– Zucc, dersom du gir meg kølla di, vil ho gå på ball med meg, skreiv Vinny Mutone på plakaten han viste fram under kampen i natt.
Zuccarello var den siste som gjekk av isen etter 2-1-sigeren, og han fekk med seg teksten på plakaten. Lynraskt var han borte og snakka til seg ei ekstra hockeykølle og bad ei av vaktene gi den til Vinny.
– Kjekt å kunne hjelpe ein «buddy», sa Zuccarello til Daily News etter kampen. – Fint å kunne hjelpe han til ballet.
Han signerte også køllebladet: «Ha det fint på ballet. Og far pent med henne».
– Blei nesten på gråten
Vinny Mutone er ein 18 år gammal Rangers-fan. Han fortel til avisa at han hadde leita etter ein måte å be kjærasten Catherine til skuleballet i juni. Og at han kom på å gjere det på denne måten.
Begge er Rangers-fans og går på dei fleste kampane.
– Eg spurde Catherine om ho ville vere med dersom eg fekk ei kølle. «Ja, definitivt», svara ho. Og Zucca er favorittspelaren min, derfor ville eg spørje han, seier Vinny.
– Vi trudde ikkje det ville fungere, men det gjorde det, seier Vinny. – Eg blei nesten på gråten.
Mats Zuccarello fekk ikkje med seg teksten med det same. – Det var litt vanskeleg å lese, og det tok tid før eg forstod heile teksten og kva den innebar, seier han.
Tre og eit halvt år
Vinny og Catherine har kjent kvarandre i tre og eit halvt år, men har data kvarandre berre den siste månaden.
– Eg trudde det nesten ikkje. Plutseleg gjekk han og henta ei kølle, peika oss ut blant publikum, og vi fekk kølla, seier Vinny.
Han spelar sjølv ishockey, men er høgrehendt. Derfor kan han neppe bruke Zuccas venstre-kølle.
– Men det hadde eg neppe gjort uansett, seier han.
Mats Zuccarello scora forøvrig det første målet i kampen, som Rangers vann 2-1.
– Det var ein god dag, seier Vinny.