Hopp til innhold

Slaktar «attityden» mot Nord-Irland

Landslagssjef Lars Lagerbäck innleia for første gong eit landslagsuttak med å sjå tilbake på førre kamp. Og der fann han mykje kritikkverdig.

Attityde powerpoint

ATTITYD: Lars Lagerbäck understreka kravet om betre haldingar framfor landslagsuttaket

Foto: NFF

Norge møter Tsjekkia i VM-kvalifiseringskamp laurdag 10. juni og Sverige i privatlandskamp tre dagar seinare.

I dag tok han ut troppen. Men først gjekk han gjennom analysen av førre kamp, mot Nord-Irland i Belfast i mars. Norge tapte 2-0, og Lagerbäck var kritisk til mykje i den kampen.

– Vi var for passive og avventande mot Nord-Irland. Vi var ikkje bestemte nok, det ser vi spesielt på situasjonen som gav 2–0. Der står tre mann og ser på når dei erobrar ballen, utan at vi endrar posisjon. Det går inn under det vi kallar «attityd», sa Lagerbäck.

– Og 1–0 kom etter at vi tapte ein mot ein-situasjon. Det kan vi heller ikkje tape i ein slik kamp, sa landslagssjefen.

– Vi må ha meir «power»

Lars Lagerbäck

SLAKT: Landslagssjef Lars Lagerbäck nærmast slakta den norske «attityden» mot Nord-Irland i førre kamp, og slo fast at det er den det først og fremst må gjerast noko med

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Han tok sjølvkritikk på opplegget framfor kampen i Belfast, som var Lagerbäcks aller første som norsk landslagssjef.

– Det blei kanskje for mykje informasjon på altfor kort tid, seier han. – Arbeidsviljen er det ingenting å seie på, men det krevst litt meir «power» i laget om vi skal vinne tette matchar.

– Er vi passive, vinn vi heller ikkje ballen i bra posisjonar.

Derfor blei det heller ikkje vesentleg med målsjansar.

– Eg har aldri sett ein kamp på det nivå med få målsjansar. Dei hadde berre tre, og det er bra. Men vi skapte berre to, og det er mykje for dårleg.

Spesielt var det ille i første omgang. Det handla om samarbeid, og om å lese spelet, og det gjekk ikkje bra.

Altfor passive

– Vi sleit heile tida med for dårlege avgjerder og at vi var for dårlege til å lese spelet. Vi stod og venta til situasjonar oppstod i staden for å sjå dei på førehand, sa ein svært kritisk Lagerbäck.

– Vi har prata mykje om haldning. Vi er for snille og passive, mange spelarar er ikkje tonegjevande i klubblag, og det er nok ein faktor. Men kanskje mykje på den første satsingen.

– Faste situasjonar er noko anna vi må trene meir på. Vi hadde mange innkast mot Nord-Irland, men vi vann nesten ingen. Lange innkast er nesten den beste faste situasjonen vi har. Mi erfaring er at det er lettare å skape sjansar på det enn på corner og frispark.

Slikt må vi skape sjansar på, derfor skal vi trene på det før Tsjekkia-kampen, seier Lagerbäck som samlar spelarane etter eliteserierunden søndag.

– Både vi og spelarane må ha den rette attityden. Elles lykkast vi ikkje, sa Lagerbäck.

– Å halde ballen i laget er ikkje noko mål. Vi skal styre kampane på våre eigne vilkår. Framfor alt må vi styrke den mentale haldninga, sa Lagerbäck før han offentleggjorde troppen.

– Målet er at vi skal bli det aller best organiserte laget, sa Lagerbäck.

Powerpoint med skjorte

UTTAK: Lars Lagerbäck brukte PowerPoint då han analyserte førre kamp og tok ut neste landslagstropp

Foto: NFF

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal