Den utsette kampen i Dortmund skal spelast klokka 18.45 i kveld. To timar seinare er det også kvartfinaler i München og Madrid.
– Vi aukar trygginga på alle tre kampane så mykje som trengst, melder UEFA.
Hendinga i Dortmund har ført til kraftig skjerpa tryggleik framfor kvartfinalen mellom Bayern og Real Madrid i München, melder Bild.
Politiet i München sat i møte for å gjennomgå tryggingsrutinene då det small i Dortmund, melder Süddeutsche Zeitung.
30 politifolk rundt Real-hotellet
Det umiddelbare resultatet var forsterka vakthald kring hotella til begge laga. Rundt hotellet med Real Madrids stjernegalleri var det plassert eit 30-tals politifolk med skotsikre vestar. Spelarbussane til begge laga er plasserte på hemmelege stader.
I dag skal politet orientere kamp-arrangøren om skjerpa tryggingstiltak.
– Men vi har så langt ingen indikasjonar på nokon fare her, seier ein talsmann for politiet.
Også politiet i Dortmund varslar strengare tiltak når den utsette kampen skal spelast i kveld.
– Vi skal gjere alt som står i menneskeleg makt for å gjere kampen trygg, lovar politisjef Greogor Lange, ifølgje Evening Standard.
Dortmund-spelarane var onsdag føremiddag tilbake på bana for lett trening.
Leicester fekk væpna eskorte
Leicester-spelarane var på trening i Madrid då det small i Dortmund tysdag kveld. Spansk politi sette straks inn væpna vakter rundt laget, og Leicesters buss hadde politieskorte på veg tilbake til hotellet etter treninga.
Politet i byen er på tå hev.
I går vart fleire Leicester-fans arrestert i Madrid. – Heilt uprovosert, og fleire av dei vart slått med batongar, melder ein BBC-reporter som såg hendinga.
Spanske media melder at totalt åtte Leicester-fans blei arrestert.
– Vi såg politi med batongar og skjold gå til angrep på grupper på ein bar og til og med kaste stolar mot fansen, seier ein engelskmann BBC har snakka med.
– Det var godlynt stemning, men nokon av dei var fulle og kanskje litt provoserande med songane, legg han til.
Politiet på si side nøler ikkje med å omtale dei arresterte som «hooligans».