- Saka oppdaterast med videoar av måla.
Som vanleg møtte tusenvis opp for å sjå sine lokale lag frå lågare divisjonar ta i mot eliteseriemotstand i årets første cuprunde.
For første gong på 77 år rauk Brann ut i første runde i cupen, etter å ha tapt 5–4 på straffesparkkonkurranse mot andredivisjonslaget Førde.
Stabæk sleikte lenge med å avgjere kampen mot Korsvoll, og ikkje før i det 83. minutt fekk dei inn 2–1 scoringa. Mot slutten putta dei to til og vann til slutt komfortabelt 4–1.
Også Rosenborg brukte lang tid på å få nettkjenning mot fjerdedivisjonsklubben Åfjord, og det tok 55 minutt før Magnus Stamnestrøs sende den regjerande cupmeisteren i føringa. Til slutt vann trønderane 3–0.
Først ut av eliteserieklubbane onsdag kveld var Bodø/Glimt, som slo Fløya komfortabelt 6–0. Tre av måla vart scora av ein 16 år gammal debutant.
Fløya-Bodø/Glimt 0–6
Valdres-Sogndal 1–5
Lyn-Tromsø 0–7
Spjelkavik-Aalesund 0–1
Vardeneset-Viking 1–5
Tollnes-Odd 0–5
Førde-Brann 0–0 (5–4 etter straffar)
Løten-Vålerenga 1–4
Korsvoll-Stabæk 1–4
Årefjord-Rosenborg 0–3
Resultat i alle kampane: