Slik såg dei ut etter «helvete i nord»

Ansikt dekka i gjørme og stygge blemmer. Paris-Roubaix vert ikkje kalla «helvete i nord» utan grunn.

Etter Paris-Roubaix

TØFFE TAK: 254 kilometer kilometer med over fem mil brustein sett sitt preg på syklistane. Desse bilda er henta frå ryttarane sine private Instagram og Twitter-profilar.

Foto: Privat, Instagram

– Det var heilt i kjellaren der. Heilt tomt, sa Edvald Boasson Hagen til NRK etter gårsdagens femteplass i sykkelklassikaren.

Boasson Hagen var ein del av tetgruppa på fem mann som skulle gjere opp om sigeren mot slutten av rittet, men eit par kilometer før mål sette Mathew Hayman inn eit rykk som rudsbygdingen ikkje klarte å svare på.

Laster Twitter-innhold

Men han var ikkje den einaste som fekk ein tøff ferd over 250 kilometer i nord-Frankrike. Rittet er kjend som det tøffaste av alle klassikarane og hadde om lag 200 ryttarar på start – av dei vart det berre rett over halvparten som kom seg i mål på velodromen i Roubaix.

Ein av dei som kom seg i mål var Alexander Kristoff, men ein punktering på eit dårleg tidspunkt øydela sjansane for å kjempa i toppen. Slik såg han ut før start og etter målgang.

Boasson Hagens lagkamerat, Mark Cavendish, fullførte for første gong løpet.

Han var ein av fleire ryttarar som la ut bilde på sosiale medium etter rittet.

View this post on Instagram

Befor and after #pariroubaix

A post shared by Gianni Moscon (@giannimoscon) on

– Når du vaknar tidleg og ikkje får sove fordi det gjer vondt i heile kroppen. Dagen etter Paris-Roubaix. Eg elskar jobben min..., melder den tyske spurtaren, André Greipel, på Twitter dagen etter.

Laster Twitter-innhold

Og dette er berre nokon av ryttarane som kom seg til mål. Fleire kom seg aldri så langt, etter stygge velt undervegs.

Siste nytt

  • Fjerde strake for Shiffrin

    Mikaela Shiffrin vant kvinnenes slalåmrenn i Åre, og tok med det sitt fjerde strake VM-gull i disiplinen. Amerikaneren lå som nummer tre etter den første omgangen, men kjørte en forrykende finaleomgang, og klatret opp på det øverste trinnet av pallen. Hjemmehåpet Anna Swenn-Larsson tok sølvmedaljen, og Petra Vlhová tok bronsen.

    ALPINE-WORLD/
    Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters
  • Ashley Cole-scoring var ikke nok

    Ashley Cole (38) har en spinnvill statistikk i FA-cupen. I sin karriere har han vunnet turneringen sju ganger. Det var det Derby håpet å utnytte da de hentet veteranen, og mot Brighton leverte han også scoring. Det var dog ikke nok. Brighton vant 2-1.

    FA Cup Fifth Round - Brighton & Hove Albion v Derby County
    Foto: Andrew Couldridge / Reuters
  • Lundby sikra seg ny siger

    Maren Lundby held fram sigersekka og sikra seg den åttande sigeren i tyske Oberstdorf. Katharina Althaus hoppa lengst i fianleomgangen, men fekk trekk for vindforholda. – Det var utruleg atmosfære her og ein ny flott dag, oppsumerar Lundby. Silje Opseth tok ein 7.-plass, medan Anna Odine Strøm kom på tiande.

    Maren Lundby
    Foto: Jure Makovec / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal