Hopp til innhold

Skiskyttar fekk sjokk av vraking – legg opp om han ikkje får plass på langrennslag

For nokre veker sidan mista skiskyttar Aleksander Fjeld Andersen plassen på rekruttlaget. Det kan gjere at han legg opp som 26-åring.

Aleksander Fjeld Andersen

SESONGBESTE: Aleksander Fjeld Andersen fekk sjansen i verdscupen i Östersund og vart nummer seks på fellesstarten.

Foto: Anders Wiklund / AP

Eg skal innrømme at det kom som eit stort sjokk, og det var tungt å svelgje. Eg hadde ikkje sett det komme, eller tenkt tanken før uttaket kom. Eg følte det var ganske sikkert etter Östersund (6.-plass på fellesstart i verdscupen, journ.mrk.). Eg trudde ikkje nokon av dei unge skulle skvise meg ut, fortel Aleksander Fjeld Andersen til NRK.

Det vart gjort ei rekkje endringar i dei ulike landslaga då uttaket kom for tre veker sidan. På rekruttlaget til herrane vart Fjeld Andersen og Sverre Dahlen Aspenes vraka, medan Johannes Dale tok steget opp på elitelaget. Inn kom Martin Uldal, Mats Øverby og Johan-Olav Smørdal Botn.

Ein blir jo skuffa. Men det hjelper ikkje å vere sur heller, for ein skal ta omsyn til dei same menneska til vinteren òg. Eg kjende eg ikkje fekk så sjukt god grunngiving heller, så det er litt skuffande, innrømmer 26-åringen frå Geilo.

– Kva var grunngivinga du fekk?

Eg har vore fire år på laget og ikkje hatt så stor utvikling. Det er litt straff å gå verdscup første året du er rekrutt, sånn sett. Eg hadde jo vore god nok for nesten alle elitelag i verda. Det andre var at dei ville gjere plass til yngre løparar. Endre (Strømsheim) og Vebjørn (Sørum) vart rangert framfor meg, og då var det ikkje plass til ein til som er eldre.

– Følar ein ikkje er bra nok

Kampen om landslagsplassar på herresida har aldri vore tøffare. Eliteløparane har herja i verdscupen, og på nivået under så vann Strømsheim IBU-cupen. Sørum vart nummer tre, medan Fjeld Andersen tok fjerdeplassen samanlagt. Då sistnemnde gjekk verdscup i Östersund i mars tok han ein 10.- og ein sjetteplass. Det heldt ikkje til ein av dei seks plassane.

Dei fire åra eg har vore på rekruttlaget så har eg jamt over vore den beste og vore med i loopen og diskusjonen om plass på elitelag. Då er det knalltøft å bli kasta ut. Det er vanskeleg ikkje å føle at det er noko personleg, for det er fort gjort å føle at ein ikkje er bra nok.

Det var fleire som var med på å bestemme uttaket, og rekrutt-trenar Anders Øverby gav bodskapen til Fjeld Andersen.

– Det var jo heilt jævlig, og ikkje noko ein gler seg til. Det er tre argument for at han ikkje vart vald, og det er tida han har hatt på laget, at det kjem andre spennande utøvarar som ikkje har fått moglegheita enno og litt kva eit rekruttlag skal vere. Det er ein balanse å finne seks løparar som er konkurransedyktige til verdscup og VM på kort og lang sikt, seier Øverby til NRK.

– Eg forstår at han vart overraska ut frå resultata han har levert, men det er hard kamp om plassane, legg sportssjef Per Arne Botnan til.

Sesongstart Skiskyting Sjusjøen

I TOPPEN: Aleksander Fjeld Andersen vart nummer to i sesongstarten på Sjusjøen i 2019, bak Johannes Kühn og framfor Martin Fourcade.

Foto: Geir Olsen

Veslebroren og sambuaren på Lillehammer, Filip Fjeld Andersen, beheldt sin plass på elitelaget, sjølv om avslutninga på sesongen var trøblete for hans del.

Eg synest det er ei fair ordning at første gong ein kjem inn på elitelaget så er det for to år, så det er godt at han framleis er med. Han var jo betre enn meg før jul, så var vi jamne og eg litt betre på slutten. Så brutalt er det at den eine beheld eliteplassen, medan den andre rykkjer ut av rekrutt, seier storebroren.

Eigedomsmekling eller langrennslag

Fjeld Andersen brukte påska på å samle tankane og vurdere framtida. Å skulle leggje opp etter å ha ofra så mykje i mange år, er vanskeleg, men eit klart alternativ.

Eg fekk plass på eit team i skiskyting, men eg hadde ikkje så lyst til det. Motivasjonen er ikkje bra nok, så no prøver eg å få eit langrennsteam til å ta med ein skiskyttar. Det er ikkje noko som er klart enno, så eg ventar på svar, fortel utøvaren frå Geilo.

Viss ikkje det blir noko, så blir eg nok student. Eg byrja på bachelor i eigedomsmekling på BI i fjor, så eg er i gang og må ikkje finne ut av kva eg skal bli. Det er dei to alternativa eg har landa på som eg trur eg vil trivast med, seier han.

Aleksander Fjeld Andersen

SIKTAR MOT FRAMTIDA: Aleksander Fjeld Andersen trur han har funne gode alternativ.

Foto: Matthias Schrader / AP

Han røper at det er snakk om privatlaget Team Aker Dæhlie. Fjeld Andersen tok kontakt med trenaren, og håpar på positiv respons, sjølv om han er skiskyttar og ikkje langrennsløpar.

Dagleg leiar i Team Aker Dæhlie, Knut Nystad, stadfestar at dei har vore i dialog med Fjeld Andersen.

– Dette er ei avgjerd eg må løfte for styret og eigarane, men korleis vegen blir vidare, det verken veit eg eller har fått noko svar på, seier Nystad.

Han seier dei ikkje har hatt nokon diskusjonar om skiskyting tidlegare og at førespurnaden frå Fjeld Andersen «kom litt ut av det blå» for dei.

– Vi tek det på absolutt alvor og skal gi eit så godt, tydeleg og ryddig svar som vi kan. Akkurat no er vi ikkje der at vi har vore i stand til å vurdere kva det inneber. Derfor har vi berre sagt at vi må ha litt is i magen, slik at vi får gjort det vi må gjere først. Så kan vi komme tilbake til den førespurnaden når vi er klare.

Fjeld Andersen svarer slik på kvifor han meiner Team Aker Dæhlie kan vere rett for han.

Det kjenner eg ville vore eit tilbod som kunne matche det å vere på rekruttlaget. Då slepp eg kjensla av å ha rykt ned. Om eg skal tilbake på eit forbundslag, så må det bli elite, og då veit eg kvar lista ligg. Ein må ha siger i verdscupen. Eg tok ein 6.-plass i år, så eg må ta eit nytt steg, erkjenner han.

– Eg håpar han held fram. Ingenting hadde vore betre enn å ta han ut til IBU-cup og hjelpe han opp til vinteren, seier trenar Øverby.

Sportsnyheter

Magnus Carlsen og Gary Kasparov

Carlsen-klippet går viralt igjen og igjen – gav opp å stoppe delinga

Magnus Carlsen er eit internasjonalt fenomen, også utanfor sjakkverda. Spesielt eitt klipp går støtt og stadig som ei farsott i sosiale medium.

Siste nytt

  • Ramos' selvmål sprakk Nyland-nullen mot Barcelona

    Ørjan Nyland stengte Sevilla-buret i 75 minutter borte mot Barcelona, men ble tatt på feil fot da Sergio Ramos løp ballen i eget nett.

    Selvmålet kom da sensasjonen Lamine Yamal (16) fikk hodet på et godt innlegg og traff Ramos. Sevillas stopperveteran satte ufrivillig ballen bak Nyland.

    Gjestene hadde holdt unna et stadig skarpere Barcelona-kjør, men måtte gi tapt til slutt.

    Baklengsmålet var Nylands andre etter tre La Liga-kamper. Norges landslagsmålvakt har gjort gode opptredener etter at han nylig fikk sjansen i Sevilla.

    Før pause var João Félix nærmest scoring. Barcelonas innleide angriper traff undersiden av tverrliggeren, mens Lucas Ocampos var farligst for Sevilla og tvang Marc-André ter Stegen til å gjøre en solid redning fra kort hold.

    Barcelona topper tabellen med 20 poeng fra åtte kamper. De regjerende mesterne har vunnet mange jevne oppgjør hittil i sesongen. Sevilla står med beskjedne sju poeng.

    Til uken skal begge lag spille bortekamper i Champions League. Barcelona skal opp mot Porto, mens Sevilla møter PSV Eindhoven. (NTB)

    Nyland
    Foto: PAU BARRENA / AFP
  • Ryerson med utrolig soloscoring i sterk Dortmund-seier

    Julian Ryerson spilte hele kampen da Borussia Dortmund vant 3-1 borte mot Hoffenheim fredag.

    Med det er også Dortmund oppe på en foreløpig tabelltopp før resten av den sjette runden fullføres i tysk Bundesliga. Dortmund står med 14 poeng (fire seirer og to uavgjorte) på seks kamper.

    Det var Niclas Füllkrug som sendte Dortmund i ledelsen i kampens 18. minutt, etter at han og Julian Brandt utnyttet en feil i Hoffenheim-forsvaret.

    Andrej Kramaric utlignet på straffe like etter, men på overtid i første omgang sendte Marco Reus Dortmund tilbake i ledelsen da han var først på en løs ball inne i feltet.

    Dortmunds Ramy Bensebaini fikk rødt kort 20 minutter før slutt, men istedenfor Hoffenheim-scoring, var det Julian Ryerson som punkterte kampen fire minutter på overtid.

    Lyngdølen vant ballen like utenfor egen 16-meter og klarte å gå hele veien, før han fra 10 meter trillet ballen mellom beina til Jonas Baumann i Hoffenheim-målet.

    – Det er et av de verste målene som er scoret av en nordmann noen gang, utbrøt Viaplay-kommentator Eivind Bisgaard Sundet.

    – Han kommer til å huske det målet der resten av livet, sa Sundet videre.

    Fredagens kamp var Ryersons 100. i tysk Bundesliga. Det er nordmannens andre scoring for Dortmund etter overgangen i vinter.

    Tysk Bundesliga sendes på Viaplay.

  • Magnus Carlsen misset på to matchballer – finaletap i Champions Chess Tour

    For første gang i år kom Magnus Carlsen til kort i en avgjørende tittelkamp i Champion Chess Tour. På veien kastet han bort to seiersmuligheter.

    Utfallet var svært overraskende. Maxime Vachier-Lagrave måtte vinne to finalekamper for å nekte Carlsen årets fjerde CCT-triumf, og den bragden greide franskmannen å utføre.

    I begge oppgjør vant han åpningspartiet med svarte brikker, og det var nøkkelen til fredagens suksess. I tillegg gjorde Carlsen flere grove feil.

    Nordmannen tapte den første finalekampen 1,5-2,5 i en serie på best av fire partier. Han spilte tre strake remis etter den skjeve starten.

    Nederlaget betød ikke slutten på Carlsens tittelsjanser. Han kom til superfinalen som ubeseiret, og det ga ham en fordel med to matchballer. Han utnyttet ikke noen av dem.

    Den andre finalekampen ble spilt som best av to. Carlsen måtte derfor vinne med svarte brikker for å utligne Vachier-Lagraves overtak. Det endte i stedet med nok et tapt parti. (NTB)

    Magnus Carlsen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste