– Avtalen gav lik rett til alle utøvarar, den var føreseieleg, og den la til rette for særs god økonomi for skiforbundet, seier Trond Olsen, leiar i alpinkomiteen til NRK.
NRK erfarer at alpinlandslaget sin hovudsponsor, Telenor, var villige til å oppretthalde same pengestøtte som dei gjer i dag, og samtidig opne for at Henrik Kristoffersen kunne få Red Bull som hjelmsponsor.
Av dei pengane utøvarane får per hjelm med anna sponsor på, hadde skiforbundet fått ein minimumssum på 1,5 millionar kroner per år. På alt over den summen hadde skiforbundet fått 40 % av inntektene. Det vil sei at skiforbundet minimum ville fått inn 15 millionar på avtalen til Kristoffersen, og ein ny avtale med Aksel Lund Svindal.
Men etter det NRK erfarer ville avtalen vore langt meir lukrativ. Skiforbundet kunne sikra seg inntekter på mellom 20 og 25 millionar kroner over ein periode på seks år.
- Bakgrunn: Kristoffersen saksøker skiforbundet
– Utfordrar grunnlaget
Difor stiller Henrik Kristoffersens far, Lars Kristoffersen, seg heilt uforståande til at skistyret ikkje ville godkjenne den avtalen.
– Eg synst det er trist at skistyret går mot det alpinkomiteen og sponsorane vil. Det er ikkje bra, seier Kristoffersen til NRK torsdag.
Men skipresident Erik Røste seier at å gi Kristoffersen denne avtalen hadde rokka ved noko heilt grunnleggande.
– Dette er grunnlaget for finansieringen. Norges Skiforbund sel marknadskrava. Tilsvarande som det er i andre klubbar eller lag. Det er dette ein utfordrar. Gjennom ein godt etablert landslagsmodell har me erfaring med dette. Den har fungert og den har gitt resultat. Det er den me ønskjer å verne om.
Kristoffersens far meiner derimot at ein ikkje kan handsame utøvarane ulikt, og at sonen bør få inngå same avtale som til dømes Aksel Lund Svindal allereie har.
– Det må vere likt for alle. Alle burde hatt dei same sjansane. Grunnen til at det er splid er at skiforbundet ikkje klarar å stake ut ein stø kurs.
- Ekspert: – Kristoffersen har ei god sak
– Ingen ønskesituasjon
– I avtalen som me la fram, låg det eit ønske og håp om å få til ein lik avtale for alle alpinutøvarar. Det forslaget blei nedstemt i skistyret, seier Olsen i alpinkomiteen.
Dei har jobba samanhengande med saka sidan dei tok over i mai. Og er skuffa over at arbeidet ikkje har ført fram.
– Me hadde eit håp om å få det til, og når me ikkje får det til er det trist. Det er ingen ønskesituasjon, seier Olsen.
Trass at skiforbundet og Kristoffersen kunne tent godt på avtala, er far og manager Lars Kristoffersen klar på at det ikkje først og fremst handla om det.
– Denne konflikten handlar ikkje om pengar. Det som er viktig er sporten, og å få utvikle seg der. Det beste for Henrik er å vere ein del av landslaget.
- Les også: Vurderer å droppe renn