Ein månad før VM har Edvald Boasson Hagen i gang med å gjenskape gloheite forhold i Doha.
I eit varmerom på Olympiatoppen skrus temperaturen opp til 35 grader medan 29-åringen trår på sykkelen.
I Qatar skal han konkurrere i langt høgare temperaturar, truleg som hjelperyttar for Alexander Kristoff.
I jakt på VM-gullet er det viktig å takle steikande sol i fleire timar.
– Det blir ekstremt varmt, og det kan gjøre deg kraftlaus. Då blir det tungt. Det er ikkje så ekstremt vondt, men det går bare ikkje fort nok på sykkelen, seier Boasson Hagen.
– Taklar varmen dårlegare enn spanjolane
Målet aklimatiseringa er å få opp kjernetemperaturen i kroppen.
– Det er viktig for oss frå nord å omstille oss til ekstrem varme. Vi er fødde i eit anna klima enn det vi skal til. Eg vil tru at spanjolane har lettare for å takle den varmen vi skal til, seier landslagstrenar Kristiansen.
Varmen kom som eit sjokk på Boasson Hagen under OL i Rio. 29-åringen måtte bryte landeveisrittet og sleit også på tempoen.
Temperaturar rundt 35 grader fikk skylda for nedturen.
– Eg har også opplevd det i nokre etappar under Tour de France.
Første økt gjekk dårleg
Under økta kan Boasson Hagen til ei kvar tid følge med på temperaturen i kroppen. I forkant har han nemleg svelgt ein kapsel, som sender ut signal til ein app på mobilen.
29-åringen testar varmerommet for andre gang. Testen startar etter tre timar utandørs på sykkelsetet. Første gang gjekk det dårleg, fortel rudsbygdingen.
No skal han prøve mindre intensitet på den 45 minutt lange økta for å sjekke om det gir bedre utslag.
– Det skal ha ein effekt. Om du er mykje i varmen blir du bedre vand med varmen, seier Boasson Hagen.
– Det er viktig for oss å føre bu oss best mogleg. Det er tross alt snakk om VM, seier landslagstrenar Kristiansen.
LANDSLAGSTRENAR: Stig Kristiansen.
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix