Manchester United avslutta sesongen på verst tenkeleg måte med 0–2-tap for Cardiff heime på Old Trafford.
Då Paul Pogba skulle takke fansen for sesongen blei han skjelt ut av illsinte United-supporterar. NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp forstår at fansen er kritiske til franskmannen.
– Personleg ville eg kvitta meg med Pogba. Han er ein spelar det heilt openbert er vanskeleg å få til å prestere jamt. Det har vi sett, først under Mourinho, og no under Solskjær. Han er ein spelar som ein ikkje kan ha i United - som skal vere gode heile tida, meiner Torp.
– Samstundes har han eit fantastisk maks-potensial. Spørsmålet er kven som kan få han til å prestere jamt og trutt, slik at han kan vere den verdstjerna han i mange sine auge er.
Fleire videoar på sosiale medier viser at det kokar over for United-fansen, og Pogba som truleg prøvar å unnskylde den svake prestasjonen etter tapet i sesongavslutninga
– Skjønar misnøyen
– Etter 2–0-tap heime mot Cardiff har eg forståing for at supporterane viser sin frustrasjon. Dei har rett til å vise at dei ikkje er nøgde. Eg forstår at dei kan bli frustrert på Pogba som har vore så god i mange kampar, og samtidig veldig dårleg i andre, seier Torp.
Pogba står med 16 mål og 11 assist denne sesongen. Han blomstra rett etter Solskjærs inntreden i klubben, men har etterkvart variert stort i prestasjonane.
Ryktene har gått om at han er på veg bort frå klubben, og det har blitt spekulert i at Real Madrid kan bli neste arbeidsgjevar.
United-fansen i Norge skjønar også at det kan koke over for enkelte fans.
– På ein måte kan eg skjønne frustrasjonen etter ein lang og vond sesong. Det begynte svakt med Mourinho, og vi fekk ein opptur under Solskjær, men landa med beina godt planta på jorda.
– Men eg likar ikkje at fansen går direkte på spelaren på den måten. Det er også andre spelarar som «kunne fått det», seier Bernt Hjørnevik som er dagleg leiar i Manchester United Supporterklubb i Skandinavia.
– Må ta ein alvorsprat
Etter 14 sigrar på dei 17 første kampane under Solskjær blei siste del av sesongen ein gedigen nedtur.
På dei siste 12 kampane blei det 2 sigrar. Laget klarte ikkje å kvalifisere seg til meisterligaen og må ut i Europaligaen.
No står Solskjær framfor ei stor oppgåve med å gjenreise klubben meiner Torp, og først må han ta grep rundt Pogba.
– Han må ta ein alvorsprat med han, og få han til bli meir vaksen og prestere på eit jamnare nivå, meiner Torp.
.