- Sjå alle måla i dei ti eliteseriekampane nedst.
Aalesund kom tidleg i trøbbel borte mot tredjedivisjonslaget Herd, og før kvarteret var spelt hadde Ingolfur Örn Kristjansson scora to gonger for Herd. Sondre Brunstad Fet reduserte for Aalesund rett før pause, men tredjedivisjonslaget leda 2–1 etter halvspelt kamp.
Herd gjekk så opp til 3–1, men to kjappe Aalesund scoringar på slutten redda ekstra omgangar som held på no. John Arne Riise scora først direkte frå corner, før han hadde målgjevande på ein ny corner (sjå alle resultata i faktaboksen under).
I første ekstraomgang avgjorde Mustafa Abdellaoue med si andre scoring for kampen, til 4–3 for dei oransje.
- Les også:
Fleire eliteserielag fekk ein tøffare kamp enn dei hadde håpa på. Molde kom under 1–0 mot Grorud, men snudde til slutt til 2–3 siger. Lillestrøm brukte 70 minutt på å få scoring mot Lillehammer, men vann til slutt 2–0.
Også Start sleit med å få scoring mot andredivisjonslaget Fram Larvik og stillinga var lenge 0–0, og som LSK scora dei først etter 70 minutt og vann til slutt 3–0.
- Sjå også:
Strømsgodset opna den andre runden i cupen med ein 1–0 siger borte mot Eidsvold tysdag kveld. Sparta Sarpsborg-Stabæk, Førde-Sogndal, Varegg-Haugesund og Kvik Halden-Sarpsborg 08 vert spelt torsdag kveld.
Sjå måla i kampane til eliteserielaga:
Herd-Aalesund 3–3 (3–4 e.e.o)
Mjølner-Tromsø 0–2
- Les også:
Hønefoss-Vålerenga 1–3
FK Tønsberg-Odd 0–6
Mo-Bodø/Glimt 0–6
Lillehammer-Lillestrøm 0–2
Fram Larvik-Start 0–3
Vard Haugesund-Viking 0–3
Grorud-Molde 2–3
Byåsen-Rosenborg 1–5