Hopp til innhold

Oppgitt over manglande utvikling i båtreglementet: – Det er noko tull

TOKYO (NRK): Birgit Skarstein tok seg enkelt vidare til finalen i singlesculler, men no kjem ho med ein brannfakkel retta mot Paralympics tryggleik.

Birgit Skarstein

KRITISK: Birgit Skarstein skulle gjerne sett at båten hennar fekk ei litt lågare vekt.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Birgit Skarstein sin båt veg nemleg 10 kilo meir enn Kjetil Borch sin, sølvvinnaren frå OL.

Det er snakk om 24 kilo mot 14 kilo, for ei som berre kan bruke halve kroppen til å skyve den framover.

– Det er berre ein type båt som skal vere para-båt. Den må vege 24 kilo. Eg har klaga på det, men får ikkje endra noko på det. Det er noko tull. Eg skulle gjerne rodd ein så lik båt som dei olympiske roarane har, seier Skarstein oppgitt til NRK.

Skarstein viste likevel at ho var sterkast i heatet sitt. Med tida 11.11 hamna ho åtte sekund bak Moran Samuel, som var i det andre heatet. Samuel tok paralympisk rekord.

Ynskjer endring

Søndag er finalen, og sjølv om Birgit Skarstein er den største medaljefavoritten, er det klart at ein lettare og meir konkurransedyktig båt ville vore med å ta para-roinga til nye høgder.

– Konkurransebåtane i OL er ikkje på nybegynnarnivå. Det er forskjell på utstyret og eg vil jo gjerne at det skal gå så fort som mogleg. Då er det enklare å setje rekordar, lettare å ro fort, det er mindre belastning for kroppen og ein får båtar og utstyr som er lettare å frakte, seier Skarstein.

Birgit Skarstein

FØREBUING: Birgit Skarstein på trening i Tokyo.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

Akkurat no er para-båten breiare enn ein vanleg konkurransebåt, og det gjer det ekstra utfordrande, spesielt i Tokyo – som er kjent for utfordrande vêrforhold.

– Båten blir som eit vindfang. Den skal vere stabiliserande, men den ligg tyngre i vatnet og den blir fortare tatt av vinden, seier Skarstein.

– Kva synest du om det?

– Eg skjønar at det er viktig å ha stabilitet, spesielt fordi vi er mange som har redusert muskelkraft. Det er greitt å ikkje tippe rundt, men vi kan vareta mykje balanse gjennom pongtongane på båten. Og så handlar det om å halde balansen med ro-årene. Utøvarar på paralympisk nivå klarar det fint.

På spørsmål om ho tykkjer at Paralympics ligg bak i utviklinga i forhold til OL, svarer ho dette:

– Utstyret er på nivå, i den forstand at vi har eit regelverk å stelle oss til. Vi har gode båtar, men dei skulle gjerne vore litt smidigare, og som lar oss ro litt kjappare. Eg vil gjerne at dei er optimalisert for å køyre så fort som mogleg, og ikkje berre for å vere så stabile så mogleg, seier ho.

Birgit Skarstein
Foto: Torstein Bøe / NTB

Sølvvinnaren støttar kollegaen

Den store skilnaden i vekta skuldast tryggleiken for utøvarane. Para-båten er nemleg utvikla for å vere meir stabil i vatnet, slik at utøvarane ikkje tippar rundt. Det betyr at skroget på båten blir større enn skroget på konkurransebåtane til OL-utøvarane.

I tillegg skal ikkje båten vere forskjellig frå den typen som breiddeutøvarane brukar.

Kjetil Borch meiner Skarstein må slutte å klage over vekta på båten.

Borch

GODE VENNER: Kjetil Borch er ein viktig støttespelar og venn for Skarstein.

Foto: Charly Triballeau / AFP

– Eg meiner at sterke kvinner må tole den vekta. Birgit er den sterkaste eg kjenner, seier Borch spøkefullt til NRK, før han fortset i ein litt meir alvorleg tone:

– Sjølve konstruksjonen av para-båten må vere ganske solid, slik at dei er tryggare og ikkje skal bryte saman. Min båt er av ein heilt anna konstruksjon, men det har med at viss eg hamnar i sjøen, så kan eg symje til land. Skjer det hjå nokre parautøvarar, er det ei heilt anna setting, seier Borch.

Likevel er han einig at para-båtane hadde kledd å kutte eit par kilo, men breidda kjem aldri til å endre seg.

– Eg er for ei utvikling av sporten, og senking av vekta vil gi nye rekordar. Det gir ein mykje større fordel å kutte for eksempel sju kilo av båten, enn det er å springe med karbonsoler i friidrett, men av sikkerheitsårsaker vil breidda vere den same, seier han.

Ein rettferdig regel

Og landslagstrenaren sjølv, Johan Flodin, er ikkje like kritisk til at Skarstein og resten av parautøvarane har ein tung båt.

Birgit Skarstein og Johan Flodin

DUO: Johan Flodin og Birgit Skarstein.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

– Eg forstår at Birgit meiner dette, men det finnast eit sikkerheitsaspekt også, sidan ein treng så mange stropper. Det er viktig at ein ikkje tippar over, seier Flodin til NRK.

Han peikar på økonomi, og tykkjer det er rettferdig at utøvarane får konkurrere under same vilkår. Det gjer også Kjetil Borch. Dersom ein skal utvikle lettare båtar, må ein skaffe dyrare materiale.

– Det vil nok skje utvikling på skroget etter kvart, men det er eit kostnadsspørsmål for sporten. No er det slik at alle kan konkurrere under dei same føresetnadane, og sporten er transparent og rimeleg for utviklingslanda å delta i, seier Flodin.

Likevel er det ein ting som er sikkert, og det er at Skarstein ynskjer endringar før neste Paralympics i Paris om tre år.

– Eg håpar vi får meir konkurransedyktige båtar, for slik dei er no, så held dei igjen på tidene, avsluttar ho.

Søndag ror Birgit Skarstein finaleheatet på 2000 meter singlesculler. Det kan du sjå her.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal