Hopp til innhold

Skiskyttarar blir utsett for russar-hets etter bilete frå krigen

Skiskyttarane har samla seg om Ukraina, og deler hjarteskjerande bilete frå utøvarar i krigen på sosiale medium for å nå russiske fans. Men støtta fører òg til hets.

Erik Lesser

USENSURERTE BILETE: Den ukrainske skiskyttaren Anastasija Merkusjyna deler bilete og videoar frå krigen på Instagram-kontoen til Erik Lesser.

Foto: Vesa Moilanen / Lehtikuva / NTB / Erik Lesser / Instagram

Skiskyttarfamilien er liten og alle kjenner alle. Under verdscuprunden i finske Kontiolahti har støtta for Ukraina vakse synleg. Støtta har dei markert på utstyr, med flagg og i intervju.

Det blir lagt merke til i kommentarfelt og i innboks på sosiale medium.

Dei fleste held med oss og ønskjer ikkje denne krigen. Dei er leie seg for denne krigen og ønskjer ikkje å vere involver. Så får eg nokre tilbakemeldingar på at det er vi som får feilinformasjon i media og at det er vi som blir hjernevaska, eller at ukrainarane er nazistar, fortel Sturla Holm Lægreid.

Skiskyting er ein svært populær sport i Russland og det er ikkje berre dei russiske utøvarane som har store fanskarar. Ein av dei som er populær er skiskyttarveteranen Erik Lesser, som også sit i utøvarkomiteen i det internasjonale forbundet (IBU).

Erik Lesser

NÅR FLEIRE: Tyske Erik Lesser var glad for andreplassen på jaktstarten, men endå meir oppteke av å hjelpe Ukraina.

Foto: Vesa Moilanen / AP

Han blei spesielt populær etter at han lånte bort sykkelen sin til den russiske skiskyttaren Eduard Latypov då han vart sitjande i koronakarantene i Tyskland. Lesser blir følgd av så mange russarar at han ville nytte seg av høvet til å kunne hjelpe.

Han tok kontakt med den ukrainske skiskyttaren Anastasija Merkusjyna, som deler bilete og videoar frå krigen, og spurde om ho ville ta over kontoen hans på Instagram.

Eg tenkte at eg ville vise dei litt sanning og ikkje berre det dei får i russiske medium, forklarer Lesser til NRK.

Merkusjyna er i Ukraina der ho samlar inn bilete og videoar som er teke av venner og kjende. Dette gjer ho for å vise krigen frå hennar side. Dei ærlege og triste biletpostane vert delt av ei rekkje av dei beste skiskyttarane i verda.

Anastasija Merkusjyna

I UKRAINA: – Eg er glad for at livet i verda er som før, det betyr at alt kan bli bra igjen, seier Anastasija Merkusjyna til NRK.

Foto: privat

Det er veldig sterke bilete og heilt usensurert. Eg synest det er viktig at folk ser korleis det verkeleg er. Det er kanskje litt sensur av media i Russland og eg har nokre russiske følgjarar. Derfor prøvde eg å vere open så dei kan sjå korleis det verkeleg er, seier Lægreid.

Forventa hets

Men då har òg hetsen komme.

Eg mista 10.000 russiske følgjarar, men eg har 20.000 igjen. Eg håpar eg kan få ein annan utøvar til å overta kontoen min til veka for å vise meir av sanninga. Det speler inga rolle kor mange i Europa som ser det, men at dei russiske gjer det, fortel Lesser.

Kva slags meldingar har du fått?

Det er berre 50 eller 60 veldig stygge meldingar, og rundt 400 stygge kommentarar, men resten er veldig stille.

Når eg har små samtalar med utøvarar eg ikkje vil namngi, seier dei at dei beklagar, men at dei ikkje kan seie noko mot Kreml eller regjeringa fordi dei kan bli fengsla i 15 år. Dei må vere stille, svarer den tyske skiskyttaren og gjengir nokre av meldingane – som ikkje eignar seg på trykk.

Tsybal og han en måned gammel baby

DELAR: Den ukrainske skiskyttaren Bogdan Tsymbal delte dette hjarteskjerande biletet av seg sjølv med den ukrainske skiskyttarkollegaen sin, som igjen har lagt det ut på Instagram.

Foto: erik.lesser/instagram

– Sliten og tom

Merkusjyna takkar for at konkurrentar og kollegaer bryr seg om henne på denne måten. For henne er livet ikkje lenger det same, sjølv om ho fortel at ho er på ein trygg stad med familien i heimlandet.

– Eg er sliten og tom. Det var mange vonde bilete frå krigen og mykje hets frå russarar. Men eg er veldig glad for at eg hadde ei slik moglegheit til å dele synspunktet mitt og dele ekte bilete til mine venner, seier 27-åringen til NRK.

Også dei norske utøvarane hadde forventa negative kommentarar frå russarar.

Det vil alltid vere «haters» og dei stikk seg alltid ut. Eg tviler på at dei er i overtal, men ein legg mest merke til negative kommentarar og tilbakemeldingar ein får. Det er trist at det er sånn og eg veit ikkje korleis dei tenkjer dei som støttar denne krigen, meiner Lægreid.

Ukrainsk bygg i ruiner

FRÅ KRIGSSONE: Merkusjyna fekk bilete og video frå ei venninne i Tsjernihiv.

Foto: erik.lesser/instagram

Har kontakt med russiske utøvarar

Samtidig som dei støttar og gjerne vil hjelpe Ukraina, er skiskyttarane opptekne av at truslar og hets mot russarar og kviterussarar heller ikkje er greitt, sjølv om dei støttar utestenging og sanksjonar.

Førre veke fortalde NRK mellom anna om korleis den russiske smørjetraileren vart utsett for hærverk i Holmenkollen.

Eg kjenner det er viktig å òg ta med dei uskuldige russarane som er eit offer for å ha ein klin galen leiar av landet sitt. Eg har snakka med nokre av dei russiske skiskyttarane, og dei seier at det er tøft og at dei får mykje stygge meldingar frå folk som ikkje klarer å skilje uskuldige menneske frå leiarane sine, påpeikar Filip Fjeld Andersen.

Stafett Norge

VIL HJELPE: Dei norske skiskyttarane har brukt helga i Finland både på gode resultat og markeringar mot krigen i Ukraina.

Foto: VESA MOILANEN / AFP

For meg verkar det som Russlands svar på Ola og Kari Nordmann er imot dette dei òg. Eg synest det er veldig trist for den sivile russaren som ikkje har den same grunnleggjande ytringsfridommen som oss nordmenn, og eg trur nok dei fryktar for livet sitt om dei seier noko negativt om det Putin gjer, meiner Vetle Sjåstad Christiansen.

Siste nytt

  • Xavi gjør helomvending – fortsetter som Barcelona-trener etter sesongen

    Xavi Hernández (44) har skiftet mening og forblir Barcelona-trener etter inneværende sesong. Tidligere i år valgte han egentlig å forlate jobben til sommeren.

    Nyheten ble offentliggjort under en pressekonferanse med Xavi og Barcelona-president Joan Laporta torsdag.

    Allerede onsdag kveld meldte spanske medier at Xavi ville fortsette som Barcelonas hovedtrener etter flere møter med ledelsen i klubben. De har lyktes med å overtale han til å fortsette i jobben ut kontraktsperioden.

    For et halvt år siden ble kontrakten forlenget til sommeren 2025. Han påtok seg treneransvaret for den katalanske klubben i november 2021. I fjor ledet han klubben til La Liga-tittelen.

    Det var i slutten av januar at Xavi bestemte seg for å slutte som Barcelona-trener etter inneværende sesong. Han forklarte at jobben var for slitsom i lengden.

    Xavi er blant de største spillerne Barcelona har fostret fram. 44-åringen fikk over 500 kamper for klubben mellom 1998 og 2015, og vant alt som kunne vinnes med Barcelona i løpet av den perioden.

    (©NTB)

    AC Milan v FC Barcelona - Preseason Friendly
    Foto: ETHAN MILLER / AFP
  • Tobias Foss på Ineos-laget i Giro d'Italia

    Tobias Foss (26) er blant åtte Ineos-ryttere som skal delta i årets Giro d'Italia.

    Det var ventet at Vingrom-mannen kom til å få plass på laget. Nylig viste han form i Tour de Alps, hvor han vant den første etappen.

    – Det hadde nok gått uansett, men denne seieren er nok spikeren i kista. Laget er riktignok ikke tatt ut ennå, sa Foss til NTB nylig etter triumfen på åpningsetappen i Nord-Italia.

    Giroen varer fra 4. til 26. mai. For tre år siden ble Foss nummer ni sammenlagt i Grand Tour-rittet.

    Hele laget til Ineos i Giro d'Italia: Thymen Arensman, Geraint Thomas, Filippo Ganna, Jhonatan Narváez, Magnus Sheffield, Ben Swift, Connor Swift og Foss. (NTB/NRK)

    Tobias Foss
    Foto: AFP
  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal