Hopp til innhold

Slik forklarer han kjempetabben

LAHTI/OSLO (NRK): Kombinert-kometen Jarl Magnus Riiber skulle sikre nok ein verdscup-triumf. I staden enda det med nok ein tabbe.

Jarl Magnus Riiber hadde vunnet dagens løp om han ikke hadde gått feil. Her kan du høre hans tanker. Reporter: Patrick Rowlands. Redigering: Hans Henrik Løken.

– Det var frykteleg, seier Riiber om tabben som etter alt å dømme var den største snakkisen på skiarenaen i Lahti fredag kveld.

18-åringen møter NRK på kombinertlandslaget sitt hotell på den finske landsbygda.

Dette er kvelden stortalentet eigentleg skulle ha feira nok ein verdscuptriumf rundt middagsbordet saman med lagkameratane.

I staden må han forklare manøveren som fekk NRKs kommentatorar til å brøle eit fortvila «NEI!» då dei var sikre på at dei formidla nok ein norsk ski-opptur.

– Eg var så fokusert på å komme unna gruppa. Eg prøvde å følge svingen, men svingen tok meg ikkje til mål. Det var surt, seier Riiber.

Sjå tabbe-innspurten:

Her går Riiber feil etter å ha lekt med konkurrentene.

– Surrete

Dette er ein av mange tabbar signert Riiber denne sesongen. Tenåringen stemplar seg sjølv som surrete.

– Eg er så fokusert på oppgåva at eg gløymer alt anna. Eg går kanskje i ei eiga «luke» og er bestemt på å følge den.

– Eg gir ofte beskjed til trenarane når eg føler meg surrete og ber dei om å vere litt «obs» på det, seier Riiber.

– Kjenner det med ein gang eg står opp

– Korleis merkar du at du er surrete?

– Eg kjenner det dei dagane eg ikkje er «på». Eg kjenner det med ein gang eg står opp.

– Nokre gangar er eg så fokusert og spent at eg gløymer alle andre. Det er eit stort sirkus. Då er det lett å bli ein i mengda og gløyme resten, seier Riiber.

– Var du surrete då du stod opp i dag?

– Ja, seier 18-åringen og ler.

– Vi spøker med det, men det er jo litt alvorleg også...

– Det er det, men eg har så mange opplevingar framfor meg. Det er viktig å ikkje bruke opp all energien på ein gang, seier Riiber, som ikkje går i kjellaren etter tabben.

Stortalentet kan heller styre i retning middagsbordet for å fortelle om nok ein dramatisk dag i livet som kombinertløpar.

Jarl Magnus Riiber er veldig frustrert etter kjempetabben.

FRUSTRERT: Jarl Magnus Riiber fekk trøst av landslagstrener Bjørn Kåre Ingebrigtsen etter kjempetabben i Lahti

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal