– Alle forbund seier at «alle skal med og idrett er for alle», men det er jo ikkje slik. Det er ikkje for alle. Det er berre tungvint heile greia, seier Braathen til NRK.
Skiskyttaren har hamna i ein særdeles spesiell situasjon.
Likevel er det mangelen på konkurranse som trekk ut det meste av livsgløden hennar for augeblikket.
Mista kjensla over natta
Den 10. mars 2021 vakna Braathen av vekkarklokka, og skulle gjere seg klar for ein ny dag på NTG.
Problemet var berre at ho ikkje kom seg ut av senga.
Ho lukka auga att og håpa at det berre var ein vond draum.
To timar seinare vakna ho igjen, og forstod at noko vond draum var det ikkje. Etter utgreiing på sjukehus, fekk ho den tunge beskjeden at ho var lam.
– Heile verda raste saman. Då var det mørkt, altså. Eg hylgrein, og var dei første dagane i senga. Vakna av at eg gråt om natta, og slike ting, seier ho.
ALVORLEG: Elisabeth Braathen frå ein av mange dagar på sjukehus.
Foto: PRIVATIngen legar eller spesialistar har svar på kvifor Braathen plutseleg mista kjensla i beina.
Einaste forklaringa er at ho har forsinka nervar, og at den delen av hjernen som er i kontakt med underkroppen, har kopla ut.
Ho hadde derimot støtt på problem i månadane før. Etter ei testveke på NTG, fekk ho plutseleg eit raudt og sviande merke på halsen. Det var starten på ein delvis lamming i det eine beinet, og vintersesongen rauk.
Ho såg ikkje for seg at eit halvt år seinare skulle ho vakne opp med to bein ute av funksjon.
– Det er veldig frustrerande. Det gjekk feil veg. Eg blei til slutt lam i begge bein, ikkje berre i eitt, seier ho.
Måtte finne livsglede
Braathen har vore aktiv heile livet sitt, og sjølv om ho hamna i rullestol, skulle ho ikkje slutte med idrett av den grunn.
– Eg er ikkje den personen som ligg i senga og ikkje ser noko lys. Eg vil komme meg på beina igjen, men eg vil også ha det bra i mellomtida. Eg vil ikkje stå igjen på perrongen medan toget går vidare, seier ho.
BLID: Braathen prøver å sjå lyst på tilværet.
Foto: PRIVATFørst blei ho presentert for langrennspigging, så fekk ho vite at det finst kjelke-skiskyting.
Det gjekk opp for ho at kjelke-skiskyting er heilt likt som skiskyting, med same bøsse, standplass og løyper. Einaste forskjellen er at ho må sitte på kne.
Det kunne ho klare. Motivasjonen var stor og ho deltok i fleire konkurransar i sommar.
Målet var å komme seg til VM i snøsport på Lillehammer, men det sette reglementet ein stoppar for.
– Eg finn meg i at reglane er slik, men forbundet må endrast, seier ho.
BLID: Braathen i godt driv på trening i sommar.
EDELT METALL: Treninga gav ho deltakarmedalje under NM i sommar.
MÅLRETTA: Uvitande og forhåpningsfull førebudde ho seg til vintersesongen.
Bør fjerne slagordet
I paraidretten må ein ha klassifisering for å kunne konkurrere internasjonalt. Det fekk ikkje Braathen, fordi ho ikkje har ein av dei ti gyldige diagnosane for det.
I tillegg er det ein viss sjanse for at ho kan gå att. Reglementet seier at ho må ha ein permanent skade.
– Det er heilt greitt. Det skal jo ikkje vere slik at alle kan melde seg på paraidrett, for då kan det kanskje vere lettare å jukse seg til ein siger, seier ho.
Ho meiner hovudproblemet ligg i visjonen til norsk idrett.
– Eg kjenner eg blir irritert av å snakke om det. Dei er så positive, og «sjå på oss og sjå her, liksom», og så kjem du inn og forstår at ein ikkje kan delta her og der. Har du ikkje klassifisering, blir du sett til side. Eg tykkjer dei bør slutte å seie at idrett er for alle. Det er ikkje for alle. Dei bør finne på noko anna å seie.
Ho meiner at paraidretten er fullstendig tilsidesett.
– Det er ikkje noko hjelp å få. Forbundet sit der berre og seier at eg ikkje har klassifisering, det tykkjer eg ikkje er noko greitt, seier ho.
– Føler du paraidretten ikkje blir tatt seriøst?
– Det er berre å gratulere. Vi er i 2022, noko burde vi ha lært. Det er menneske dei jobbar med, det er ikkje datamaskiner. Det er andre sine kjensler, draumar og liv som blir skyve vekk. Det tykkjer eg ikkje er noko fint, seier ho.
Frustrasjonen har nådd toppunktet.
– Eg sit ikkje i rullestol fordi eg synest det er så kjekt. Det er fordi livet er blitt slik. Eg har lyst å gå som alle andre, men det er ikkje slik livet er no, og då må ein gjere det beste ut av det. Det trur eg ikkje dei har skjønt.
Tar kritikken på alvor
Noregs idrettsforbund forstår at Braathen kjenner seg ekskludert, men kan ikkje gjere anna enn å vise til IPC sitt internasjonale reglementet, som dei må stelle seg til.
Forbundet har ingen innflytelse på innretninga av det internasjonale klassifiseringssystemet, men kan kome med høyringsinnspel.
– Problemstillinga som løftast fram, mellombels skade, kan vere ein problemstilling som NIF vil vurdere å løfte fram i neste høyringsrunde, skriv rådgivar Mette Berg i Bredde, organisasjon og utvikling (BOU) i NIF til NRK.
Forbundet vil ikkje kommentere utsegna om at «idrett ikkje er for alle», men viser til ein ny para-strategi som idrettsforbundet nyleg har lansert.
Den har som mål om å oppnå eit paradigmeskifte i Noreg, med ambisjon om å skape «Ein idrett – like moglegheiter for alle».
– Vi ynskjer at norsk idrett skal gi idrettsglede for alle. Vi vil legge opp til at det skal vere rom for alle, og der det er barrierar ynskjer vi å ta tak i det. Meir konkret kan eg ikkje vere, seier idrettspresident Berit Kjøll til NRK.
STOLT: Berit Kjøll kunne stolt presentere ein ny para-strategi under VM i snøsport.
Foto: Geir Olsen / NTBPå spørsmålet om kva ho tykkjer om at Braathen meiner ho blir utsett for det motsette, svarer idrettspresidenten dette:
– Akkurat dette tilfellet kjenner eg ikkje til, men eg er trygg på at mine dyktige kollegaer kan sjå kva som er mogleg og kan tilpasse slik at vedkommande kan drive med den idretten ein ynskjer, seier Kjøll.
Skiskyttarforbundet forstår at Braathen har hamna i ein vanskeleg situasjon.
– Vi tar alle tilbakemeldingar på alvor. I denne spesifikke saka skjønar vi at det opplevast frustrerande, skriv generalsekretær Morten Djupvik til NRK.
Han nemner likevel at skiskyttarforbundet, og andre særforbund, har lagt til rette for opne klasser nasjonalt slik at alle kan få delta på konkurransar, men erkjenner at det er svakheiter i arbeidet med å inkludere parautøvarar.
– Det er utfordrande å synleggjere tilbodet. Vi opplever at miljøa er små og at parautøvarane ofte kan kjenne seg aleine. Tilbake i tid er dette eit arbeid som ikkje har fått nok merksemd, men det er stadig ein aukande satsing innan paraidretten, skriv Djupvik vidare.
KONTROLL: Generalsekretær Morten Djupvik i skiskyttarforbundet.
Foto: Berit Roald / NTBSkal ta opp arven
Per no er Braathen den einaste kjelke-skiskyttaren i Noreg, og kan berre delta i open klasse i NM og noregscup, som Djupvik nemner.
Minuset med det, er at ho aldri kan vinne ein tittel.
– Eg mistar litt motivasjonen, men eg skal ikkje gi meg. Det går eit nytt faen i meg. Eg skal vise at eg klarer meg sjølv, viss dei ikkje klarer å følge det opp. Men eg vil jo ikkje anbefale nokre andre å starte med det heller, når det er så tungvint, seier ho.
Nils Erik Ulset er den einaste para-skiskyttaren Noreg har for augeblikket. Han skal legge opp etter sesongen.
Braathen har tenkt å ta opp arven.
– Eg skal ta opp arven, altså. Det er greitt at eg ikkje har klassifisering, men ein må vise at det er mogleg for andre, også. Eg har ikkje lyst at fleire skal gå gjennom det eg går gjennom no, avsluttar ho.