180 personar gjennomførte razziaen på hovudkontret og treningsfeltet til Newcastle og West Ham etter mistanke om skatteunndraging, melder Sky Sports.
Skattedirektoratet (HMRC) stadfestar at det er gjort fleire arrestasjonar.
– Etterforskarar har undersøkt fleire stader i Nordaust- og Søraust-England, og arrestert fleire. Dei har også beslaglagt økonomi-dokument, lister, datamasikner og mobiltelefonar, melder HMRC.
Etter det Sky Sports kjenner til, skal Newcastles admnistrerande direktør Lee Charnley vere blant dei arresterte.
Cahrnley har vore direktør og klubbeigar Mike Ashleys høgre hand sidan 2014. Før det hadde han fleire ulike roller i klubben, og har hatt direktør-status sidan 2008.
Arrestasjonen er eit slag for Newcastle United, som måndag kunne juble over eit lukrativt opprykk til Premier League neste sesong.
HMRC stadfester at razziaen er gjort i samarbeid med franske styresmakter, og at det også er gjort etterforskning og arrestasjonar i Frankrike.
– Denne kriminal-granskinga sender ei klar melding om at uansett kven du er, må du rekne med å ta konsekvensar av skattejuks, skriv HMRC i ei melding.
Av omsyn til at etterforskinga framleis pågår, vil dei ikkje gi fleire detaljar. Heller ikkje kva klubbar det dreier seg om.