Skuldar NFF-toppar for illojalitet: – Har aldri opplevd nokon med slik mangel på kunnskap

Det vekte oppsikt då det midt under fotballtinget vart kjent at Fotballforbundets direktør Ronny Aasland har sendt epostar der han rett ut skuldar tre NFF-toppar for å vere illojale.

Ronny aasland

BRÅK: NFF-direktør Ronny Aasland skuldar NFF-toppar for illojalitet, for å ha skadd fotballen, og for inkompetanse

Foto: NFF
Arve Lote byline
Journalist

Det var Dagbladet som publiserte epostane laurdag.

Aasland skreiv epostar til visepresident Bjarne Berntsen, tidlegare visepresident Einar Schultz og Vålerenga-direktør Stig Ove Sandnes.

Der skuldar han alle tre for illiojalitet og for å ha påført norsk fotball skader.

  • «I de delene av fotballen jeg er involvert har jeg vel aldri opplevd noen med slik mangel på kunnskap og forståelse for hva som skaper aktivitet, inntekter og forutsigbar økonomi», skriv han til Berntsen.
  • «Det kan virke som du er dyktigere på å bygge ned virksomheter enn å skape noe selv. Har til dags dato ikke opplevd at du har bidratt med en inntektskrone. Men å belære andre - der er du en ener,» er blant det han skriv til Sandnes.
  • «Du sier i VG at du er en av syndebukkene. Du har helt rett. Kanskje den største», skriv han til Schultz.

Før han viser til at alle tre har eller har hatt verv i NFF.

«Dere har alle hatt eller har verv i NTF. Har dere sett nærmere på ressursbruken der eller er det vanskelig å skite i eget reir?»

Til Dagbladet seier Aasland i ettertid at han står hundre prosent inne for innhaldet i epostane.

Ingen av epostmottakarane ville kommentere det då VG snakka med dei på fotballtinget laurdag.

NFFs generalsekretær Kjetil Siem fekk alle dei gjeldande epostane som kopi. Han avdramatiserer det.

– Det var ei melding som like gjerne kunne gått som telefon. Når det gjekk som epost og den hamna i media, får det ein annan dimensjon, seier Siem.

Han vil kalle inn Aasland og dei tre andre til eit møte om saka.

VG har skrive fleire artiklar om lønsauken i NFF, artiklar som fekk knusande kriktikk av fleire frå talarstolen på fotballtinget laurdag.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM svømming kortbane
VM svømming kortbane