Den 51-år gamle Bert Jonker er hovudsponsor av Clafis-laget der mellom andre OL-meister Jorrit Bergsma er med.
På veg ut etter EM-løpa vart han angripen og skoten etter av ein enno ukjend gjerningsmann. Jonker greidde å flykte i bilen sin, og blei i kveld operert i handa på sjukehus.
Fleire bilar vart også skadd då folk prøvde å flykte i panikken som følgde, melder nederlandske media.
Fleire av dei aktive høyrde skytinga. Mellom dei var Sindre Henriksen. Han fortel til NRKs reporter at han først vart redd. – Men vi trudde etter kvart at det var fyrverkeri, seier han.
Først tilbake på hotellet fekk dei vite kva som hadde skjedd. Også Sven Kramer høyrde skota.
Politiet har avsperra heile området ved Thialf Isstadion i Heerenveen.
Men media nemner også at Jonker lenge har vore involvert i ein sterk krangel om eit oppkjøp av ei anna verksemd, og ifølgje nos.nl stadfestar politiet dette.
– Vi har ein mistenkt i tankane, seier ei talskvinne for politiet.
Og i kveld melder politiet at dei veit kven gjerningsmannen er. – Vi håpar at han melder seg sjølv, seier talskvinna til omropfryslan.nl.