NRK Meny
Normal

Sletta 17 år gammal rekord

Etter 17 år blei Edel Therese Høiseths norske rekord på 500 m endeleg slått. Av Hege Bøkko i VM.

Ny norsk rekord

ENDELEG: Her slettar Hege Bøkko den 17 år gamle norske 500 m-rekorden

I femte par på 500 meter fekk Bøkko full klaff. Spesielt siste svingen og langsida sat som den skulle, og Bøkko kom i mål på 38,31.

Det er ni hundredelar betre enn det Høiseth gjekk på i Calgary i januar i 2000.

Resultat frå 500 meter for kvinner

Sterk avslutning

– Endeleg, utbryt Hege Bøkko overfor NRK.

– Eg er nøgd med løpet. Litt for dårleg dei første 150 metrane, men eg er veldig nøgd med avslutninga. Det var veldig gøy at det heldt til norsk rekord. Den har Edel hatt i 17 år, og det fortel kor god han har vore.

– Derfor var det også ekstra moro å slå rekorden. Endeleg er den min, og det er eg veldig glad for.

Bøkkos tidlegare personlege rekord var på 38,45.

Høiseth er i dag trenar, og ho var raskt ute på isen for å gi Bøkko ein god klem etter å ha mista rekorden.

Rekorden på neste års OL-arena i Sør-Korea heldt berre til 14.-plass i VM.

Edel Therese Høiseth heldt rekordane på 500 og 1000 m i mange år. Så mange at ho lova ein premie på 10.000 kroner til dei som slo henne.

Det stadfester ho i ein sms til NRK.

– Ja, eg gav 5000 til Ida (Njåtun) då ho tok rekorden på 1000 m. No vankar det 5000 også på Hege, seier Høiseth.

Video: Her får Hege Bøkko gratulasjonsklem av den tidlegare rekordhaldaren.

Klemmer for ny rekord

Uoffisiell låglands-verdsrekord

Gullet gjekk til storfavoritt Nao Kodeira frå Japan. Med 37,13 sette ho uoffisiell låglandsrekord på distansen.

Sølvet gjekk til heimehåpet Lee Sang-hwa med 37,47 og bronsen til Yu Jing frå Kina med 37,57.

Video: Sjå Kodeiras gulløp

Kodaira med en vanvittig prestasjon

Sjuandeplass til Lorentzen

Håvard Holmefjord Lorentzen gjekk eit sterkt løp på mennenes 500 m og enda på sjuandeplass. Med sterke 34,88 var han berre hundredelen bak sin personleg rekord, og berre 12 hundredelar frå pallen i den jamne konkurransen.

Jan Smeekens tok ein litt overraskande VM-tittel med 34,58.

Resultat 500 m menn

Artikkelen blir oppdatert!

Siste nytt

  • Glimt enkelt videre

    Bodø/Glimt ble aldri truet av Melbo i torsdagens cupkamp. Trond Olsen sendte hjemmelaget i ledelsen etter 23 minutter. Jens Petter Hauges to mål og Philip Zinckernagel sikret 4-1-seier.

    Eliteserien fotball: Brann - Bodø / Glimt.
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • Duell mellom Klæbo og Northug

    Johannes Høsflot Klæbo og Petter Northug fronter en sterkt startfelt under bysprinten i Mosjøen neste lørdag. Også langrennsløpere som Eirik Brandsdal, Niklas Dyrhaug, Andrew Musgrave, Emil Iversen, Håvard Solås Taugbøl og Katrine Harsem er påmeldt.

    NM ski del 2 Alta
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Allsvenskan-spiller dopingtatt

    En Sirius-spiller har avlagt positiv dopingprøve i serieåpningen i Allsvenskan mot Hammarby, skriver Aftonbladet. Klubben fikk beskjed om den positive prøven onsdag formiddag, og torsdag ble spilleren utestengt med umiddelbar virkning.

Sendeplan

Kl. Program Kanal