Hopp til innhold

Slik kan neste års landslag sjå ut

Kven blir vraka og kven blir dei nye ansikta på smøretraileren? NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn, meiner fire løparar er heilt bankers når neste års landslag blir teken ut neste veke.

Kan bli nye ansikt på landslaget

FIRE NYE: Niklas Dyrhaug, Kari Vikhagen Gjeitnes, Hans Christer Holund og Ragnhild Haga er dei fire som bankar hardast på landslagsdøra, meiner langrennsekspert, Torgeir Bjørn.

Foto: Scanpix

Laurdag set store delar av landslaget det endelege punktumet for vintersesongen 2014/2015, når namn som Petter Northug, Chris Jespersen, Marit Bjørgen og Therese Johaug skal kjempe om sigeren i 36 kilometer lange Skarverennet.

Det blir også siste helg med gjengen for denne versjonen av landslaget.

Måndag offentleggjer skiforbundet neste års landslagsløparar, og der meiner NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn, det er fire klare kandidatar som bør inn på laget.

– Høyrer til grunnstamma i laget

Torgeir Bjørn

INGEN BOMBER: NRKs langrennsekspert trur ikkje det vil kome store overraskingar på det nye landslaget. Men at det blir utskiftingar på eit allround-lag der ikkje alle har prestert på sitt beste, er han sikker på.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

– På herresida så vil jo sjølvsagt Niklas Dyrhaug bli tilbode plass. Han har hatt ein strålande sesong og tilhøyrar no grunnstamma i det norske laget, seier Torgeir Bjørn.

Bjørn trur også at Hans Christer Holund vil få sjansen.

– Holund har hatt eit gjennombrot denne sesongen. Me såg seinast i Holmenkollen at han kan blande seg inn i verdstoppen. Han har vore fysisk sterk lenge, men har tatt enda eit steg vidare denne vinteren og har også blitt teknisk betre, meiner Bjørn om Lyn-løparen.

Holund var heilt oppe på ein sjetteplass på femmila i Kollen og sat karrierebeste i verdscupen i Östersund rett før VM, med ein fjerdeplass på 15 kilometer fri.

Men skal nokon inn på laget, er det rett og rimeleg at også nokon må ut.

For landslagssjef Vidar Løfshus bekreftar til NRK at det skal mykje til at talet på landslagsløparar ikkje vil vere det same i år som i fjor. 25 løparar totalt på dei tre laga, åtte løparar på allround for menn, seks herresprintarar og elleve allroundkvinner.

På herresida trur Torgeir Bjørn trur det er plassane til to erfarne løparar som begge også blei vraka til Falun-VM, som heng i ein tynn tråd.

– Simen Østensen klarte dessverre ikkje å fylgje opp sesongen frå i fjor og forsvann heilt etter Tour de Ski i vinter. Han er nok den som ligg dårlegast an. Det blir også spennande å sjå om Eldar Rønning får fortsette, seier han.

Trenar Nystad signaliserte tidlegare i vinter at han ville ha Rønning med vidare, men han har også ein familiesituasjon som kanskje gjer at han ikkje vil reise så mykje og det gjer det lettare for han å halde fram på eit privatlag.

Blir vraka

INN OG RETT UT IGJEN: Simen Østensen kom tilbake på landslaget før denne sesongen etter ein sterk sesong i fjor. Denne vinteren må me heilt tilbake til Kuusamo for å finne hans beste og einaste topplassering. 8.-plassen på 15 kilometer klassisk i Kuusamo.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ein slik situasjon er også Chris Jespersen i, men han har til gjengjeld sterkare resultat denne sesongen som kvalifiserer han til fornya plass.

Derfor meiner Bjørn at Jespersen ligg i bunken med sikre landslagskort saman med Martin Johnsrud Sundby, Didrik Tønseth, Sjur Røthe og Niklas Dyrhaug.

I tillegg vil Simen Andreas Sveen og Pål Golberg etter all sannsyn få fornya sine landslagskontraktar etter sine fyrste sesongar på allroundlaget.

Kan kome til å takke nei

Men det store spørsmålsteiknet ved dei tre Trondheims-baserte treningskompisane Jespersen, Dyrhaug og Rønning er om dei vil takke ja til dei eventuelle landslagsplassane dei eventuelt blir tilbode.

Både Dyrhaug (Team United Bakeries-løpar i år) og Jespersen (tidlegare Team United Bakeries-løpar) har spekulert i media om å takke nei til landslaget og fortsette satsinga på privatlaget.

– Det store spørsmålet er kva skiforbundet gjer viss ein eller fleire av desse takkar nei. Viss dei for eksempel gjev Niklas Dyrhaug lov til å takke nei og gå for det private laget, så er jo det noko som skapar presedens for andre løparar på laget. Ein kan ikkje nekte nokon, medan andre får lov, seier Bjørn og tenkjer på ein viss VM-konge frå Mosvika som sjølvsagt er overkvalifisert for laget, men kanskje likevel ikkje blir teken ut.

Dyrhaug kan takke nei

BANKERS PÅ LAGET: Niklas Dyrhaug er ein soleklar kandidat for å gjere comeback på landslaget, etter eitt års pause. Spørsmålet er berre om han vil sjølv.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Landslagssjef Vidar Løfshus vil halde dei fleste korta tett til brystet ennå ei veke til. Men at dei fire nemnde er gode kandidatar kan han langt på veg bekrefte.

– Eg kan nok si såpass at me ynskjer at Niklas Dyrhaug skal få ei sentral rolle på laget. Dei andre du nemner er også sterke kandidatar. Men me treng framleis dei neste dagane for å få kabalen klar, seier Løfshus.

Hn fortel at uttaket blir presentert måndag og ikkje vil bli presentert i forkant av Skarverennet som tidlegare nemnt.

Er det Østensen, Rønning og Jespersen som er i størst fare for å bli vraka?

– At alle dei tre mistar plassen trur eg ikkje. Men at ein eller to av dei kanskje ryk ut kan nok vere mogleg, fortel landslagssjefen.

To klare kandidatar

På kvinnesida er biletet kanskje endå klarare. Med ein fjerde- og femteplass samanlagt i høvesvis Tour de Ski og verdscupen, meiner Bjørn at rekruttlagets Ragnhild Haga er eit soleklart val.

Nye ansikt på smøretraileren

NYE ANSIKT: Nokon forsvinn medan iallfall fire nye kan forvente å sjå seg sjølv rullande rundt på den gigantiske smøretrailaren, neste vinter.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Haga har etablert seg som eit av dei sikre korta blant damene denne vinteren og vil sjølvsagt få plass på elitelaget. Ho var litt uheldig under VM da ho kom inn på laget den dagen me ikkje trefte på smørjinga, men elles har ho levert sterke resultat heile sesongen, seier Torgeir Bjørn.

Han har også stor tru på Kari Vikhagen Gjeitnes.

– Ho har absolutt fortent ein sjanse på landslaget etter ein sterk sprintsesong, seier Bjørn om 30-åringen som gjekk heilt til finalen i sin VM-debut.

På kvinnelaget blei det ein ledig plass alt før sesongen tok slutt, ved at Celine Brun-Lie kom med beskjeden at ho legg opp som skiløpar. I tillegg har heller ikkje Kristin Størmer Steira bestemt seg om ho har gått sitt siste skirenn internasjonalt.

Dermed kan to plassar vere ledige for Haga og Gjeitnes, utan at nokre av kvinnene blir vraka frå elitelaget. Men viss Steira skulle la sjå seg freiste til å fortsette av den nye touren som avsluttar neste sesong i heimlandet til hennar komande ektemann, Devon Kershaw, er NRK-kommentatoren klar på kven som blir vraka.

– Steira vil få behalde plassen viss ho vel å ta eit år til. Då er det nok Marthe Kristoffersen som har hatt eit par tøffe sesongar som vil vere den tolvte på laget og den fyrste som ikkje kjem med.

Vidar Løfshus fortel at han har vore i samtalar med Kristoffersen som har fått vite at ho er i faresona for å miste landslagsplassen.

Marthe Kristoffersens sju landslagsår kan vere forbi

KAN MISTE PLASSEN: I sju år har Marthe Kristoffersen vore fast inventar på landslaget. No kan det vere slutt for denne gong for 25-åringen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Ingenting er avklart ennå, men Marthe er innforstått med at det kan bli endringar for ho. Om det er elitelaget eller eventuelt rekruttlaget som er best for ho framover er ennå ikkje avklart, fortel han.

Sprintlaget kan bestå

Men det er eitt lag som kan kome til å bestå som i dag, skal me tru spådommane frå Torgeir Bjørn og signala frå landslagssjefen sjølv.

– Dei seks løparane på sprintlaget har alle levert sterke sesongar og det er ingen som har gått seg ut. Einaste spørsmålet her er om Timo André Bakken kan melde seg på, men då må i så fall sprintlaget aukast med ein mann viss ikkje Anders Gløersen vel å melde overgang til allroundlaget.

Men det kan Løfshus langt på veg avkrefte.

– Det er framleis ein del ballar som heng i lufta, men at det blir store endringar på sprintlaget ser det ikkje ut som. Både Anders Gløersen og Finn Hågen Krogh er godt fornøgd med den treningsgruppa dei har no, stadfestar han.

Slik trur Torgeir Bjørn dei tre ulike landslaga vil sjå ut neste år:

Menn allround:

  • Martin Johnsrud Sundby
  • Sjur Røthe
  • Niklas Dyrhaug (NY)
  • Chris Jespersen
  • Sjur Røthe
  • Didrik Tønseth
  • Simen Andreas Sveen
  • Hans Christer Holund (NY)

* På vippen: Eldar Rønning

Kvinner allround:

  • Marit Bjørgen
  • Therese Johaug
  • Ingvild Flugstad Østberg
  • Astrid Uhrenholdt Jacobsen
  • Heidi Weng
  • Maiken Caspersen Falla
  • Martine Ek Hagen
  • Kathrine Harsem
  • Ragnhild Haga (NY)
  • Kari Vikhagen Gjeitnes (NY)
  • Marthe Kristoffersen/Kristin Størmer Steira (avheng om Steira legg opp eller ikkje)

Sprint menn:

  • Eirik Brandsdal
  • Ola Vigen Hattestad
  • Tomas Northug
  • Finn Hågen Krogh
  • Sondre Turvoll Fossli
  • Anders Gløersen

* På vippen: Timo André Bakken

Måndag føremiddag skal Løfshus og co. ha puslespelet klart og prøve å gje svar på spørsmåla som framleis heng tungt over dei i skiforbundets lokale på Ullevaal.

Siste nytt

  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP
  • Mirakelet uteble for Liverpool – slått ut av Europa

    Liverpool trengte et mirakel, men det ble bare 1-0-seier borte mot Atalanta. Den italienske klubben er klare for semifinale, mens Jürgen Klopps europaeventyr med Liverpool endte i Europaligaens kvartfinale.

    Etter 0-3-tapet hjemme på Anfield forrige uke, var det et fryktelig utgangspunkt Liverpool reiste til Bergamo med.

    Der fikk de akkurat den starten de trengte, da Trent Alexander-Arnold skaffet straffe etter fem minutter. Mohamed Salah var sikker og scoret kveldens første.

    Liverpool hadde fortsatt godt over 80 minutter til på å hente opp ledelsen til Atalanta, men tiden gikk og de store sjansene uteble.

    Flere mål ble det ikke, og Atalanta vant dermed 3-1 sammenlagt.

    For Liverpool-manager Jürgen Klopp ble det dermed en tung avslutning i Europa.

    I januar fortalte Jürgen Klopp at han gir seg som Liverpool-manager etter sesongen, og finalen i Europaligaen i Dublin 22. mai kunne blitt et perfekt punktum for Klopps karriere i Merseyside-klubben.

    Slik gikk det ikke, og dermed er det de seks siste serierundene i Premier League-gulljakten som gjenstår av Klopps Liverpool-karriere.

    Salah

Sendeplan

Kl. Program Kanal