Hopp til innhold

Slik gjekk Thorsby frå ni gule kort til berre eitt: – Heilt sjukt stor forskjell

Etter at Sampdoria byrja å ha dommaranalysar før kvar Serie A-kamp, gjekk det opp eit lys hos Morten Thorsby.

Football, Nations League, Norway, training

ITALIA-PROFF: Morten Thorsby, som speler for Sampdoria, merke at dommarane legg seg på ei tøff linje i Italia

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Den detaljen deler han i den ferskaste episoden av NRKs podkast Heia Fotball, etter å ha snakka om den omdiskuterte straffa han fekk mot Sverige.

– Dommarar er ein del av spelet, ein del av fotballen. Og det er ganske sjukt, men det er så mykje snakk om dommaren i Serie A, at vi no har dommaranalyse før kvar kamp, seier han.

Etter jul byrja Sampdoria med dommarmøte, på lik linje som dei analyserer motstandarlaget før kvar kamp. Det hjelpte Thorsby mykje, som tidlegare har fått ganske mange kort i løpet av ein sesong.

– Til jul hadde eg ni gule kort, og etter sa eg til meg sjølv: «F ... Morten, du kan ikkje halde på slik». Så byrja vi med dommaranalyse, og etter det hadde eg berre eitt gult kort, på siste halvdel av sesongen. Det var heilt sjukt stor forskjell.

Italy Soccer Serie A

DUELLSPELAR: Midtbanespelaren er stadig i tøffe duellar.

Foto: Tano Pecoraro / AP

Ser linja tydeleg

Etter at Sampdoria innførte dommaranalyse på same måte som dei analyserte motstandarlaget, har Thorsby forstått at kvar enkelt dommar har ein type måte å dømme på, og at den linja er ganske så lik i kvar einaste kamp.

– Vi går gjennom dei siste kampane dei har dømt og ser på kvar dei legg linja. Og alle dommarar har ulike stilar, og det er veldig lett å sjå etter sju kampar kva linje dei legg seg på, for dei legg ho likt.

– Det har mykje å seie for korleis du legg lista og kor hardt du kan gå før du får gule kort, og korleis dei blir påverka, seier han.

Han meiner dei analysane også gjorde noko ekstra med hans eigen inngang før kamp.

– Poenget var at eg vart meir medviten, òg. Mange av dei tinga eg har gjort tidlegare, kan eg berre ikkje gjere i Italia. Viss du er i nærleik av knottar og høge bein, så får du gult med éin gong. Men så er det ein del avgjerder som er ulike, dommarane har ulike stilar, og der har eg lært at eg berre må ta omsyn til korleis den dommaren er. Det har fungert veldig bra, eigentleg.

Thorsby fortel at Roma er eitt lag som har hatt stor suksess med akkurat denne delen av førebuingane til kamp.

– Dei har ein eigen tilsett for dommarane, seier han.

Les også: Italiensk superstjerne lagde TV-program om Thorsby: – Vi ble godt kjent

Thorsby
Thorsby

– Dommaren har lykkast

Eliteseriedommar Espen Eskås er ikkje overraska over det Thorsby seier.

For Morten, som er ein råtass på midtbanen, er det nok viktig å vite kva nivå han skal leggje seg på, seier Eskås, som også trur at lag og spelarar i Noreg er klar over forskjellen mellom dei ulike dommarane.

Eliteserien fotball 2022: Rosenborg - Molde (0-0).

IKKJE OVERRASKA: Espen Eskås.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Eg er overtydd om at laga får det med seg. Vi har alle våre måtar å vere på. At dei veit det, er eg veldig sikker på, men at dei går inn i store analysar, det trur eg ikkje, men det får klubbane svare på sjølv, seier han.

Eskås seier han håpar og trur at analysane bidreg til å gjere fotballen meir rettferdig.

Om dei ser det er ein streng dommar, og dei oppfører seg etter det, har dommaren lykkast. At det bevegar seg den vegen, er eg ikkje overraska over.

I takt med utviklinga

Og skal vi tru Thorsby, meiner han at den analysen er heilt i takt med dagens utvikling av fotball.

– Det er ein sinnssjukt stor faktor som påverkar spelet heilt ekstremt mykje. Dommaren er ein gigantisk del av det. Og då kan ein velje å vere gode eller dårlege til å ta omsyn til det som lag, seier han.

Det er dommar Eskås heilt einig i.

Fotball betyr mykje, og det er masse pengar i omløp. Som i andre idrettar der hundredelar skilar, er det marginar heile vegen. Om lag meiner dette gir marginen, skjønner eg at dei ønskjer å gjere det på den måten, seier han.

Eskås er dessutan klar på at også dei førebur seg godt på laga dei skal dømme.

– Vi førebur oss på lag og spelestil, også legg vi merke til spelarar som går igjen både positivt og negativt. Vi førebur oss og ser på kva spelarar vi har å gjere med, seier han og understrekar:

– Men det er viktig å seie at vi er førebudde, men ikkje fordomsfulle.

Siste nytt

  • Joshua King: – Jeg er ferdig i Watford

    Den norske landslagsspissen Joshua King kommer ikke til å fortsette i Watford etter nedrykket fra Premier League. Det bekrefter King til TV 2 lørdag.

    Watford forbereder seg på spill i mesterskapsserien, men laget kommer ikke til å få med seg King i den nest øverste divisjonen i England.

    – Jeg kan si at jeg er ferdig i Watford. Men noe annet enn det kan jeg ikke si, sier Joshua King til TV 2.

    Kontrakten hans med Watford varer egentlig fram til 30. juni 2023, men nordmannen kommer til å bytte arbeidsgiver i løpet av sommeren.

    Han melder at han enda ikke har bestemt seg for noen ny klubb.

    Fotball: Trening med Norges herrelandslag
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Politiet vurderer ekstra beredskap på landskampen

    Det er ventet drøye 15.000 tilskuere til Ullevaal stadion når Norge tar imot New Zealand til privatlandskamp lørdag ettermiddag. Nils Fisketjønn, konkurransedirektør i Norges Fotballforbund, bekrefter at kampen spilles som planlagt til tross for hendelsene i Oslo i natt.

    – Vi er i dialog med politiet. Det vurderes forsterket beredskap, sier Fisketjønn til NRK.

    Politiinspektør Tore Soldal uttalte på en pressekonferanse lørdag at hverken festivalen Tons of Rock eller landskampen avlyses.

    – Vi mener at vi skal klare å sikre disse arrangementene på en trygg måte. Vi har iverksatt både synlige og usynlige grep i samfunnet, sier Soldal.

    Trening kvinnelandslaget i fotball
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Kampen mellom Molde og Jerv utsettes grunnet smitteutbrudd

    Eliteseriekampen mellom Molde og Jerv som skulle spilles søndag har blitt avlyst. Grunnen er et smitteutbrudd hos Jerv.

    Det bekrefter Moldes administrative leder Bjørn Snorre Strand til Discovery.

    Det stemmer at kampen mellom Molde og Jerv utsettes. Vi må bare innrette oss med det. Det er ikke første gang det skjer og sannsynligvis ikke siste gang, sier Moldes administrative leder Bjørn Snorre Strand til kanalen.

    Mange av Jervs spillere har blitt smittet av koronaviruset. Fredag kveld meldte Jervs daglige leder Jon Ole Reinhardsen til VG at klubben ikke hadde 15 tilgjengelige spillere til kampen mot Molde.

    Eliteserien i fotball 2022: Jerv - Sarpsborg 08 (0-5)
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 43 klipp
Sport
Spiller nå
Ski-VM er endelig tilbake på NRK! 01:00
Neste