Skiløparen som blei fødd 30 år for seint

LILLEHAMMER: (NRK) – Hadde Didrik Tønseth vore fødd 30 år tidlegare hadde han vore ekstremt god. Kanskje ei legende på høgde med Oddvar Brå, meiner skihistorikar Thor Gotaas.

Tønseth på Hafjell

BEST I BAKKAR: Det er få, kanskje ingen skiløparar i verda som klarer å henge på Didrik Tønseth i motbakkane, både på ski og til fots som her på elghufsintervall med landslagsgutta.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Hehe, det var store ord. Det var jo hard kamp om legendestatusen på den tida. Eg får heller prøve å forvande den her kroppen til å bli ein legende.

Didrik Tønseth smiler og småler litt når han får dei store orda frå skihistorikar Thor Gotaas. Forfattaren som har skrive eit par kolossar av langrennsbøkar, som mellom anna omhandlar historia om langrennsporten i Noreg. Gotaas nølte ikkje tid då NRK nemnte Didrik Tønseth.

LES OGSÅ: Tønseth vann motbakkeløp i Toppidrettsveka

– Flyter oppå snøen

– Han hadde heilt klart vore ekstremt god om han hadde vore fødd eit par tiår tidlegare. Tønseth er den type skiløpar som var vanleg før i tida. Det blir sjølvsagt hypotetisk, men han ville vore gjort det enda betre viss han hadde konkurrert før skøytinga og fellesstarten kom inn i langrennsporten.

– Tønseth er lett og flyter oppå snøen og det er nok ikkje mange som går betre diagonalgang i bakkane i dag, meiner Gotaas.

Forfatter Thor Gotaas.

LANGRENNSFORFATTAR: Thor Gotaas har mellom anna skrive bøkene: Først i løypa, Historien om langrenn i Norge og Femmila – skisportens manndomsprøve.

Foto: Stein S. Eide / NRK

Det siste fekk me fleire eksempel på i vinter.

Spesielt under VM i Falun. Didrik Tønseth var den einaste som hang på Dario Cologna og Maxim Vylegzhanin opp Mördarbacken siste gong då nokre få kilometer stod att under 30 kilometer skiatlon. Men moderne langrenn blir ikkje avgjort i dei brattaste bakkane.

– Det svir fortsatt. Eg var så nær å ta VM-medalje. Men så skuslar eg det bort på slutten.

Didrik er ein slik type langrennsløpar som ville ha dominert på den tida og hevda seg i alle type renn frå parkrenn til femmil.

Thor Gotaas

Me møter Tønseth då han akkurat har kome tilbake til hotellet etter ei økt akkurat etter hans smak. 6 x 6 minutts elghufsintervall (løp med stavar) opp alpinbakken på Hafjell. På ei slik økt er det ingen av landslagsløparane som er i nærleiken av den lettbeinte trønderen. Men i ein spurt derimot, kjem han oftast til kort.

Tapte VM-medaljen i spurten

På oppløpet i Falun kom spurtsterke Alex Harvey bakfrå. Didrik Tønseth kasta seg over stavane og gav alt han hadde. Heilt til det berre var nokre meter igjen til målstreken. Det var for tungt. Krafta han langar ut med i motbakkane er langt ifrå den same på eit heilt flatt oppløp. Tønseth kom inn på den sure fjerdeplassen. Han innrømmer at sekunda på Lugnet skistadion har gått på repeat i hovudet på dei tøffaste treningsøktene i sommar.

Didrik tapar spurt

BITTERT: Han såg lenge ut til å ta sin fyrste VM-medalje. Men spurten er ikkje Didrik Tønseths forse som langrennsløpar og Alex Harvey snyter han frå pallplass på 30 kilometer skiatlon i Falun.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I Falun tapar eg jo ein medalje på grunn avslutningsferdigheitene mine. Ikkje fordi eg var sliten. Eg har jo eigentleg ikkje noko val om skal eg kunne hevde meg i fellesstart.

Didrik Tønseth

– Eg har brukt det litt, ja. Det hender seg at eg ser nokre klipp på nettet. Då blir det ekstra fyring. Det ligg i bakhovudet på tunge stakeøkter, innrømmer Tønseth.

Tønseth

Sjå innspurten av 30 kilometer skiatlon i Falun om igjen her.

For sjølv om han langt i frå er nokon fan av dei lengste stakeøktene, er det det som må til. Didrik Tønseth er fulltidsskiløpar i 2015. Eit tiår der stakinga er på full frammarsj.

I førre sesong gjekk for fyrste gong løparar 15 kilometer klassisk intervallstart på skøyteski. I sprint og spesielt langløp har dei gjort det i mange år. For Didrik er det på mange måtar eit nødvendig onde.

– I Falun tapar eg jo ein medalje på grunn avslutningsferdigheitene mine. Ikkje fordi eg var sliten. Eg har jo eigentleg ikkje noko val om skal eg kunne hevde meg i fellesstart.

Tønseth

UTKØYRD: Han tok ut alt, men det var ikkje nok for Didrik Tønseth på tremila i Falun.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Ein type som ville ha dominert

Det er der fødselsdatoen hans kjem inn i bilete. Didrik Tønseth er fødd i 1991. Same år blei VM arrangert i italienske Val di Fiemme. Hadde han vore fødd 20-30 år før som Gotaas meiner ville vore ideelt, kunne Didrik ha konkurrert i både 10 kilometer, 15 kilometer, 30 kilometer og 50 kilometer i enkelstart hadde han stått på startstreken i dette meisterskapet.

Under VM i Falun i år var det til samanlikning berre eitt renn, 15 kilometer, som gav moglegheit til å starte på rad og rekkje.

Har du nokon tenkt at det er litt bittert at du ikkje er skiløpar nokon tiår tidlegare?

– He he, nei det har eg faktisk ikkje tenkt på. Det var fint å vakse opp på 90-talet. Det var tronge kår før veit du, ler han.

Han spøkar med glimt i auget, men seier med litt meir alvor.

– Det var nok fleire løp som passa meg på den tida.

Det er akkurat det Thor Gotaas har tenkt når han har sett Didrik Tønseth fly bakkane og lange ut i den gode gamle diagonale stilen på fjernsynet. Kanskje har han sett seg ved skrivepulten like etter for å skrive vidare på historia om femmila eller birkebeinarane.

– Tønseth har iallfall alle dei eigenskapane ein trengte for å hevde seg i toppen, kanskje spesielt på 70 og 80-talet. Skiløparane på den tida var veldig opptekne av kapasitet. Dei gjekk lengre rundar og renna blei aldri avgjort på flat mark i ein spurt slik som no. Didrik er ein slik type langrennsløpar som ville ha dominert på den tida og hevda seg i alle type renn frå parkrenn til femmil. Ein Brå-type, trur han.

Diagonal-Tønseth

I KJENT STIL: Det er når Didrik Tønseth trykker til i diagonalgang oppover han er i sitt ess. Og det var akkurat denne stilen som var aller viktigast for skiløparar å vere god i nokre tiår før Tønseth begynte si toppsatsing.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Gotaas tenkjer på gamle skiheltar Tønseth kunne ha minna om. Han vurderer fleire, men ender opp med skikongen frå Hølonda.

– Han kan likne litt på Oddvar Brå. Sjølv om også Petter Northug har ein del til felles med Brå som var god til å spurte på den tida. Men Tønseth har også element av Brå i seg og kanskje litt av Tor Håkon Holte. På sitt beste var dei begge ekstremt gode og lette i diagonalen, slik som Didrik. Brå hadde kanskje ein enda råare vinnarskalle.

Holte tok fire NM-gull på femmila og eitt VM-gull på stafett i 1985. Den store skistjerna på 70- og 80-talet Oddvar Brå, tok mellom anna 16 NM-gull.

Sikker på at Tønseth vinn i verdscupen

Men sjølv om Gotaas trur Didrik Tønseth ville vore ein stor skihelt om han hadde vore fødd tidlegare, betyr ikkje det at han framleis kan bli ein helt. 24 år er ingen alder for ein skiløpar.

– Eg er heilt sikker på at han kan bli ein stor skiløpar også i dette tiåret. Det kan godt hende at han allereie hadde tatt fleire medaljer om han hadde konkurrert i meisterskap på 80- og 90-talet, men medalje det kjem han til å ta.

Landslagskompis Niklas Dyrhaug som i sommar har trena saman med Tønseth nærmast kvar dag i Trondheim, er heilt sikker i sin sak.

– Didrik kjem til å ta sin fyrste verdscupsiger til vinteren. Tidlegare har han vore mest kjent for kapasiteten, men eg synest han har tatt store steg på dei områda han har hatt ein del å gå på, som skøyting og staking. Han kan absolutt bli ein legende no også, meiner treningskompisen.

– Du må aldri høyre på Dyrhaug. Det er livsfarleg.

Tønseth skøyar, som han har for vane. Men målsetningane tullar han ikkje med. Didrik Tønseth skal til topps sjølv om han er skiløpar i fellesstartens og spurtens tiår og ikkje 1991.

– Verdscupsiger er målet. Eg skal ha potensialet til å klare det. Me får håpe Gotaas sine ord kan bli sanne likevel.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM svømming kortbane
VM svømming kortbane