Henrik Ingebrigtsen får namnet sitt på eit barneløp i Spikkestad. 28-åringen vil at barna skal få ein sjanse til å føle seg profesjonelle i løpet han skal vere med på å arrangere. Sjølv sakna han konkurransekjensla da han var ung.
– Da eg var 10–11 år fekk eg lov til å vere ein relativt profesjonell løpar, men så kom ei endring i retningslinjene i barneidretten. Så da eg blei 12 år skulle det plutseleg bli leik og breidde. Det gjer at ein føler at ein ikkje blir tatt på alvor, seier Ingebrigtsen.
Prestasjonsjag frå foreldre
For nokre veker sidan publiserte NRK artikkelen om at stadig færre barn og unge går langrenn. Martin Johnsrud Sundby var ein av dei som har lagt deler av skulda for fråfallet på prestasjonsjaget frå foreldre.
– Me som foreldre kan vere med å dempe det prestasjonsjaget og elitefokuset. Eg kan fremme leik og moro. Eg kan fremme det å vere glad i ski utan at det nødvendigvis skal innebere all verdas konkurranse heile tida, sa Sundby.
LEIK OG MORO: Martin Johnsrud Sundby meiner for mange foreldre driv med prestasjonsjag. Han vil fremme leik og moro.
Foto: Lisi Niesner / ReutersLangrennstrenar i IL Try, Jøran Kristensen, meiner Team Ingebrigtsen er ei årsak til prestasjonsjaget.
– Hos oss opplever eg at hovudproblemet er enkelte overambisiøse foreldre. Dei har sett for mykje Team Ingebrigtsen, og driv barna som vaksne utøvarar frå åtte- til tiårsalderen, meiner trenaren.
– Det er mange folk som uttalar seg om ting dei ikkje har greie på. Det går ikkje å samanlikne barneidrett med tre utøvarar som held på i verdstoppen, svarer Henrik Ingebrigtsen på kritikken.
Føler seg misforstått
Gjert Ingebrigtsen har fått mykje ros som trenar. Beviset er da han vart årets trenar på idrettsgallaen i 2019, men det finst likevel dei som har vore kritiske til trenarstilen.
– Eg har ikkje lyst at hans trenarideal skal bre seg over det ganske land. Det finst betre trenarforståingar enn han viser fram, sa tidlegare langrennsløpar Gudmund Skjeldal til NRK den gongen.
UEINIG: Gjert Ingebrigtsen er ikkje einig med kritikken han får.
Foto: Lise Åserud– Han kan umogleg ha lest boka mi, eller sett serien og intervju med gutane mine, svarte Gjert Ingebrigtsen på kritikken.
Henrik Ingebrigtsen kjenner seg ikkje igjen i at faren har vore med på eit prestasjonsjag.
– Det er ei misforståing av vår familie at Gjert piskar oss til å prestere betre. Det Gjert seier, er at ein må ta konsekvensane for dei målsettingane ein set. Viss me seier at me skal vinne, så må me gjere alt det som skal til for å vinne. Viss ikkje, er det berre piss det me har sagt, fortel Ingebrigtsen.
GJER SOM GJERT: Henrik Ingebrigtsen har to døtrer. Han vil som sin far også stille krav til barna.
Foto: Carina JohansenHan har sjølv to døtrer, og han kjem til å stille same krava som hans eigen far gjorde.
– Mitt krav er som Gjert sitt. Eg vil at dei skal gi 100 prosent til det dei vel. Så dei ikkje pissar vekk tida si på ting og tang. Viss dei har lyst til å spele gitar, så må dei øve kvar dag, og same med fotball også. Viss dei har lyst til å springe, så skal eg sjølvsagt følge opp så mykje eg kan, seier Henrik Ingebrigtsen.