– Sjansemessig og spelemessig er Brann veldig over oss, spesielt den siste halvtimen. Lag som ligg under på heimebane brukar å køyre på og det handterte vi dårleg, seier Vålerenga-trenaren til NRK etter kampen som enda med 3–2 til bortelaget.
Brann tok leiinga ved Jonas Grønner på eit hjørnespark etter 30 minutt, men Vålerenga slo brutalt tilbake. Jublande heimesupportorar hadde knapt sett seg ned att på dei glisne tribunane, før Nikolaj Høgh hadde utlikna til 1–1.
– Enormt viktig
I andre omgang var det Vålerenga som kom raskast ut av startblokkene. Vidar Örn Kjartansson sende bortelaget i leiinga etter berre eitt minutt, før Herman Stengel auka til 3–1. 16 år gamle Håkon Lorentzen sette inn reduseringa for Brann og fastsette sluttresultatet til 2–3.
- LES OGSÅ:
– Det betyr enormt mykje for oss. Vi jobbar hardt for å bli betre og meir stabile, og vi strevar etter å spele den perfekte fotballkampen, sa Rekdal om dei tre viktige bortepoenga.
Men han hadde ingen problem med å innrømme at Vålerenga var heldig.
Skryt til Brann
For Rekdal var full av lovord om heimelaget etter kampen. Brann, som no har tapt sju av elleve kampar i Eliteserien, slit i motgang men Brann-trenar Rikard Norling har framleis støtte hjå supporterane.
Det får han også av Rekdal.
– Eg syns Brann spelar attraktiv og artig fotball. Det er mange unge spelarar som får ei brutal oppleving av det som skjer no sjølvsagt, men dei lærer fort.
Vålerenga-trenaren ber Brann vera tolmodige og halde fram på den kursen dei har lagt.
– Som eg sa til Norling etter kampen: Det er nok tøft for deg å gå av bana med eit her i dag, men laget ditt spelar bra fotball og vi er heldige som vinn i dag.
– Om Brann skal skifte totalt kurs no vil det vere idiotisk.
Satsar på ketsjupeffekt
Det var ein roleg men skuffa Rikard Norling som møtte pressa etter kampen.
– Vi har spela mange kampar og komme inn i ein negativ trend. Så vi treng og forbetre oss, i begge 16-metrane, sa Brann-trenaren.
Mellom dei som sløste med sjansane i dag, var Brann-spiss Erik Huseklepp. Han står førebels utan mål i årets Eliteserien. I dag var han svært nærme, men skotet frå kort hald gjekk i stolpen.
– Heile Bergen berre ventar på at Huseklepp set sjansane. Det vil bli ein ketsjupeffekt. Så det er viktig å halde den balansen på topp med Jakob Orlov og Huseklepp, kommenterer Norling.
Samstundes skryt han av innhoppet til Håkon Loretnzen.
– Han gjer det bra, og er alltid nær når sjansane oppstår. For hans egen utvikling er det bra at han får komma inn frå benken slik som dette.
Slik var kampen: