– I utgangspunktet er det framleis «A-laga» som skal gå dei første verdscuprenna, men vi har bestemt oss for å bruke ein del meir skjønn i uttaket. Med dagens kriterium så hadde Erlend fått gått i verdscup-opninga, seier idrettssjef Odd-Bjørn Hjelmeset til VG.
På sprinten blei han berre slått av Martin Fourcade.
Må gjere ei vurdering
Men sjølv om han fekk sitt store gjennombrot, fekk han likevel ikkje gå verdscupopninga i Østersund.
No endrar skiskyttarforbundet uttakskriteria, og på eit styremøte i forbundet blei dei nye reglane nyleg vedtekne, ifølgje VG.
Dei nye reglane seier at inntil fire løparar av kvart kjønn kan bli tatt ut på førehand til dei tre første verdscuprundane (Pokljuka, Hochfilzen og Nove Mesto).
Det gjeld skiskyttarar som forbundet vurderer som medaljekandidatar under VM i Østersund.
Men styret understrekar også at løparar som utmerkar seg under sesongopninga på Sjusjøen vil bli vurdert.
Må vise form
I vedtaket heiter det at styret forventar ein gjensidig god dialog mellom landslagstrenarane og aktuelle løparar utanfor landslag og deira trenarar i løpet av sesongen.
– Utøvarane er tatt ut der fordi vi har tru på dei, akkurat som i langrenn, men vi seier at vi må gjere ei evaluering etter opningsrenna på Sjusjøen. Dersom vi har løparar som ikkje viser form, og vi ser ein løpar på eit rekruttlag eller privatlag som er betre, så må vi gjere ei vurdering. Den var ikkje der i fjor, seier Hjelmeset vidare.
Østersund er vertskap for VM i skiskyting i februar i 2019.
Difor blir verdscupopninga i slovenske Pokljuka i byrjinga av desember.