Terminlista til neste års langløpssesong, Ski Classics, blir presentert i Stockholm i ettermiddag. For fyrste gong skal langløparane ut av Europa for å konkurrere om poeng i cupen.
– Det er veldig spennande og eksotisk med skirenn i Kina. Utfordringa er den lange turen og belastninga med tidsforskjell, derfor er me litt skeptiske, seier Jørgen Aukland som har lagt opp og nå er manager for Team Santander.
Redde for å bli sjuk av reisa
Det kinesiske Vasaloppet blei for fyrste gong arrangert i 2003 og har vore ein del av Tour of China, der fleire nordmenn har delteke. Jørgen Aukland har sjølv gått rennet to gonger.
– Det var veldig annleis, men det var mykje snø og veldig kaldt, mellom 20 og 30 minusgrader. Det er lett å bli sjuk av den lange reisa, så me må ta ei vurdering om me kjem til å sende heile laget.
Direktør i Ski Classics, David Nilsson, er glad for utvidinga til eit nytt kontinent
– Det er den største satsinga me har gjort. For oss er det veldig spennande å kome til Kina, ikkje minst med tanke på vinter-OL i Beijing i 2022. Me vil halde fram med å vekse internasjonalt og Kina er verdas største marknad, seier Nilsson.
– Er du redd for at fleire profilar kjem til å droppe rennet?
– Nei, dei beste kjem til å vere der, vil dei vinne Ski Classics må dei delta i alle renn. Om ein kikkar på andre idrettar som idrettar som formel-1 og tennis så er det ikkje uvanleg å reise verda rundt, meiner direktøren.
Algaard: – Mange var slitne i fjor
Thomas Alsgaard er manager for Team Leaseplango, han trur også dei må gjere ei vurdering om kor mange løparar dei vil sende.
– Me må vurdere rennet i Kina opp mot resten av sesongen, det er ein ekstrem reisebelastning. Me må sjå om det er viktig nok å reise dit for å kjempe om poeng samanlagt eller om nokon må skape krefter, seier Alsgaard som uansett garanterer at dei vil stille lag.
Neste sesong uansett enda tøffare enn den føregåande.
– Viss me ser tilbake på førre sesong så var det i grenseland for kva som var fornuftig. Det var veldig mange som var veldig slitne etter den tøffe runden i januar og februar. Nå må me bygge opp eit grunnlag som gjer at me toler ein enda tøffare sesong neste år, seier Alsgaard som understreker at han er positiv til terminlista.
I tillegg til Kina er også Nord-Noreg nytt på programmet.1.april 2017 kjem sirkuset til Reistadløpet i Bardufoss. NRK sender Ski Classics frå neste sesong.