1. Ronaldos sure tweet
Islands opningskamp var mot Portugal. Storfavoritten tok leiinga, men Island utlikna. Og same kor mykje Portugal og Cristiano Ronaldo skaut og skaut, blei det ikkje mål. Det enda 1-1, Island tok eit uventa poeng – og Ronaldo var sur lenge etter kampslutt. Dei har ein «small» mentality, twitra han.
2. – Vi spela ikkje så smart
Etter poeng mot Portugal steik Islands sjølvkjensle. Så sterkt at 1-1 mot Ungarn var ein nedtur. Eit sjølvmål tre minutt før slutt hindra islands siger. – Vi spela ikkje så smart i dag, sa landslagssjef Lars Lagerbäck.
3. Audmjukinga av England
England jubla for Island som motstandar i åttedelsfinalen, og fekk perfekt start med straffe og 1-0 tidleg. Og så kom vesle Island og snudde til 2-1. England måtte heim i skam og til tidenes slakt, og landslagssjef Roy Hodgson gjekk av allereie på pressekonferansen rett etter kampen. – Dette blir sjukare og sjukare, sa NRK-ekspert Tom Nordlie.
4. Kommentator Gummi Bens engasjement
Han heiter eigentleg Gundmundur Benediktsson og er tv-kommentator i EM. Engasjementet hans gjorde han til verdskjendis, og utbrota ved islandske scoringar blei delt i millionar verda rundt. – Men eg hatar å sjå meg sjølv på tv, sa han i eit rolegare intervju på tv.
5. Sigersmålet mot Austerrike
Austerrike hadde utlikna mot Island og pressa enormt for sigersmålet dei trong for å ikkje bli slått ut. Heile Island var omtrent inne i målburet. Så – på overtid – førte ei klarering til kontring, og Island scora sigersmålet med siste spark på ballen og vann 2-1. Austerrike var ute, vesle Island klar for åttedelsfinale. Og Gummi Ben gjekk i fistel.
6. Island stod stille under EM
67 prosent av foket på Island såg opningskampen mot Portugal, og seinare var dei endå fleire. Ut frå folketalet tilsvarer det tre millionar nordmenn. Trafikken i Reykjavik vart halvert når Island spela, og i pausen auka vassbruket kraftig. Då skulle alle på toalettet.
7. EMs kulaste lag
Mot proffar med løn i øvre stjerneklasse stilte Island med ein filmregissør i mål og ein tannlege på lagleiarbenken. Og eit lag heilt utan stjerner og nykkar. At eit land med 330.000 innbyggjarar hevdar seg i eit EM var så usannsynleg at alle forelska seg i laget – EMs kulaste.
8. Og så var det slutt
Kvartfinalen mot Frankrike vart Islands endelikt i EM, i meisterskapets målrikaste kamp med 5-2. Men dei deppar neppe over det. Overmakta vart for stor, likevel gav dei ikkje opp og klarte å vinne andre omgang 2-1. Etterpå sprang både spelarane og alle på lagleiarbenken til Islandsk fantastiske publikum og takka fansen for enorm støtte gjennom heile meisterskapet. Rundt 30.000 menneske – nesten ti prosent av folket på Island – var i Frankrike under deler av meisterskapet.