Skottland - Nederland i playoff
Skottland møter Nederland og Italia skal møte Ukraina i dei første playoffkampane om den siste europeiske plassen i kvinnenes fotball-VM i Canada neste år. Laga møtest heime og borte denne månaden, og vinnarane møtest heime og borte i november.
Nederland vart nummer to i Noregs gruppe i kvalifiseringa, og slo Noreg 2-0 i den siste kampen. Noreg er likevel VM-klar saman med England, Frankrike, Spania, Sveits, Sverige og Tyskland.
Dei seks VM-gruppene skal trekkast 6. desember, og VM går frå 6. juni til 5. juli neste år.