– Det er skuffande at Bernard Hinault igjen har repetert falske opplysingar om ei sak som han openbert ikkje forstår noko av, skriv Team Sky i ei pressemelding i dag.
Franskmannen Hinault er ikkje nokon kven som helst i sykkelverda. Han vann Tour de France heile fem gonger, i 1978, 1979, 1981, 1982 og 1985. Dessutan er han den einaste utanom Alberto Contador som har vunne både Giro d'Italia, Tour de France og Vuelta a España minst to gonger.
– Han er dårleg informert
Derfor vekker det oppsikt når Hinault ber deltakarane i Tour de France om å streike dersom briten Chris Froome deltek i årets ritt.
– Feltet burde setje ned foten og streike. Dei burde sei at dersom Froome startar, så gjer ikkje vi det. Ein bør ikkje godta ein juksemakar, har Hinault sagt til Cyclingnews.
Grunnen er at fire gonger Tour de France-vinnar Froome i fjor gav frå seg ein prøve som viste for store mengder salbutamol. Men så langt er ikkje Froome straffa for forholdet.
– Kommentarane til Hinault er uansvarlege og viser at han er dårleg informert. Chris har ikkje gitt ein positiv dopingprøve. Dette er snakk om ein for høg verdi av ein lovleg astmamedisin, blir det forklart i pressemeldinga frå Team Sky.
– Bernard burde som tidlegare syklist setje pris på behovet for rettsferdigheit for idrettsutøvarane. Og per no har Chris rett til å delta, legg sykkellaget til.
– Blir ikkje påverka
Saka mot Chris Froome er ikkje ferdigbehandla. Team Sky skriv i pressemeldinga at dei er skuffa over at detaljar frå prosessen har lekt ut. Men dei understrekar at dei gjer det dei blir bedt om av det internasjonale sykkelforbundet (UCI).
Og det er ingen som helst slags tvil om at Chris Froome står på startstreken i Tour de France 7. juli.
– Både Chris og Team Sky er fullt fokuserte på Tour de France. Vi vil ikkje la desse sleipe kommentarane frå Bernard Hinault påverke oss, melder Team Sky.
Chris Froome vann Tour de France både i 2013, 2015, 2016 og 2017. Vinn han i år igjen tangerer han nettopp Hinault.