Hopp til innhold

Slik kan dei strenge OL-krava øydelegge formen

Dei særnorske OL-krava kan føre til at utøvarane ikkje får prestere på sitt beste i leikane, meiner tidlegare norske idrettsheltar.

Ezinne Okparaebo, Isabelle Pedersen, Henrik Ingebrigtsen

KAN MISTE OL: Korkje Ezinne Okparaebo, Isabelle Pedersen eller Henrik Ingebrigtsen er sikra å bli teken ut i OL-troppen

Foto: NTB/Scanpix

– Det er ikkje ideelt. Det kan absolutt ha ein negativ effekt.

Det seier tidlegare høgdehoppar Steinar Hoen om OL-krava dei norske utøvarane har hatt hengande over seg heile sesongen.

Det er allereie debattert at dei særnorske krava vert oppfatta som altfor strenge av fleire, men det er ikkje berre dette som gjer Hoen betenkt.

Han meinar også at krava rett og slett kan gjere det betydelig vanskeligare for dei norske utøvarane å vere i toppform under OL. Det er Olympiatoppen ueinig i.

– Me må lage ein kultur for prestering, ikkje kvalifisering, svarar toppidrettssjefen i Olympiatoppen, Tore Øvrebø.

Strenge krav

Sjølv om dei norske utøvarane har klart det internasjonale OL-kravet, sett av det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF, er det ikkje sikkert dei blir tekne ut til OL.

Det er fordi Norge stiller strengare krav til sine utøvarar, og at dei må ta kravet i samme sesong.

For nokre utøvarar betyr det at dei må kjempe seg i form fleire gonger i løpet av ein sesong for i det heile tatt å kome seg til Rio.

– Høge krav er heilt normalt i idretten, og mange nasjonar har høgare krav enn vi, seier Tore Øvrebø i Olympiatoppen.

Men Øvrebø meiner dette ikkje vil vere med på å svekke prestasjonane under leikane.

– Nei, det trur eg blir marginalt for dei øvingsgruppene som vi snakkar om her, seier han.

Hekkeløparen Isabelle Pedersen greidde det internasjonale kravet i fjor, og kunne fått klarsingal til OL allereie då. Ho har måtte kjempe heile sesongen for å klare det norske kravet, i stadan for å konsentrere seg om å toppe formen til leikane.

Isabelle Pedersen

IKKJE KLART KRAVET: Sjølv om Isabelle Pedersen her spring inn til 9. plass i VM i fjor, og har klart det internasjonale kravet, er det ikkje sikkert at ho får vere med til OL.

Foto: Jessica Gow/TT, Gow, Jessica / NTB scanpix

Men det kravet har ho ikkje klart, og må vente i spenning om det blir gjort eit unntak for ho.

Skadeleg for OL-formen

Viss ho får delta i OL, har ho allereie måtte ha toppa formen for å klare det særnorske kravet. Det meiner tidlegare langdistanseløpar Ingrid Kristiansen er skadeleg for OL-formen.

– Ein kan ikkje vere i form i heile sesongen som friidrettsutøvar, det går ikkje. Ein kan ha sesong frå januar til desember, men kan ikkje ha formtopp meir enn eit par gonger, seier tidlegare langdistanseløpar Ingrid Kristiansen.

Hoen fortel at det i prinsippet ikkje er noko ulempe å konkurrere mykje, so lenge ein gjer det rett.

Hoen

KONKURRERTE MYKJE: Steinar Hoen fortel at det ikkje er ein utfordring å konkurrere mykje, so lenge ein ikkje slepp opp på treninga.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– I den sesongen eg var best, brukte eg konkurransane som trening. Eg trente tungt både dagen før og dagen etter. Då låg eg i ein jamn form, utan å miste treningsgrunnlaget.

Men Hoen presierer at det er forskjell på å vere i god form, og å toppe formen.

Utlading

Det er fleire måtar å utløyse ein formtopp på. Enkelt forklart kan ein seie at for å spisse formen inn mot ein meisterskap, må ein legge ned mykje trening i god tid før konkurransen, for å sleppe opp på treninga når det nærmar seg.

Dette kan ein i prinsippet gjere mange gonger i løpet av ein sesong, eller eit år, men til fleire gonger ein gjer det, til lågare blir formtoppane, då ein mistar verdifull trening.

Skal ein prestere opp mot maksimalt i kvar konkurranse ein deltek i for å klare å nå kravet som ein må ta for å komme til OL, byrjar det å tære på treninga.

Og det er ikkje berre det fysiske det går utover.

– Jaktar ein OL-kravet, kan ein fort bli utlada. Då blir målet å komme seg til OL, og ikkje å prestere der, forklarar Hoen.

Håpar krava forsvinn

Alle dei norske utøvarane må altså klare det særnorske OL-kravet, som er strengare enn det internasjonale. Det er fleire som har nådd opp til det internasjonale, men som ikkje har klart det norske.

Korkje Henrik Ingebrigtsen, Ezinne Okparaebo, Isabelle Pedersen eller Hedda Hynne har klart det særnorske kravet, og skal med det i teorien ikkje bli teken ut av Olympiatoppen.

– Eg skulle ønske at me ikkje hadde dei krava. Dei internasjonale krava er jo gode nok, seier Ezinne Okparaebo.

Den norske sprintdronninga håpar at krava forsvinn, slik at utøvarane kan konsentrere seg om å prestere når det gjeld.

– Eg håpar og trur dei kjem til å fjerne krava. Då kan ein legge opp sesongen annleis, seier Okaparebo.

Øydelegg treningsopplegget

Ingrid Kristiansen

TIDLEGARE TOPPLØPAR: Ingrid Kristiansen meiner det er vanskeleg å toppe formen til OL når utøvarane må jakte dei strenge OL-krava

Foto: NTB scanpix / NTB scanpix

Okparaebo får støtte frå tidlegare langdistanseløpar Ingrid Kristiansen. Ho meiner at jakta på å nå dei særnorske krava gjer treningsarbeidet vanskelegare.

– Sjølvsagt er det ei ulempe. Det forstyrrar opplegget deira, når dei ikkje får vite før no om dei er innanfor eller ikkje.

Hoen trur ikkje det er rett veg å gå å fjerne krava, sjølv om det kan føre til svakare formtopp i OL. Han meiner at det må til for å sikre at dei som er med i leikane kan kjempe om ein topp 12-plassering.

– Har du noko å gjere i OL, so skal ein klare dei krava som er sett. Ikkje alle dei internasjonale krava er på eit nivå der ein kan nå topp 12, og då synest eg det er riktig å ha strengare krav der.

Likevel meiner Hoen at det bør gjerast nokre unntak basert på skjønn.

– For dei utøvarane som har sitt gjennombrot no, og er «up and coming», bør ein gjere unntak, og gje dei sjansen.

Vil ikkje ha med listefyll

Det lovar toppidrettsjef i Olympiatoppen, Tore Øvrebø, å gjere.

Øvrebø

VIL HA MED DEI BESTE: Tore Øvrebø vil ikkje ha med listefyll til OL i Rio.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Dei som fortenar å vere i OL, skal absolutt komme dit. Skjønn er alltid ein del av uttaket.

Han vil ha høg kvalitet i troppen som skal til Rio. Difor meiner han det er riktig å ha dei særnorske krava.

– Me skal sørge for å ha ein tropp med høg kvalitet, slik at ingen kjem til OL utan å ha noko der å gjere, og få ein nedtur der.

Han meiner også at det tvert i mot får utøvarane til å prestere betre gjennom sesongen.

– Det er ein måte å få dei til å løfte blikket på, slik at dei er i stand til å prestere.

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal