Anders Fannemel og Anders Jacobsen klarte ikkje ein gang å kvalifisere seg til finaleomgangen etter 102 og 110,5 meter i første omgang.
Fannemel klarte dermed ikkje å følgje opp den gode innsatsen frå Lillehammer førre helg, då han tok si første pallplassering i verdscupen.
Hilde nest beste nordmann
Tom Hilde vart neste beste nordmann på 12. plass, medan Andreas Stjernen enda på 14. plass.
Rune Velta var beste nordmann etter første omgang på 9. plass. Men i andre omgang fekk ikkje nordmannen klaff og enda til slutt på 17. plass.
Vann gjorde altså Severin Freund frå Tyskland. Han vann føre russiske Dimitry Vassiliev. 3. plassen gjekk til Simon Ammann frå Sveits.
Totalkollaps
19 år gamle Jaka Hvala imponerte stort i første omgang med eit hopp på 141 meter og sat sist att på bommen i finaleomgangen.
Det slovenske hopptalentet bomma fullstendig og hoppa berre 97 meter i andre omgang. Dermed enda han til slutt på 24. plass.