Hopp til innhold

Sportsnyheter

Boye Brogeland avdekka juks

Kjenner seg att i Carlsen-dramaet: Slik avslørte spelaren jukset

Ein kan nesten seie at Magnus Carlsen har tatt ein «Boye Brogeland». Bridgespelaren blir kalla sheriff, etter at han sjølv avdekka juks i miljøet.

Siste nytt

  • Hegerbergs skade framleis uklar

    Skaden som Ada Hegerberg pådrog seg under landskampen mot Belgia 2. september, pregar spissen framleis. No skriv klubben at Hegerberg vil vere utilgjengeleg for spel i fleire veker.

    – Ho har starta ein spesifikk og tilpassa opptreningsperiode, men vil framleis vere utilgjengeleg i fleire veker, skriv Olympique Lyonnais i pressemeldinga.

    Vidare skriv klubben at dei vil sikre at Ballon d'Or-vinnaren får den beste medisinske oppfølginga som er, slik at ho rekk tilbake til det hektiske kampprogrammet denne sesongen.

    Ada Hegerberg
    Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN
  • Saggi-debut i serieligaen

    Rohit Saggi skal leie oppgjeret mellom AZ Alkmaar og Apollom Limassol i serieligaen torsdag. Det blir debuten til nordmannen i turneringa.

    Noregs Fotballforbund (NFF) opplyser at Saggi får med seg Geir Oskar Isaksen, Morten Jensen og Sivert Øksnes Amland i kampen, som blir spelt på AZ Alkmaars heimebane nord for Amsterdam.

    Håkon Evjen er norsk innslag i AZ, men nordlendingen er skadd og rekk høgst truleg ikkje kampen. Nederlendarane har full pott etter to kampar i turneringa.

    Frå før er det klart at Espen Eskås skal dømme meisterligakampen mellom RB Leipzig og celtic onsdag.

    Rohit Saggi
  • Indonesia-ofra skal minnast

    Det europeiske fotballforbundet har bestemt at det skal haldast eitt minutts stille før kampar i Uefa-regi denne veka etter tribunetragedien i Indonesia.

    Det startar med kveldens meisterligakampar, opplyser forbundet på sine nettsider.

    Minst 133 menneske er stadfesta døde etter at ei av dei verste stadionkatastrofene i fotballhistoria utspelte seg i Indonesia laurdag. Supportarar frå klubben Arema FC storma banen etter 2-3-tapet for rivalen Persebaya Surabaya i indonesisk fotball. Banestorminga leidde til det komplette kaos, og politiet tok i bruk tåregass i eit forsøk på å få kontroll på situasjonen.

    Mange menneske døydde av kveling eller blei trampa i hel.

    Det skal haldast eit minutts stille både i meisterliga-, europaliga-, serieliga- og VM-omspelkampar denne veka.

    Av de 133 omkomne skal 37 vere barn og ungdommar. 91 menn og 42 kvinner mista livet.

    Malang-ulykka
    Foto: WILLY KURNIAWAN / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste