Sleit mentalt før OL-gullet – «tok livet av» journalist i dagboka si

I forkant av Norge sitt første handball-gull i OL var presset så stort at kaptein Gro Hammerseng-Edin sleit mentalt. Løysinga vart å «ta livet av ein journalist» i dagboka hennar.

Gro Hammerseng-Edin

Norge tok sitt første OL-gull i handball i Beijing i 2008. For kaptein Gro Hammerseng-Edin var oppladinga ei mental påkjenning.

Foto: Bullit Marquez / AP

– Etter den kampen var det som det brast ei boble for meg, seier Gro Hammerseng-Edin i ein ny episode av NRKs handballpodkast «Timeout».

Året er 2008, og Norge har uttalt at dei vil kjempe for sitt aller første OL-gull. Presset er enormt både frå publikum og norsk og internasjonal presse, som alle har spådd Norge som gullfavorittar.

I kvartfinalen slår dei Sverige 31-24, men på baksida utspelar det seg eit større drama.

Store forventingar

VM i håndball for kvinner.

Hammerseng-Edin er 2. påskedag gjest i NRK-podkasten Timeout.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Eit dårleg kne hadde plaga Norge sin kaptein, Gro Hammerseng-Edin, i førebuingane til meisterskapet. Kroppen streta i mot, og det var eigentleg usikkert om den tolte å spele handball på den tida.

Trass i at Norge vinn kvartfinalen mot Sverige, blir det ein dårleg kamp for Hammerseng-Edin, og presset slit på det mentale.

– Då eskalerte det nok litt. Og så betydde jo OL så mykje, ekstra mykje fordi vi mista OL gongen før (Norge kvalifiserte seg ikkje til OL i Athen i 2004, red. anm). Så det var noko eg hadde bygd opp veldig mykje forventingar til, seier 39-åringen.

Ho fortel vidare at det presset ikkje var mindre av at ho var kaptein på laget, og dermed følte eit ekstra ansvar.

Lagde ti bod

Den sympatiske og blide handballspelaren skjønte at ho måtte ta grep. Løysinga var å skrive dagbok, slik ho ofte hadde gjort i meisterskap tidlegare.

– Eg måtte liksom ta eit oppgjer med meg sjølv. Veit du kva, no er det snart semifinale og eg treng å jobbe med det mentale, sånn at eg blir klar til kampen, minnast Gjøvik-kvinna om drama på utsida av bana.

I dagboka lagar ho ti bod som skal hjelpe ho gjennom den vanskelege tida. I tillegg lagar ho ei teikning i dagboka si, der ho tek livet av ein journalist.

– Det er kanskje ei side som ikkje har vore like synleg for alle rundt, men det er ein jævel i meg, seier Hammerseng-Edin spøkefult.

– Det er min form for galgenhumor, legg ho til.

OLYMPIC GAMES BEIJING 2008

Gro Hammerseng-Edin omringa av journalistar etter semifinalen i Bejiing. No fortel ho at mediekøyret var tøft å takle.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

For ho legg ikkje skjul på at mediekøyret var noko av det som plaga ho.

– Kor stor plass skal det pressekorpset få lov å ta i hovudet mitt, når eg har heilt andre ting eg skal konsentrere meg om?

Bod nummer ein var at pressa skulle vere luft for meg i resten av det OL, fortel Hammerseng-Edin, som året før vart kåra til verdas beste handballspelar.

For ordens skuld; Norge slo Sør-Korea i semifinalen. I finalen møtte dei Russland og vann overlegent 34–27.

Heile intervjuet med Gro Hammerseng-Edin kan du høyre i podkasten «Timeout» på NRK Sport.

Siste nytt

  • Lippi blir landslagssjef for Kina

    Italienske Marcello Lippi er tilbake som trener for det kinesiske herrelandslaget i fotball, fire måneder etter at han ble erstattet av Fabio Cannavaro, melder NTB. 71-åringens, som måtte gå etter tapet mot Iran (0-3) kvartfinalen i Asia-mesterskapet i januar, skal nå forsøke å ta Kina til VM-sluttspillet i Qatar i 2022.

    AFP_1GU5VG
    Foto: STR / AFP
  • Finland sendte Sverige ut av VM

    Finland scoret etter bare et minutt i kvartfinalen i ishockey-VM, men Sverige slo tilbake og ledet 3-1. Finnene snudde igjen kampen og vant 4-3. Dermed er de klare for semifinale, hvor de møter Russland. Canada og Tsjekkia møtes i den andre semien.

    X01548
    Foto: DAVID W CERNY / Reuters
  • Johannessen og Rød nærmere gull

    Gøran Johannessen scoret seks mål da Flensburg-Handewitt slo Stuttgart 30-20 og tok et nytt steg mot tysk seriegull i håndball.

    Laget tok sin 30. seier på 32 seriekamper. Det gjenstår to seriekamper av sesongen.

    Magnus Rød scoret fem mål.

    f
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal