Hopp til innhold

Skjelte ut spelar med hijab: – Ville han sagt det om kristne nonner?

Det marokkanske landslaget har nådd fleire milepælar i fotball-VM. Éin av dei vekkjer sinne i Frankrike.

nouhaila benzina

HISTORISK: Nouhaila Benzina er den første kvinna med hijab i fotball-VM. Her i kampen mot Colombia, der Marokko vann 1–0.

Foto: AFP

Sjølv om Marokko vart slått ut i åttedelsfinalen mot Frankrike tysdag, har landslaget skrive historie i årets fotball-VM for kvinner.

Marokko har notert seg for si første VM-skåring, sin første VM-siger og det første VM-avansementet sitt. Samstundes vart forsvarsspelar Nouhaila Benzina den første kvinna med hijab i fotball-VM. Det har skapt oppstyr.

Den franske journalisten Philippe Guibert har gått hardt ut mot Benzinas religiøse hovudplagg.

I ein TV-debatt på den franske kanalen CNews 30. juli sa han følgjande:

– Du må tenkje på at denne unge kvinna som ber hijab prøver å fortelje medspelarane sine at «du er uanstendig». Det er det hijaben betyr. Ho må skjule kroppen sin så mykje som mogleg fordi ei kvinne må vere sømmeleg. Det er betydninga av hijaben. Derfor er eg samd i at det er ein utruleg tilbakegang.

 Nouhaila Benzina

BANEBRYTANDE: I løpet av deltakinga si i fotball-VM i sommar har Marokko notert seg for det første VM-målet sitt, den første VM-sigeren sin, det første VM-avansementet sitt og den første hijaben i historia i VM.

Foto: Reuters

– Absurd

Uttalen får fleire til å riste på hovudet.

Mustafa Mahmood, nestleiar i Islamsk Råd Noreg, kallar Guiberts logikk «bisarr».

– Den franske offentlege diskursen og politikken er dessverre svært muslimfiendtleg, og desse utsegnene reflekterer det. Dei som vel å følgje desse klesnormene gjer det på grunn av forholdet sitt til Gud, ikkje fordi dei ønskjer å signalere til andre at dei er dårlegare enn dei. Påstanden til den islamofobe journalisten er absurd: I Marokko bruker nokre hovudplagg, og andre ikkje. Dette kan variere mellom venner og internt i familiar, fortel Mahmood til NRK og spør:

– Ville han sagt noko liknande om kristne nonner?

Mustafa Mahmood er informasjonsansvarlig i Islamsk Råd Norge.

ABSURD: Seier Mustafa Mahmood, nestleiar i Islamsk Råd Noreg.

Foto: Islamsk Råd Norge

Nestleiar i SV, Marian Hussein, er Noregs første stortingsrepresentant med hijab. Ho har lite til overs for Guiberts uttale.

– Han er nok ikkje den første, eller siste mannen som prøver å kontrollere kvinners kledning, seier Hussein til NRK.

Marian Hussein

ROLLEMODELL: Stortingsrepresentant Marian Hussein er glad for at mange minoritetskvinner får sjå ein spelar dei kan identifisere seg med i toppfotballen.

Foto: NTB

Politikaren fortel at hijaben er personleg for dei som bruker han.

Stortingsrepresentant og idrettspolitisk talskvinne i Frp, Silje Hjemdal, meiner den franske journalisten må stå for sine eigne kommentarar.

– Ein kan meine mykje om plagget, men det er ein vesentleg forskjell på barn og vaksne og ein som er tvungen hijaben eller ikkje. Her er det ein vaksen, og hijaben er tillaten innanfor regelverket, seier ho til NRK.

marokko, nouhaila benzina

UNDERDOGS: Få hadde trudd at Marokko skulle ta seg vidare frå gruppespelet i sitt første fotball-VM.

Foto: Reuters

Samtidig understrekar Hjemdal, som har fremja forbod mot hijab i barnehage og barneskule, at det er bra at folk tør å stille spørsmål til hovudplagget:

– Vi veit at det også er vaksne kvinner som ikkje går med det av eigen fri vilje. For mange er det eit symbol for undertrykking, som vi til dømes har sett i Iran, kor mange har demonstrert fordi ein ikkje har rett til å velje sjølv.

NRK har vendt seg til både CNews og Guibert, men har i skrivande stund ikkje fått svar.

Fransk forbod

Medan Fifa løfta forbodet mot hijab i fotballkampar i 2014, er Frankrike det einaste europeiske landet som forbyr bruk av hijab i fotball.

Senator for det konservative franske partiet «Les Républicains», Jaqueline Eustache-Brinio, uttalte følgjande til CNN om forbodet mot hijab i 2022:

– Vi må ha motet, der det er mogleg, til å bevare fellesskapen og samhaldet i republikken, sa Eustache-Brinio, og la til:

– Idrett og skule er to stader vi må bevare og kvar vi må stå imot. Sport er ein stad der anten du er rik eller fattig, svart eller kvit, ateist eller truande, kan trene saman og vere saman.

Tidlegare i sommar vart det omdiskuterte forbodet overprøvd i fransk rett og den øvste administrative domstolen bevarte retten til å nekte kvinner i landet å bere hijab i offisielle fotballkampar.

Iman Meskini

STOLT: Iman Meskini har venta lenge på representasjonen Benzina har vist i fotball-VM.

Foto: Privat

– Det er ikkje ei inkluderande haldning, og dei mistar mange talentfulle deltakarar i idretten ved å praktisere den regelen.

Det meiner skodespelar Iman Meskini, for mange kjende frå NRK-serien Skam. Ho har vore open om fordommane ho har møtt på grunn av hijaben.

Meskini er oppgitt over uttalen til Guibert og meiner han klargjer eit større samfunnsproblem.

Først og fremst tenkjer eg at dette berre er eit enkeltmenneskes meiningar og haldningar. Eg synest denne fordomsfulle utsegna får meir merksemd i media enn det fortener. Det verkelege problemet her ligg i at islamofobiske haldningar som dette er tillate og akseptert på eit så høgt nivå, seier ho til NRK.

– Representasjon eg har venta lenge på

Både Hussein, Meskini og Mahmood gler seg over Benzina og Marokkos rekordknusande VM-debut.

– Eg må seie eg blir utruleg stolt over sjå Nouhaila Benzina som den første kvinna med hijab i VM. Dette er ein representasjon kvart fall eg har venta lenge på, og som eg trur betyr enormt mykje for muslimske kvinner over heile verda. Frontfigurar som Nouhaila er viktige for dyrkinga av draumar og ambisjonar hos fleire kvinner som ser seg sjølv i henne, fortel Meskini.

Mahmood frå Islamsk Råd Noreg meiner det vekkjer engasjement og glede:

– Det blir ofte teikna eit orientalsk og negativt bilete av den arabiske verda i vestleg presse. Det marokkanske herrelandslaget og suksessane til kvinnelandslaget utfordrar fordommar og er ein siger for «underdogs».

Eufori. Marokko videre til sluttspillet. fotball-vm

EUFORI: Marokko klarte på mirakuløst vis å ta seg til sluttspelet i VM. Storfavoritt Tyskland, som var i same gruppe, vart slått ut.

Foto: AFP

Siste nytt

  • Grosso fikk sparken i Lyon

    Fabio Grosso må betale prisen for Lyons fæle sesongstart i Ligue 1. Den italienske VM-vinneren mistet trenerjobben.

    Lyon opplyser på sine nettsider at Grosso erstattes av Pierre Sage etter bare tre måneder i jobben. Italieneren ble ansatt i september, men laget har slitt stort og ligger sist med sju poeng etter tolv kamper.

    De har vunnet bare én kamp under mannen som vant VM med hjemlandet i 2006. Grosso kom til Lyon fra Frosinone. Tidligere har han vært trener i Sion, Brescia, Hellas Verona og Bari. Han startet trenerkarrieren i ungdomsavdelingen til Juventus.

    Pierre Sage har hatt treneransvar i Lyons akademi før han nå blir midlertidig A-lagstrener. (NTB)

     Fabio Grosso
    Foto: AP
  • Lagvenninnene støtter Lundbys valg

    Maren Lundby står over verdenscupåpningen i hopp på Lillehammer denne helgen.

    Hoppstjernen fortalte til NRK onsdag at hun velger å prioritere trening:

    – Jeg har valgt å prioritere fysisk trening som løping og skiturer, for å komme i den matchvekten jeg vet jeg trenger, sa Lundby.

    Nå gir lagvenninnene Silje Opseth og Thea Minyan Bjørseth henne sin fulle støtte.

    – At hun velger å fokusere på trening, synes jeg det egentlig står stor respekt av. Det viser hva slags konkurransemenneske hun er. Hun ønsker å prestere på topp. For å gjøre det, velger hun å legge ned den jobben som trengs, før hun går ut og konkurrerer, sier Bjørseth til NRK.

    – Det er tøft av henne å ta det valget. Jeg vet at hun er i en krevende situasjon. Jeg kan ikke gjøre noe annet enn å heie på Maren, forteller Opseth til NRK.

    De er enige om at Lundby er en viktig rollemodell på laget.

    – Jeg tror først og fremst Maren er en sinnssykt viktig brikke på laget fordi hun hele tiden har et ekstremt stort pågangsmot, mener Opseth.

    – Hun har alltid vært en slags frontfigur. Det å se arbeidet hun gjør gir meg inspirasjon. Å se at hardt arbeid lønner seg, legger Bjørseth til.

    Fredag kveld er det kvalifiseringer på Lillehammer. Du kan se mennene hoppe i liten bakke klokka 17.00 på NRK1 fredag, mens kvinnene setter fart ned den store bakken klokka 20.00 på NRK2.

    Ski-VM 2023: Hopp, stor bakke for kvinner
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Tour de fra France 2025 starter i Lille

    Tour de France 2025s første etappe går rundt den nordfranske byen Lille, annonserte arrangør ASO torsdag.

    Den 185 kilometer lange etappen følges av ytterligere to etapper i nord. 6. juli går løypa fra Lauwin-Planque til Boulogne-sur-Mer (290 km) og dagen etter fra Valenciennes til Dunkerque (172 km).

    Den fjerde etappen starter i Amiens. Den komplette løypen for 2025 vil bli annonsert i oktober 2024.

    Etter tre utenlandsstarter markerer 2025 hjemkomst for verdens største sykkelritt.

    I fjor startet Touren i København og i år i spanske Baskerland. Neste år finner Grand Départ sted i Firenze. Neste år vil Touren også ende i Nice, i stedet for Paris for første gang på grunn av sommerens OL. (NTB)

    Tour de France 2023
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal