Hopp til innhold

Slankar seg før kvar hoppsesong: – Det er ingen annan veg utanom

Den slovenske skihopparen Bor Pavlovčič (23) fortel opent om at han slit med vekta og må gå ned mange kilo før kvar sesong. Han vil likevel ikkje gjere som Maren Lundby og stå over OL-sesongen.

Germany Nordic Skiing Combined

TØFT: Bor Pavlovčič har i fleire år slite med vekta og må slanke seg mange kilo før sesongstart.

Foto: Jan Woitas / AP

– Eg vil ikkje snakke om kor mange kilo, men det er ganske mange. Du ville blitt overraska over kor stor vektskilnad det er mellom sommar og vinter, seier 23-åringen til NRK.

Slovenaren snakkar ope om utfordringane han har med vekta. Ved sesongslutt legg han raskt på seg og dermed må han kjempe seg ned att i vekt fram mot vinteren.

Mykje vektmerksemd

For nokre veker sidan kunne OL-vinnar Maren Lundby fortelje til NRK at ho må stå over sesongen. Ho slit med å innfri vektføresetnad, og er ikkje villig til å slanke seg på ein uforsvarleg måte for å bli klar for årets sesong.

Maren Lundby står over OL

OL: Maren Lundby fortalde tidlegare i haust at ho må stå over OL, fordi ho ikkje vil slanke seg uforsvarleg for å kome i hoppform.

Det har skapa mykje merksemd rundt tematikken. Etter utsegna til Lundby, tok hoppekspert Anders Jacobsen eit oppgjer med reglane i sporten. Han krev endringar.

– Vi ønskjer jo ikkje eit sjukeleg fokus på vekt og mat, sa han til NRK.

I tillegg har VG og Dagbladet sette søkelys på eteforstyrringar i langrenn den siste tida. Torsdag kveld skal NRK ta opp temaet på Debatten.

Pavlovčič meiner han akkurat no er for tung til å hoppe langt på ski, men målet er å slanke seg til toppform før sesongen startar om ein månad.

– Eg må ha fullt fokus på kvart måltid. Ikkje ete sukker og avgrense mengda med mat. Prøver å jogge i skogen for å brenne kaloriar og passe på at eg ikkje går over grensa, forklarar han.

23-åringen fortel at han ofte er svolten, men at det etter kvart blir ein vane.

– Det kjennast som svelting. Eg har ikkje så mykje energi og må alltid slutte å ete før eg er mett, seier han.

Bor Pavlovčič

SNAKKAR UT: Bor Pavlovčič fortel om vektutfordringa.

Foto: NRK

– Ingen annan utveg

Pavlovčič, som avslutta fjorårets sesong med eit hopp på 249,5 meter i Planica, erkjenner at det ikkje er sunt å gjere dette, men trur ikkje at å endre regelverket er vegen å gå, slik NRK-ekspert Anders Jacobsen har tatt til orde for.

– Vi kan sikkert gjere nokon endringar, men om vi gutane vil fly langt må vi vere tynne. Det er ingen annan veg utanom. Det må ein berre akseptere, seier Pavlovčič, som trass utfordringane er tydeleg på at han skal bli klar for vinteren og den viktige OL-sesongen.

Med kjæresten

VEKTPROBLEM: Den slovenske hopparen skulle ønske han kunne gå ut med kjærasten og ete som normalt.

Foto: Privat

– Håper dei bruk sine fagfolk

Christian Meyer, som er hopptrenar for dei norske kvinnene, synest det er trist at Pavlovčič opplever kosthald og vekt som eit stort problem. Men han forsikrar om at det er gode rutinar på det norske laget.

– Det er vanskeleg å uttale seg om kva andre nasjonar gjør av arbeid på dette området. Det som er viktig for oss i Noreg er bruken av fagpersonar i Olympiatoppen som gje oss tryggleik i at kosthald og ernæring hos våre utøvarar blir godt varetatt. Eg håper også at slovenarane bruk sine fagfolk slik at opplevingar som Pavlovic refererer til sjeldan skjer, seier Meyer.

Hopplandslaget

KRITISK: Landslagssjef Christian Meyer.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Han meiner det er viktig å tenkje på kva ein puttar i kroppen for å vere konkurransedyktig i hoppsporten, og ikkje mengda. Det gjeld i toppidretten generelt.

– Det er mange som trur at jo lettare ein er desto betre hopper ein. Heldigvis er det ikkje sånn, det er fleire faktorar som må stemme overeins om ein skal prestere bra over tid, forklarer Meyer.

– Dei beste legane

NRK har vore i kontakt med kommunikasjonssjef Tomi Trbovc i det slovenske forbundet, og han kjenner seg trygg på det slovenske hopplaget har gode rutinar på kosthald.

– Alle våre utøvarar er under medisinsk oppsyn. Vi har òg kosthaldsrettleiar som er tilgjengelege for utøvarane, og som legg ein plan på korleis dei skal ete, for at det ikkje utviklar seg til ei eteforstyrring. Vi er ganske trygge på at dette fungerer, seier Trbovc.

Kommunikasjonssjefen kjenner seg ikkje igjen i Pavlovčič sine utsegn om vektutfordringa, men fortel at forbundet har eit stort støtteapparat der kvar og ein kan søke hjelp om dei treng det.

– Eg veit ikkje korleis utøvarane blir følgd opp i Noreg, men eg kan seie at våre utøvarar i Slovenia har vår fulle støtte i alle ulike arenaer av sporten. Vi har nokre av dei beste legane i verda, avsluttar han.

Siste nytt

  • Xavi gjør helomvending – fortsetter som Barcelona-trener etter sesongen

    Xavi Hernández (44) har skiftet mening og forblir Barcelona-trener etter inneværende sesong. Tidligere i år valgte han egentlig å forlate jobben til sommeren.

    Nyheten ble offentliggjort under en pressekonferanse med Xavi og Barcelona-president Joan Laporta torsdag.

    Allerede onsdag kveld meldte spanske medier at Xavi ville fortsette som Barcelonas hovedtrener etter flere møter med ledelsen i klubben. De har lyktes med å overtale han til å fortsette i jobben ut kontraktsperioden.

    For et halvt år siden ble kontrakten forlenget til sommeren 2025. Han påtok seg treneransvaret for den katalanske klubben i november 2021. I fjor ledet han klubben til La Liga-tittelen.

    Det var i slutten av januar at Xavi bestemte seg for å slutte som Barcelona-trener etter inneværende sesong. Han forklarte at jobben var for slitsom i lengden.

    Xavi er blant de største spillerne Barcelona har fostret fram. 44-åringen fikk over 500 kamper for klubben mellom 1998 og 2015, og vant alt som kunne vinnes med Barcelona i løpet av den perioden.

    (©NTB)

    AC Milan v FC Barcelona - Preseason Friendly
    Foto: ETHAN MILLER / AFP
  • Tobias Foss på Ineos-laget i Giro d'Italia

    Tobias Foss (26) er blant åtte Ineos-ryttere som skal delta i årets Giro d'Italia.

    Det var ventet at Vingrom-mannen kom til å få plass på laget. Nylig viste han form i Tour de Alps, hvor han vant den første etappen.

    – Det hadde nok gått uansett, men denne seieren er nok spikeren i kista. Laget er riktignok ikke tatt ut ennå, sa Foss til NTB nylig etter triumfen på åpningsetappen i Nord-Italia.

    Giroen varer fra 4. til 26. mai. For tre år siden ble Foss nummer ni sammenlagt i Grand Tour-rittet.

    Hele laget til Ineos i Giro d'Italia: Thymen Arensman, Geraint Thomas, Filippo Ganna, Jhonatan Narváez, Magnus Sheffield, Ben Swift, Connor Swift og Foss. (NTB/NRK)

    Tobias Foss
    Foto: AFP
  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal