Hopp til innhold

Kongen over alle skyttarkongar

Lars L. Ese gjekk på standplass som det nærmaste skyttarsporten hadde kome ei superstjerne. Under enormt press skaut han betre enn nokon gong før og vart historisk.

Lars Hallvard Ese

DEN FIRDOBLE KONGEN: Lars L. Ese ventar på anvisning av skive 2 i 1955. Nokre minutt seinare var han historisk

Foto: Privat

Kongsvinger søndag 3. juli 1955: Det er strålande sol og sommarvarme. Landsskyttarstemnet skal avsluttast. Kongelaget på 26 skyttarar skyt sin finaleomgang. 10 skot liggande, skytetid eitt minutt, avstand 300 meter.

To mann har skilt seg ut med resultat ingen har sett maken til på eit landsskyttarstemne tidlegare:

  • Skive 1: Gunnar Bøe frå Stavanger med 191 poeng etter 95 på grunnlaget og 96 på den første omgangen, slik programmet var på den tid.
  • Skive 2: Lars L. Ese frå Balestrand med 190 poeng, etter ufattelege 97 poeng på grunnlaget og 93 på den første omgangen. Han er også regjerande skyttarkonge frå året før.

Skal Bøe frå Rogaland ta sin første kongetittel, eller skal Ese frå Sogn ta sin historiske fjerde? Avstanden bakover er så stor at andre alternativ ikkje finst.

Skyttarane er ferdige. Reiser seg opp frå skytestillinga. Set seg til for å vente. Og dei må vente lenge.

– Dette skulle aldri vore tillate

For aller første gong har nemleg arrangøren bestemt seg for å plassere dei beste i siste skytelag i rangert rekkefølgje på skivene, og for å anvise skivene ei og ei. Dei startar med nummer 26, og dei beste må derfor vente lengst.

Etter ei ventetid som kjennest evig, nærmar anvisninga seg dei to i teten.

– Dette skulle aldri vore tillate, seier Ese. Sogningen som er kjend for å ha ekstremt god kontroll på nervane, held nesten ikkje ut spenninga.

Så kjem omsider spaken opp på skive 2. Dei 4000 som kransar standplassen, jublar: Spaken går rett i niaren. Ikkje eit einaste av dei ti skota er dårlegare enn det.

Fem niarar blir det, resten er tiarar. 95 poeng i alt, 285 samanlagt. Det er utrulege sju poeng betre enn hans eigen meisterskapsrekord frå året før.

Ulideleg spenning

Lars L. Ese

KONGEN OVER ALLE KONGAR: I år er det 60 år sidan Lars L. Ese vart skyttarkonge for fjerde gong. Ingen andre har klart det.

Foto: Privat

Men det er ikkje sikkert det held likevel. For no skal markeringa av Gunnar Bøes serie på skive 1 ta til. Får også han 95, har han detronisert Ese. Får han 94, blir det omskyting.

Spaken går sakte opp – til øvste høgre hjørnet på skiva. Det går eit sus gjennom publikum: Ein åttar. Og så ein åttar til.

Framleis kan Bøe bli konge, men publikum skjønar likevel kva veg det ber. Det gjer nok Bøe sjølv også.

Endå ein åttar blir anvist, og då kan det i beste fall for Bøe bli omskyting.

Så kjem den fjerde åttaren, og saka er klar. Bøe rettar fram neven og gratulerer sin overmann. Lars L. Ese d.y. frå Balestrand i Sogn har denne strålande sommardagen gjort det ingen andre har gjort verken før eller seinare: Blitt skyttarkonge for fjerde gong – alle gongane med ny poengrekord.

Applausen frå dei 4000 er enorm og ekte. Dei forstår at dei er vitne til ei historisk hending.

Bøe får berre 85 poeng på sin serie, og fell heilt ned til fjerdeplass. Lorentz I. Sklett vert prins, men han er heile fem poeng bak Ese.

Lars L. Ese på landsskyttarstemne

DEN FØRSTE AV FIRE: Ukjende Lars L. Ese ligg på skive 1 på Landsskyttarstemnet i 1947, og er i ferd med å sikre seg den første av sine fire kongetitlar. Som ein ser, er det ikkje mykje som minner om utstyret dagens skyttarar brukar

– Pappa, skiva heng opp-ned

Ese var fødd i 1922 og var bonde i heimbygda Balestrand ved Sognefjorden. Skytinga vart hans store hobby etter at han tidleg oppsøkte skytebana i Esebotn, som det står i Store Norske Leksikon.

Som smågut utmerka han seg med eit svært godt syn. Det blir fortalt at han som femåring ein gong stod på standplassen og slo fast at «du pappa, den skiva heng opp-ned».

Det viste seg å stemme. Skiva hundre meter unna hang feil veg.

Han hadde ikkje delteke på noko landsskyttarstemne før stemnet på Os i 1947, og det var ikkje mange som kjende til han då.

Det var såvidt odelsguten fekk lov til å reise, midt i slåtten som det var. Reisebillettane kosta også pengar, sjølv om reisa gjekk berre til Os.

– Eg har skote aktivt berre to år før krigen og to år etter, sa Ese då han vart intervjua av NRK etter at han hadde teke kongepokalen.

Oslo-skyttaren Willy Røgeberg, mannen med OL-gull og fullt hus i 1936, var favoritt.

Men i regnveret på Os slo debutant Ese til allereie på første dag.

«Måtte ro til skivene»

Han opna med sterke 95 poeng på grunnlaget – tre skot ståande, tre kneståande og fire liggande i ein serie på to minutt. Det var det beste resultatet i DFS' historie. Ingen andre var i nærleiken denne gongen heller, og resultatet gav Ese den gjeve offiserspokalen.

Med 91 på den første omgangen låg han heilt i teten før finaleomgangen.

I vindbygene der måtte Ese nøye seg med 84 poeng, men i det krevjande vestlandsveret heldt det så vidt likevel til hans første kongetittel og kongepokal. 270 poeng var også meisterskapsrekord, og han heldt unna for Harald Skjelland med eitt fattig poeng.

Røgeberg feila fullstendig i ruskeveret og fekk berre 61 og 65 poeng på dei to omgangane.

Så vått var det forresten under stemnet at det blir påstått at arrangørane til tider måtte bruke robåt for å kome seg mellom standplassen og skivene.

Lars L. Ese, 25 år, hadde markert seg i den norske skytesporten. Han vart til og med intervjua på radio, noko som slett ikkje var vanleg på den tid.

– Det var debut for oss begge, skreiv intervjuar Per Jorsett etterpå.

Intervjuet og anvisninga av finaleserien kan du høyre her:

Skytterkongen 1947 kåres

Heime i Balestrand var det folkefest då Ese kom heim, og han vart boren på gullstol gjennom bygda.

Høyr Johs. B. Thues kåseri om gullstol-ferda gjennom bygda her:

Skytterkongen på gullstol

Ny kongetittel i Bardufoss

Lars L. Ese d.y.

FIRE TITLAR PÅ SJU ÅR: Ikkje berre tok Lars Ese fire kongetitlar, han gjorde det også i løpet av berre sju år (åtte Landsskyttarstemne)

I Bardufoss i 1951 tok han ein ny tittel, denne gongen med 275 poeng. Igjen meistra han presset best, og vann med eitt poeng på sin hardaste konkurrent. Ese leia med 186 poeng før meisterskapsomgangen, eitt poeng føre Ivar Renmelmo. Begge skaut 89 poeng i finaleomgangen.

No var Ese etablert som ein av dei aller beste skyttarane i landet, men han lukkast ikkje i 1952. I 1953 var han med i toppen, men enda på fjerdeplass.

Siger med rekordmargin

I 1954 gjekk stemnet i Sandnes. Ese opna med 87 poeng på grunnlaget. På den første av dei to omgangane smelte han inn 95 poeng. 182 poeng framfor finaleomgangen gav delt leiing med tre andre.

I finalen var Ese i ei klasse for seg. Med 96 poeng var han fire betre enn nærmaste konkurrent – større sigersmargin enn nokon gong før. Og endå ein gong med ny poengrekord, 278.

Offiserspokalen og fjerde kongepokal

Og så kom altså kruna på verket på Kongsvinger året etter. Ese var no blitt superstjerna innan skytesporten, og alle som kunne krype og gå inne på idrettsplassen i byen kom for å sjå sogningen skyte sitt innleiande grunnlag.

Dei fekk sjå det dei kom for. 97 poeng av 100 mogelege var sensasjonelt godt – faktisk best av alle på stemnet. Dermed fekk han offiserspokalen, ein premie han også fekk på veg mot kongepokalen i 1947.

93 poeng på den første omgangen var ikkje heilt av same kvalitet.

Men han tok innersvingen på alle i finalen. Igjen. 95 poeng, 280 samanlagt. Rekorden stod framleis då skyteprogrammet blei endra til dagens 35 skot eit par år seinare.

Fire titlar då han berre var 33 år gammal. For det fekk han Morgenbladets gullmedalje.

Siste tittel på første kongelag

Landsskyttarstemnet på Kongsvinger dette året var det aller første året dei beste var rangert og fekk individuell anvisning i finaleomgangen. Også tidlegare hadde dei beste skyttarane skote til slutt, men ikkje blitt rangert etter rekkefølgja før finalen. Og skivene vart anviste samla.

Men i 1955 vart dei beste rangert etter stillinga før finaleomgangen. Og med anvisning av ei og ei skive, der skive 1 kom til slutt.

Tilfeldig kanskje, men ein historisk innertiar likevel – at kongelaget som vi kjenner det i dag skulle bli ein realitet same dag som kongen over alle skyttarkongar tok sin siste tittel.

Første prinsesse

Og sidan vi er inne på historiske hendingar på stemnet på Kongsvinger i 1955: For aller første gong vart det kåra skyttarprinsesse. Guri Melleby fra Høland fekk æra av å vere den første. Poengsummen var høgst respektable 268. Tre gonger til skulle Melleby smykke seg med prinsessetittelen.

Ese kunne vore med og kjempa om ein femte kongetittel i Bodø året etter. Men på grunnlaget måtte han tole å få registrert ein bom.

Ingen trudde at Noregs beste skyttar hadde bomma på skiva. Men på skiva ved sida av var det 11 skot, så Ese hadde nok hatt feil skive i siktet på eitt av skota. Det var iallfall det stemneleiinga trudde, og gav han ein bom etter å ha fingranska pappskiva.

Mange store trofe

Minnestøtta over Lars L. Ese

MINNESTØTTE: Bygdefolket i Balestrand har reist ein bauta over Lars L. Ese, som gjekk bort då han berre var 38 år gammal

Foto: Arild Nybø / NRK

I tillegg tok han ei rad av dei andre store trofea som det blir kjempa om på Landsskyttarstemnet:

Stangskytinga to gonger (1949 og 1952), felthurtigskytinga to gonger (1950 og 1954), offiserspokalen to gonger (1947 og 1955), og han var med på Sogn Ytre sitt sigrande lag på samlagsskytinga i 1951.

Skyteprogrammet til Det frivillige skyttervesen er ikkje internasjonalt, men nokre internasjonale konkurransar fekk han med seg likevel. Det går gjetord om skytinga hans under «Britain Shield Competition» i 1955 – med 183 av 200 mogelege poeng i eit britisk og for ein nordmann nokså uvant program. To gonger til vann han denne konkurransen.

Sin siste store siger vann han i 1959. Då vart han landsdelsmeister – såkalla «småkonge» – i Fjordane krins.

Ese var også ein god langrennsløpar og tok KM-gull. Han hadde også lenge løyperekorden i landevegsløpet Esefjorden rundt.

Døydde så altfor tidleg

Kva Lars L. Ese kunne ha drive det til seinare, er det ingen som veit. Han vart sjuk hausten 1959, og det vart oppdaga ein svulst på hjerna. Denne svulsten viste seg å vere kreft og let seg ikkje lækje.

Lars L. Ese døydde i mai 1960, berre 38 år gammal.

I Balestrand reiste seinare bygdefolket ein bauta over den firedoble skyttarkongen.

Sonen Lars Hallvard Ese førte familietradisjonen vidare. I 1977 vart han skyttarprins på Ulven ved Os – bana der faren tok sin første kongetittel 30 år tidlegare. Og på Løvenskioldbana i Oslo gjekk han heilt til topps og vart skyttarkonge i 1980.

PS: Namnet kongelaget var første gong brukt i 1963, som også var første gongen NRK Fjernsynet sende frå Landsskyttarstemnet. Men organiseringa med å rangere skyttarane frå skive 1 og nedover, og å anvise ei og ei skive enkeltvis, tok altså til i 1955.

Siste nytt

  • Halvorsen sikret norsk OL-plass

    Rifleskytter Ole Martin Halvorsen (24) ble nummer tre i fredagens OL-kvalifisering i Brasil, og sikret Norges sjette OL-plass i idrettsgrenen.

    – Det føles veldig godt nå, men det var hardt å skyte. Det er første gang på pallen individuelt for meg internasjonalt, og det var ikke forventet. Men det er veldig gøy, sier Halvorsen til NTB.

    – Det betyr at vi har mulighet til å delta i alle øvelser med maks antall skyttere. Vi kan blant annet stille to lag i blandet lag. Vi står godt rustet foran OL, sier sportssjef Tor Idar Aune i Norges Skytterforbund til NTB.

    OL-ilden i Paris tennes 26. juli. Dagen etter deles første medalje i skyting ut.

    (NRK/©NTB)

    Ole Martin Halvorsen
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Haaland usikker til FA-cupsemifinalen

    Erling Braut Haaland er småskadd og kan miste Manchester Citys FA-cupsemifinale mot Chelsea lørdag.

    Det avslørte City-manager Pep Guardiola på en pressekonferanse fredag.

    Det har vært knyttet usikkerhet til Haaland etter at han ble byttet ut før ekstraomgangene i mesterligakvartfinalen mot Real Madrid onsdag.

    Guardiola uttalte etter den kampen at Haaland ba om å bli byttet ut, og at han ikke var i stand til å fortsette.

    – Erling kjente noe. Et muskulært problem. Han kunne ikke fortsette, sa Guardiola fredag.

    Selv om City er slått ut av mesterligaen, venter et relativt hektisk kampprogram de neste ukene. Kommende Torsdag skal de lyseblå spille en utsatt bortekamp mot Brighton i Premier League, mens Nottingham gjester Manchester i serien tre dager senere.

    Med seks kamper igjen av sesongen topper City ligatabellen to poeng foran Arsenal og Liverpool.

    Haaland er delt toppscorer med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har samtidig måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Anna Svendsen legger opp

    Langrennsløper Anna Svendsen avslutter karrieren etter inneværende sesong.

    Tromsø-jenta bekrefter beslutningen i en oppdatering på Instagram fredag.

    – En tid for alt, skriver veteranen.

    – Jeg har gått en litt annerledes vei enn mange andre. Tok bachelor i sykepleie rett etter videregående og dro to år til USA etter det og har de siste ti årene satset for fullt som langrennsløper, men nå er den reisen over, legger hun til.

    Svendsen har blant annet markert seg i sprinter i verdenscupen over mange sesonger.

    Selv trekker tromsøværingen fram sjuendeplassen i sprint under VM i Oberstdorf som et naturlig høydepunkt. Det har også blitt fire sesonger på landslaget og 86 starter i verdenscupen.

    – Et nytt kapittel i livet står for tur, og nå gleder jeg meg til å starte i jobb som sykepleier på infeksjonsmedisinsk avdeling, skriver 34-åringen. (NTB)

    Anna Svendsen i Drammen
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal