– Vi kjem til å sove til klokka 12-13 ut på dagen for at det ikkje skal vere for lenge å vente til konkurransane på kvelden, seier Tarjei Bø til NRK
Stryningen har lagt den tunge fjorårsseongen bak seg som blei øydelagt av sjukdom.
No siktar han mot OL-medaljar. Men då må han og dei andre skiskyttarane tilpasse seg at renna går på kvelden, og ikkje på ettermiddagen som er vanleg i verdscupen.
Leggetid på natta
Sør-Korea ligg sju timar føre Europa, og 11. februar 2018 opnar dei mannlege skiskyttarane med OL-sprint med start klokka 20.15 lokal tid.
– Vi må nok sove til langt utover dagen, og vere oppe litt ut på natta, stadfestar landslagstrenar Egil Kristiansen.
NRKs skiskyttarekspert Halvard Hanevold blei stafettverdsmeister nettopp i Pyeongchang i 2009. Også den gongen var det kveldsrenn, og laget køyrte samme opplegg.
– Vi la oss rundt 1-2 på natta, og sov til klokka 12-13. Det som er viktig er at man ikkje legg seg for seint, fordi man kan sove litt dårleg ut på formiddagen på grunn av støy og aktivitet ute, seier Hanevold
Erfaring frå Russland
Landslagstrenar Egil Krstiansen vedgår at å sove lenge ut på morgonen vil by på problem.
– Det blir utfordrande i forhold til lyset, men vi skal takle dette så bra som mogleg, seier Kristansen.
Tarjei Bø seier landslaget har erfaring med «B-menneskelivet» under verdscupen i Russland.
– Då har vi gjort det på den måten at vi legg oss seint og at lunsjen blir frokosten, den rytmen har fungert veldig bra, fortel Bø.
Tidskilnaden mellom Norge og Sør-Korea er på sju timar. Landslagssjefen opplyser at dei har ein plan om å halde seg mest mogleg til europeisk tid.
– Men vi klarar nok ikkje å halde på det over ein tre-vekers periode, så det blir kanskje ei gradvis hellning mot sør-koreansk tid, seier Egil Kristiansen.
– OL er over ein lengre periode, så om vi klarar å lure kroppen i ein tre-vekers periode, det får vi sjå på, seier Tarjei Bø.