Heimelaget Atlético Madrid kom best i gong, og etter ti minutt viste Saul Niguez seg fram med eit soloraid. 21-åringen tok med seg ballen og køyrde slalåm gjennom fire Bayern-forsvararar, før han avslutta via stolpen og i mål.
– Det er Henrik Kristoffersen som har tatt på seg fotballsko og køyrer slalåm gjennom Bayern-forsvarer, sa Viasat-ekspert, Petter Veland, i sin analyse av scoringa i pausen.
Ein draumestart for Atlético-manager Diego Simeone, som er kjend for å stenga att bakover.
Til pause var stillinga 1–0, og Atlético var nærare å doble leiinga enn gjestane var utlikning.
Men etter kvilen var det eit heilt anna Bayern-lag som kom på bana. Etter om lag ti minutt av andre omgang banka David Alaba til frå om lag 30 meter, men ballen gjekk i treverket og ut.
Bayern fortsette einvegskøyringa mot Atléticos mål, og hadde fleire sjansar til å utlikna, men heimelaget gjorde det dei er best på – å stengja igjen bakover.
Returoppgjeret går i München neste tysdag.