NRK Meny
Normal

Skreiv historie i EMs mest absurde kamp

Ein Nord-Irland-spelar som nekta å gå av banen toppa den fascinerande kampen, som i utgangspunktet var ein av EMs minst interessante.

Det oppstod en komisk situasjon da Nord-Irland prøvde å bytte inn Paddy McNair mot Ukraina.

GULT KORT I ABSURD BYTTE-SITUASJON: Corry Evans nektar å gå av banen. Så får lagkameraten gult kort.

Laster innhold, vennligst vent..
  • Laga måtte rømme av banen.
  • Eit mislukka forsøk på Nord-Irland-bytte enda med gult kort.
  • Gareth McAuley blei historisk for Storbritannias store underdog-nasjon i EM.

Beordra i garderoben

Like etter pause starta showet. Favoritten Ukraina, som var best i innleiinga, fekk mål imot då midtstoppar Gareth McAuley noterte Nord-Irlands første nettkjenning i EM nokon sinne.

I tillegg: Det var første gang på 30 år at den nord-irske fansen kunne juble for meisterskapsscoring. Sist var i 2-1 tapet i VM-møtet med Spania, 7. juni 1986.

– Dette er ein enormt stor dag for heile landet, seier landslagssjef Michael O'Neill.

Sjå den historiske scoringa:

Gareth McAuley stanger Nord-Irland i ledelsen mot Ukraina, og blir med det Nord-Irlands første målscorer i et mesterskap noensinne.

HISTORISK MÅL: Midstoppar Gareth McAuley scorer tidenes første EM-mål for Nord-Irland.

Så: Rundt ti minutt ut i andre omgang beordra dommaren laga av banen. Spelarane måtte rømme i garderoben fordi haglbygene plutseleg hadde blitt så kraftige at det ikkje var forsvarleg å spele fotball.

Sjå spelarane rømme i garderoben:

Haggel sørget for stopp i spillet mellom Ukraina og Nord-Irland.

MÅTTE AV BANEN: Dommaren beordra spelarane av banen då haglet blei for kraftig.

Nekta å gå av banen i komplett kaos

Både før og etter haglet inntraff regna det tungt i Lyon.

Tungt blei det også for fleire på sidelinja. Nord-Irlands landslagssjef skulle gjøre eit siste bytte etter 85. minutt. McNair stod klar for å komme inn, og Corry Evans blei vinka av banen.

Men Evans nekta å gå av, sjølv om hans nummer 13 stod på fjerdedommarens tavle. Evans peika på lagkamerat Stuart Dallas, og meinte at det var Dallas som skulle av banen.

Då Dallas prøvde å gå av blei han dytta tilbake på matta av Nord-Irlands landslagssjef.

Ein forvirra dommar prøvde å ordne opp i situasjonen, og dro fram det gule kortet til Stuart Dallas(!).

Corry Evans slapp unna både bytte og gult kort, medan McNair måtte vente til tampen av oppgjøret for å sleppe til.

På overtid dobla Niall McGinn, og kvelden var komplett for ekstatiske Nord-Irland-fans.

Sjå målet som fekk Nord Irland-fansen til å eksplodere:

Nord-Irlands innbytter Niall McGinn fastsatte resultatet til 2-0 mot Ukraina.

EKSTASE: Her doblar Niall McGinn, og Nord Irland-fansen eksploderer.

Nord-Irland har tre poeng etter to EM-kampar, og kan gå vidare til utslagsrundar som gruppetrear sjølv om dei møter storfavoritt Tyskland i siste gruppespelkamp.

EMs fire beste gruppetrearar går vidare i turneringa.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Ny verdensrekord og ny norsk rekord

    Ted-Jan Bloemen gikk inn til ny verdensrekord med tiden 6:01.86 på 5000 meteren i Salt Lake City.

    – Et helt sinnssykt skøyteløp, sier NRK-ekspert Even Wetten.

    Blomen gikk i par med Sverre Lunde Pedersen, som hang godt på rekordfarten og suste inn til ny norsk rekord med tiden 6.07.61. Det holdt til en sjetteplass.

    Canada WCup Speedskating Ted-Jan Bloemen
    Foto: Mike Ridewood / AP
  • SK snudde til seier i finalen

    FaZe, med norske Håvard «Rain» Nygaard på laget, tok ledelsen 1-0, men brasilianske SK slo tilbake og vant 3-1 i finalen i CS:GO-turneringen ESL Pro League i Odense søndag kveld.

    Håvard Nygaard
    Foto: NRK
  • Seier til Røiseland

    Snowboardkjøreren Mons Røisland vant søndagens verdenscupkonkurranse i Big Air i Colorado. I kvinneklassen tok Silje Norendal tredjeplassen.

    Det var Røislands andre seier i verdenscupsammenheng.

    Silje Norendal ble treer med poengsummen 156,75.

    Røisland
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge