Hopp til innhold

Skiskyttarforbundet fortviler over nye ammunisjonsreglar: – Rekrutteringa kan stoppe heilt opp

EU kjem neste år truleg til å forby bly i ammunisjon. Dei vil rett nok gi dispensasjon for skiskyting og anna sportsskyting, men organisasjonane meiner unntaka langt frå er gode nok.

Skiskyting

KROKEN PÅ DØRA? – Forslaget til nye reglar kan føre til at mange skiskyttar-arenaer må stenge, fryktar Det internasjonale skiskyttarforbundet, IBU

Foto: Berit Roald / NTB

Problemet er at skytinga på banene gir tonnevis med blyavfall. Dette blir samla opp på ulike måtar i dag. Men EU vil ha endå betre oppsamling, og det er deira forslag striden står om.

– Kostnadene blir for store. Det finst ikkje gode nok alternativ til bly i dag, meiner Skiskyttarforbundet.

Skyttarorganisasjonane meiner også at dei løysingane som EU-byrået foreslår for oppsamling av blyet frå kulene på skytebanene, er for dårlege. Dei skriv i sine høyringssvar at det finst langt betre og billegare løysingar, og at det som er foreslått, ikkje er godt nok dersom aktiviteten og rekrutteringa skal haldast oppe.

Eit forslag frå ECHA, EUs kjemikaliebyrå, har vore ute til høyring i sommar. Det går litt lenger i å gi unntak frå sportsskyting enn det opphavlege forslaget frå i fjor. Men det er ikkje godt nok for verken Det Frivillige Skyttervesen (DFS), Noregs Skytterforbund eller Noregs Skiskytterforbund.

ECHA vil ha mekaniske såkalla kulefang som skal samle opp over 90 prosent av blyet. Dei kan også godta at store sandhaugar bak skivene på visse vilkår skal kunne fungere som kulefang.

Men vilkåra er for strenge, meiner skyttarorganisasjonane, som også påpeikar at ECHR har misforstått talgrunnlaget i undersøkingar som er gjort.

– Vår frykt er at konsekvensane av tiltaka blir så store at våre 163 klubbar ikkje har økonomiske musklar til å klare denne innføringa i løpet av fem år, og dermed må redusere aktiviteten eller avvikle skiskyttargruppene, seier anleggs- og arrangementskonsulent Christian Gedde-Dahl i skiskyttarforbundet.

Som har rekna ut at eit anlegg med 30 skiver vil ei tilpassing til det føreslåtte regelverket koste minimum 3 millionar kroner.

IBU: – Rekrutteringa vil stoppe heilt opp

Noregs Skiskytterforbund lener seg på fråsegnene frå det internasjonale forbundet (IBU), som også har reagert sterkt på forslaget.

Dei ser mørkt på framtida dersom høyringsutkastet blir omgjort til EU-lov. Det vil gjere skiskyting for dyrt.

– Rekrutteringa vil stoppe heilt opp, det vil all aktivitet i store område også, spår IBU.

Dei meiner ECHA har gjort for lite for å finne gode nok oppsamlingsmetodar.

Det nye i den siste høyringsrunden er at ECHA i tillegg til kulefang av stål også vil tillate sandhaugar bak skivene.

– Dei har tolka testresultata heilt feil

– Berre to måtar er vurderte, men det er mange andre metodar for å samle opp blyet innanfor det ECHA kallar «Best Available Techniques». Vår konklusjon er at høyringsutkastet er mangelfullt og delvis basert på feil grunnlag, skriv IBU i sitt høyringssvar.

DFS ser også for seg nedlagde anlegg dersom ikkje unntaka blir betre.

– ECHA har misforstått. Dei har tolka testresultata frå forsøk med alternative oppsamlingsløysingar heilt feil, seier DFS-generalsekretær Jarle Tvinnereim.

Dei føreslåtte vilkåra er at det skal vere kulefang som samlar opp minst 90 prosent av blyet, og at unntaket berre skal gjelde vanleg godkjend ammunisjon til sportsskyting.

– Men forsøk som vi har gjort saman med Forsvaret viser at det er mogeleg å samle opp 99 prosent, seier Tvinnereim.

– Det vi håpar, er at den dokumentasjonen vi har lagt fram no, vil føre til at ECHA innser at dei har tolka talgrunnlaget feil, legg han til.

ECHA skal summere opp høyringssvara og sende sitt forslag til EU-kommisjonen før jul. Det er venta at EU gjer sitt endelege vedtak i første halvår av 2023.

Jarle Tvinnereim

FEILTOLKING: – Høyringsforslaget har misforstått talgrunnlaget i forsøksrapporten, meiner generalsekretær i DFS Jarle Tvinnereim

Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK

Tvinnereim opplyser at det blir gjort forsøk med homogene kuler av kopar eller legeringar med kopar. Det finst slik ammunisjon til jaktbruk, men ikkje til våpen og kaliber som er brukt til sportsskyting.

– Dette blir vesentleg dyrare, og vil heller ikkje kunne brukast i løp på dagens konkurransevåpen, seier Tvinnereim.

Med dagens prisar er denne ammunisjonen bli langt dyrare enn blyammunisjon. Det kan likevel endre seg dersom produksjonsvolumet blir større.

– Kan vere kroken på døra

Då EU-kommisjonen for tre år sidan lufta tanken om å totalforby bly-ammunisjon, var også reaksjonane sterke.

– Det kan vere kroken på døra for skiskyting, var reaksjonen til Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) den gongen.

Også DFS såg svart på framtida med eit forbod.

Sidan har EU-organisasjonen ECHA jobba med å få på plass forbodet, og sendt ut to høyringsforslag – eitt i fjor og eit nytt og litt endra i år.

I den første høyringsrunden var det foreslått unntak dersom skytebanene kunne ha kulefang av stål. Det blir dyrt. I den andre høyringsrunden blir det også slått til lyd for å tillate sandhaugar som kulefang.

DFS meiner at om alle skytebanene skal ha løysingar med stålkulefang, og fjerne eksisterande kulefang, vil det koste 375 millionar euro – meir enn 3,5 milliardar kroner.

Miljødirektoratet seier nei

Miljødirektoratet har også svart på høyringa, og dei vil ikkje ha unntak. Dei vil ha totalt blyforbod, også på skytebaner med kulefang av stål eller sand, som ifølgje organisasjonane vil samle opp langt over 90 prosent av blyet.

– Av omsyn til folk og miljø vil vi ikkje støtte forslaget om unntak (for sportsskyting, red. merk.), skreiv direktoratet i høyringa i fjor. Dei har ikkje svart på den siste høyringsrunden, og opplyser til NRK at den ikkje endrar noko på deira haldning.

På skriftlege spørsmål utdjupar seksjonsleiar Anne Lise Filtvedt Miljødirektoratets haldning.

Bly kan ha fleire alvorlege effektar på helse og miljø. Derfor står bly på den norske lista over kjemikaliar som miljøstyresmaktene vil ha fasen ut. Dette er årsaka til at vi ikkje ønskjer eit unntak for sportsskyting. I Noreg har det til dømes vore forbode å bruka blyhagl på skytebanar sidan tidleg på 2000-talet, skriv Filtvedt i ein e-post.

To soldater skyter mot rundballer, for å teste om de er solide nok til å stoppe ammunisjon.

TEST: Forsvaret prøver ut alternative måtar å samle opp bly med, her med skot mot rundballar

Foto: Morten Andersen / NRK

Skyttarorganisasjonane reagerer sterkt på haldninga til Miljødirektoratet. Dei viser til arbeid som er gjort for å handtere blyforureining på skytebanene.

Det frivillige skyttarvesen (DFS) peikar på at organisasjonen jobbar tett saman med Forsvaret, og meiner eit forbod mot blyammunisjon også underminerer det norske totalforsvaret.

– Derfor meiner vi det er uheldig at direktoratet gir ei fråsegn utan at vi er konsultert. Vi tillèt oss å be om at dei ikkje gir nye fråsegner der ein går inn for totalforbod mot bly på sivile skytebaner, skriv Det frivillige skyttarvesen (DFS).

– Det er ikkje naturleg at Miljødirektoratet tek kontakt med sportsskyttarorganisasjonar før dei sender høyringsvar. Miljødirektoratet si rolle er først og fremst å ta omsyn til helse og miljø, og skal ikkje svara på vegner av andre enn miljøstyresmaktene, svarer Filtvedt.

Kan samle opp minst 99 prosent

– ECHA har misforstått talgrunnlaget i undersøkingane. Vi har dokumentert at tiltaka vi foreslår, har langt betre effekt enn det ECHA hevdar, seier Jarle Tvinnereim.

ECHA er uroleg for at blyet skal forvitre i sanden. Dei meiner blyet forvitrar med 5 prosent i løpet av 11 månader, og blandar seg med sanden.

– Men det er heilt feil tolking av granskingsrapportane. Dei viser at det tek 50 gonger så lang tid for 5 prosent å forvitre, seier Tvinnereim.

DONERT AMMUNISJON:

BLYTUNGT: Ammunisjon med bly er det einaste som i dag blir brukt i konkurranseskyting

Foto: Phelan M. Ebenhack / AP

IBU foreslår at det blir innført gode løysingar for oppsamling av bly på dei største anlegga innan fem år, og på andre anlegg innan ti år.

ECHA vil ha tak over sandhaugane, slik at regnvatn ikkje skal dra med seg blystøv ned i grunnen og eventuell vassavrenning.

Også dette vil koste skyttarorganisasjonane uhorvelege beløp, meiner Tvinnereim.

Avrenning frå sand-kulefang er nemleg testa, med svært gode resultat.

– Ingenting kom gjennom. Alt blei att inne i sandhaugane, seier Tvinnereim.

– Derfor meiner vi at ECHA konkluderer på feil grunnlag, og det har vi dokumentert gjennom vårt høyringssvar, legg han til.

Eit blyforbod vil også gå sterkt utover treningstilhøve for forsvaret og politiet, som DSF har eit nært samarbeid med, meiner DFS.

Christian Gedde-Dahl skriv i ein e-post til NRK at det finst svært gode kulefang. Ei norskutvikla skiskyttarskive har vist seg å ha ei oppsamlingsgrad frå 99,87 til 99,95 prosent av alt blyet. Det har forbundet meldt inn til ECHA.

På anlegget i Lillomarka utanfor Oslo har dei bygt ein betongkonstruksjon rundt skiveriggen, og den samlar opp godt over 90 prosent, seier Gedde-Dahl.

– Vi støttar EUs arbeid for eit generelt blyforbod. Men vår frykt er at det blir for dyrt for mange av våre 163 klubbar å tilpasse seg dei nye reglane innanfor dei føreslåtte fem år, seier Gedde-Dahl.

Siste nytt

  • Zuccarello-scoring i Wild-tap

    Seattle Kraken slo Minnesota Wild 4-3 torsdag kveld og avsluttet grunnserien for de to lagene som ikke kom med i sluttspillet.

    Krakens Tye Kartye sto for 3-2-målet da det sto igjen 2.40 i siste periode. Ett minutt senere gikk Kraken opp i en 4-2-ledelse før Wilds Brock Faber reduserte til 4-3 ett minutt før kampslutt.

    Kirill Kaprizov scoret sitt 46. mål for sesongen i powerplay i første periode, og Mats Zuccarello scoret det utlignende målet for Wild midtveis i tredje periode. Det ble hans tolvte mål for sesongen.

    Nordmannen fikk 23 minutter og 44 sekunder på isen i den avsluttende hjemmekampen. (NTB)

    pa39-a-fBGA
    Foto: AP
  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal