Hopp til innhold

Ekspert om slåsting i NHL: – 98 prosent av spelarane vil ha det

Slagsmål er ein del av kulturen i NHL, og kjem til å vera der så lenge spelarane sjølv ynskjer. Det meiner ekspert.

Kampen mellom Vancouver Canucks og Calgary Flames kom knapt i gang før hanskene kom av, natt til søndag. Slagsmålet, som startet idet første dropp traff isen, endte med 152 utvisningsminutter. Også ved garderobene ble det ampert. (Bilder med tillatelse fra Viasat).

SJÅ VIDEO: Skandalekampen i NHL mellom Vancouver Canucks og Calgary Flames baud på slagsmål alt frå fyrste sekund. Heimelaget vann 3–2 etter straffeslag.

Det mykje omtala oppgjeret i den nordamerikanske ligaen, NHL, mellom Vancouver Canucks og Calgary Flames laurdag kveld lokal tid, hadde fleire slagsmål.

Skandalekampen inneheldt totalt fem slagsmål og 204 utvisingsminutt – 188 av desse alt i den fyrste perioden. Slagsmåla starta rett etter pucken vart droppa.

  • Sjå dei heftige slagsmåla i videovindauget over!

– For å provosera

Slåsskamp

Slåsting er ein del av kvardagen, meiner tidlegare NHL-spelar Patrick Thoresen. Her er det Jean Philippe Cote og Andrew Desjardins som brakar samen.

Foto: Jonathan Dyer / Reuters

NHL-ekspert i Viasat Sport, Mikael Harstad Groven, meiner likevel hendinga me såg i helga er nokså uvanleg.

– Vancouver Canucks sin trenar John Tortorella ser at Calgary Flames stiller med fjerderekkja si frå start, noko som er ganske uvanleg. Det er ei rekkje som er ganske stor og fysisk, og som er vand til å slåst. Tortorella svarar med å setja inn si eige fjerderekkja, samtidig vert han fly forbanna og skjeller ut motstandarbenken etter notar, fortel Groven, og legg til:

– Det er ikkje så ofte det skjer, men då må ein svara. Det kan verka barnsleg, men slik er det.

– Kvifor vel motstandarlaget å stilla med fjerderekkja?

– Det er for å provosera, rett og slett.

Vancouver og Calgary er kanadiske rivalar og kampane betyr difor ekstra mykje.

– Ein vil gjera alt for å vinna. Klarar ein å provosera, har ein kanskje ein større sjanse. Men det som skjedde laurdag, var tåpeleg, vedgår Groven.

Ein æreskodeks

Han forklarar slagsmåla på isen med æreskodeks.

– Det har vorte stadig mindre, men når nevekampane fyrst er i gang, er det ein slags æreskodeks at det må fullførast. Slagsmåla er der for å bli.

– Kvifor har det vorte mindre?

– Det har vore særleg fokus på det, spesielt frå media. I tillegg innførte NHL nye reglar før denne sesongen, der det ikkje er lov å ta av seg hjelmen når ein slåst. Det legg ein dempar på det når ein skal stå og slå på kvarandre med hjelm – det ser berre dumt ut, forklarar Groven og legg til at dommarane no er mykje kjappare til å gripa inn før slåstkampane kjem i gang.

Han samanliknar slåstinga med røyking.

– Det har vorte litt som røyking, litt mindre hipt. Men så lenge 98 prosent av spelarane framleis vil ha det, kjem det til å vera ein del av sporten.

Det som er spesielt med NHL, er at spelarane har stor makt når det gjeld regelendringar, og så lenge dei ynskjer å halda slåstinga i si noverande form, vil det ikkje forsvinna uansett, skal ein tru Groven.

– Fansen vil òg ha ein slåstkamp i ny og ne. Dei kjem for å sjå tøffe taklingar og eit par neveslag innimellom.

– Ein del av kvardagen

Patrick Thoresen, som til dagleg spelar i den russiske klubben SKA St.

Patrick Thoresen

Tidlegare NHL-spelar Patrick Thoresen synest det er vanskeleg å forklara kvifor slåstinga er ein del av sporten, anna enn at det er eit show og at det alltid har vore der.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Petersburg, forklarar slagsmåla i NHL som ein del av kvardagen. Han har sjølv spela i ligaen både for Edmonton Oilers og Philadelphia Flyers.

– Slåstinga har alltid vore ein del av kvardagen i NHL. At det skjer innimellom er ikkje unormalt.

– Kvifor har det vorte slik?

– Det er framleis noko som tiltrekkjer tilskodarar. Det verkar i alle fall slik på fansen der borte, at dei set pris på det. Det er på ein måte eit show over det.

Men det er sjeldan me ser stjernespelarar som står og slåst.

– Det er dei som er henta inn for å beskytta stjernespelarane som står for slåstinga, men det er mykje mindre no enn kva det var på 90-talet.

Meir fokus på finessar

Thoresen meiner fokuset i større grad er flytta frå grisete spel og taklingar til heller å gjera fleire mål og fine finessar med pucken.

– Men det hender det skjer stygge ting utpå der. Når slike ting skjer mot dei spelarane som slår dei finaste pasningane og lagar dei flottaste måla, er det greitt å ha ein på laget som kan seia ifrå til dei andre laga at slik kan du ikkje behandla stjernespelaren vår. Då kjem du til å ha meg etter deg. Det er ein måte å gje beskjed til dei som prøvar å ta stjernespelarane.

Siste nytt

  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som har vært i aksjon har tatt seg videre til tredje runde.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam og Odd tatt seg videre. Strømsgodset og Lillestrøm startet en time senere, og leder henholdsvis 2-0 og 4-0 over Jerv og Strømmen.

    Se Strømmen mot Lillestrøm på NRK 3.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    NM i fotball 2024: Ull/Kisa - Rosenborg
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • 4.-divisjonslag sjokkerte Viking – reddet av Salvesen

    – Me e for go for Viking. Me ska ta dette, det er eg sikker på!

    Meldingen satt løst da Torvastad-forsanger Håvard Førre ble intervjuet rundt timen ut i kampen, like etter at Roy Miljeteig snudde kampen for vertene.

    Stillingen viste 3–2 til den vesle klubben fra Karmøy.

    For selv om Viking tok komfortabelt ledelsen 2–0 mot 4.divisjonslaget som sendte Haugesund ut av cupens første runde, var det ikke over:

    * 45+1 minutter: Georg Grønningen reduserer til 1–2

    * 48 minutter: Fredrik Lippestad utligner til 2–2

    * 53 minutter: Miljeteig snur kampen til 3–2

    – Hva er det Viking driver med?

    NRK-ekspert Carl-Erik Torp satt rystet i studio.

    – Det er veldig vanskelig å forstå. De hadde full kontroll. Jeg klarte ikke å se at de var over midten de første 40 minuttene, sa Torp på direkten.

    Viking forsøkte å påvirke stillingen med et firerbytte etter drøyt timen spilt. Kort tid etter kunne de puste ut.

    Utligningen til 3–3 kom fra Simen Kvia-Egeskog.

    På tampen satte Lars-Jørgen Salvesen 4–3 på straffespark.

    Målet berget han Stavanger-klubben fra en real flause.

    Fotballekspert Jonas Grønner må tatovere seg etter han tapte et veddemål på direkten.
  • Johannessen ødela akillesen – mister OL

    Gøran Johannessen røk akillessenen på mandagens trening, opplyser Kolstad. Han går glipp av håndballturneringen i OL.

    Ifølge trønderklubben er Johannessen ventet å være ute i seks til åtte måneder.

    29-åringen har kjempet seg tilbake på banen etter å ha trøblet med akillesen siden november. Han deltok for Norge i EM i januar.

    Johannessen skal gjennom en operasjon torsdag. Deretter skal han restituere kroppen og hodet før opptreningen tar til.

    – Jeg skal gjøre mitt ytterste for å komme tilbake i godt gammelt Gøran-slag. Samtidig er det et slag i trynet, og mentalt har jeg også en krevende jobb foran meg. Det er aldri lett å være utenfor en gruppe, men laget er min sterkeste støttespiller, sammen med venner og familie, sier Johannessen.

    Stavanger-karen mistet også OL i 2021, da med lyskeproblemer.

    For landslaget står Johannessen med 260 mål på 109 kamper. Han debuterte for Norge i 2015. (NTB)

    Gøran Johannessen
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal