– Eg veit jo at dei heiar på meg, både gutane og jentene. Men likevel, at dei overraskar meg på denne måten, og samtidig presterar som dei gjer. Det blir grining av det, skriv Romøren til NRK i ein SMS, før han spøkefullt legg til:
– Pokker ta dem.
Sommaren 2019 fekk den tidlegare skihopparen påvist kreft i hofta. 38-åringen går gjennom ei tøff behandling, og i lørdagens konkurranse bestemte det norske hopplandslaget seg for å vise si støtte.
Bjørn Einar Romøren fekk påvist kreft tidlegare i år, og får no cellegiftbehandlingar.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix– Me ønsker å vise at me vil stå saman med han i hans livs tøffaste kamp, seier hoppsjef Clas Brede Bråthen til NRK.
Perspektiv
Derfor fekk dei sydd inn eit spesiallaga merke på hoppdressane til konkurransen i Innsbruck. På høgrearmen til dei norske hopparane sto det «Stay strong Bjørn».
– Han går gjennom sin liv kamp, så me prøver å støtte opp om han, seier Johann André Forfang.
Romøren la sjølv ut dette biletet på nyåret frå sjukehuset.
Bråthen fortel at han får mange spørsmål når han går rundt i hoppuka.
– Det er nesten ingen i hoppmiljøet som ikkje lurer på korleis det går med Bjørn Einar. For oss er håpet at dette skal vere med på å gi han enda litt meir styrke til å kjempe. Det her hjelper oss også med å få litt perspektiv på ting, seier hoppsjefen.
Daniel André Tande viser fram merket på veg opp til hoppbakken.
Foto: Anders EngelandRomøren har dei siste åra jobba med media og marked for hopplandslaget, men før det var han i ei årrekke ein markant skihoppar. Han var i 2004 og 2006 ein del av det norske laget som tok VM-gull i skiflyging. I tillegg tok han OL-bronse i lagkonkurransen i stor bakke i 2006. Han slo også verdsrekorden i skiflyging med 239 meter i 2005. Rekorden stod seg heilt fram til 2011.
Walter Hofer er sjef for skihopp i det internasjonale skiforbundet (FIS), og han har ansvaret for at rennet følger retningslinjene. Det skal som regel litt til for at utøvarane får lov til å sette på merker eller anna, som ikkje er godkjende sponsormerker.
Austerrikaren hadde likevel ingen problem med å godkjenne akkurat dette merket på drakta.
– Me er ein familie, og Bjørn Einar var alltid ein del av familien. Det er han framleis, seier Hofer.