptein, sa Hagen.

I år er Kristoff igjen kaptein, men avtalen er ein annan etter at Boasson Hagen og Kristoff hadde eit møte på tomannshand torsdag.

– Vi er på bølgelengde, seier Kristoff.

– Kva er planen?

– Edvald kjem ikkje til å vere hundre prosent låst til meg, men dersom det ser ut til å bli samla felt på slutten køyrer vi for ein samla spurt med meg, seier Katusha-stjerna.

– Vi køyrte gjennom løypa i ørkenen i går, og det er fort gjort at det ikkje blir så stort felt inn mot mål. Jo mindre feltet er, jo vanskelegare er det å halde eit kontrollert løp. Då opnar det seg meir opp for Edvald, seier Kristoff.

Vil ikkje gjøre det samme igjen

Løypa i Doha er 257 kilometer lang. Dei første hundre kilometerane vil foregå i opent landskap med masse vind, før ryttarane kjem inn på den kunstige øya «The Pearl» med mange rundkøyringar, som gjør løypa teknisk krevjande.

Her er det Kristoff er avhengig av å få drahjelp av Boasson Hagen, som både kan hindre angrep og fungere som vindfang for Kristoff, som må spare krefter til ein potensiell massespurt.

Men kjem Boasson Hagen i samme situasjon som i fjor, er han ikkje i tvil om kva han skal gjøre.

– Eg hadde dratt for å prøve å kjempe meir om sigeren. Eg hjalp verken Alexander eller var med i kampen om medalje i fjor, seier Boasson Hagen.

Kristoff spår massespurt

Men Kristoff trur mest på eit heilt anna scenario enn i fjorårets VM.

– Vi satsar på at Edvald køyrer for siger om han er foran i år. Men med ei sånn type løype blir det nok ein massespurt, legg Kristoff til.

Alexander Kristoff

TRUR PÅ MASSESPURT: Norges kaptein, Alexander Kristoff.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Siste nytt

  • Canada slått av Tyskland

    Canadas hockeylag nådde ikke finalen i OL etter et sensasjonelt nederlag for Tyskland i semifinalen fredag. Tyskland vant 4-3 og møter OUR i finalen søndag. Bronsekampen mellom Canada og Tsjekkia spilles lørdag.

    Tyskland hockey
    Foto: Jung Yeon-je / AFP
  • Kristoff nummer åtte etter velt

    Alexander Kristoff fikk en tung fredag i Abu Dhabi Tour. Syklisten endte på åttendeplass på den 3. etappen av rittet etter at han endte i asfalten 45 kilometer før målgang. Tyske Phil Bauhaus knep seieren. Kristoffer Halvorsen ble nummer 13, mens Sven Erik Bystrøm trillet inn som nummer 38.

    Alexander Kristoff
    Foto: Giuseppe Cacace / AFP
  • OUR klare for hockeyfinale

    De russiske hockeyherrene er klar for OL-finalen etter 3-0-seier over Tsjekkia i semifinalen. Nikita Gusev, Vladislav Gavrikov og Ilja Kovaltsjuk scoret målene for OUR.

    I finalen venter Canada eller Tyskland.

    Pyeongchang 2018 Winter Olympics
    Foto: Grigory Dukor / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL-magasin