Skaslien vil halde fram
Kristin Skaslien har bestemt seg for å halde fram curlingkarrieren, men OL om fire år er ikkje sikkert enno, melder TV 2.
– Eg kan avsløre at eg ikkje legg skoa på hylla riktig enno. Eg kjem til å spele miks-dobbel, men også ein del firemannscurling neste sesong, seier ho til kanalen.
36-åringen har blant anna sølv (2022) og bronse (2018) frå blanda lag i OL saman med ektemannen Magnus Nedregotten.
– Eg tar éin sesong av gongen, så kan ikkje seie no om Magnus og eg kjem til å satse mot OL 2026. Men curling er framleis moro, og eg føler eg har meir å utrette på curlingisen. Derfor vel eg å halde fram litt til.