Skarstein-drama før verdsrekorden: Sleit med å puste og sette puls-rekord

Steikjande hete i Italia sette Birgit Skarstein heilt ut av spel. Ho prøvde å kjøle seg ned på alle moglege måtar, men ingenting hjelpte.

Rolandslaget trener på Årungen

RASK: Birgit Skarstein sette verdsrekord i roing laurdag. Her avbilda tidlegare i år.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

– Eg gjekk i våt T-skjorte, våt caps, helte isvatn over meg og prøvde med våte handkle og klutar, seier Birgit Skarstein til NRK.

Men sjølv ikkje diverse nedkjølingstriks hjelpte på kroppstemperaturen.

Skarstein er i Italia på eit svært viktig stemne før Paralympics i sommar. Stemnet avgjer rankinga til Paralympics, og førsteplassen gir ein svært mykje lettare veg enn andreplassen.

Derfor var Skarstein lite fornøgd med starten. Fredag vart ho nærast distansert av sine argaste konkurrentar. Ho skildrar seg sjølv som ein raud tomat, og var «heilt kokt».

Skarstein fortel at ho målte over 200 i puls, noko som er langt høgare enn makspulsen. Det gjorde at ho sleit med å puste og ikkje klarte å ro ordentleg.

– Eg vart heilt sett ut, seier ho.

Varmen i Varese nord i Italia sette henne heilt ut, medan konkurrentane nærast koste seg.

– Dei er frå Brasil, Frankrike og Israel og er vand til heilt andre forhold enn meg, seier Skarstein.

Rolandslaget trener på Årungen

VART «KOKTE»: Birgit Skarstein, her avbilda på trening på Årungen.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Knuste verdsrekorden

Laurdag var kroppen ein heilt annan, og Skarstein hadde vorte vand til dei varme forholda.

Resultatet? Verdsrekord. Knusande verdsrekord.

10.07,93 på 2000 meter er over fem sekund betre enn rekorden ho sett i 2018: 10.13,63.

– Det kjennest heilt fantastisk, seier Skarstein med eit stort smil.

– Særleg etter dagen i går.

Saman med landslagstrenar Johan Flodin har ho sett eit mål om å komme seg under ti minutt. Verdsrekorden på laurdag beviser at det er mogleg.

Rolandslaget trener på Årungen

PL-HÅP: Birgit Skarstein er eit av Noregs største håp i Paralympics.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

– Gav meg ein vekkjar

Forholda i Italia gir Skarstein noko å tenkje på før Paralympics. Kjem kroppen til å takle det varme vêret i Japan?

– Det gav meg ein vekkjar, seier Skarstein.

– Det viser at vi må akklimatisere, det er det einaste som hjelper. At varme berre er mentalt, det er «bullshit». Det er eg eit døme på, seier Skarstein.

I utgangspunktet skal Skarstein derfor reise tidleg til Tokyo for å bli vand til vêret. Viss ho får same smell i Tokyo, kan gullet vere tapt allereie etter første regatta.

– Opplegget no er litt usikkert. Vi skulle eigentleg på leir med svenskane i forkant, men dei har ikkje kvalifisert nokon, så kva som skjer før leikane er usikkert, seier ho bekymra.

Lørdag ble også Birgit Skarstein tildelt årets hederspris fra Norges Handikapforbund. Parautøveren får ros for sin innsats i likestillingskampen. Valget av Skarstein ble enstemmig vedtatt av sentralstyret i NHF.

Sportsnyheter

Nær sjokktap for Vipers: – Det er helt sykt

Verdens beste håndballag måtte nesten gi tapt for Fana i Bergen.

Bjørgen overrasket over tiden opp til Johaug: – Jeg må hjem og trene

Marit Bjørgen blir helt satt ut når hun får beskjed om hvor langt bak hun var Therese Johaug i styrkeprøven Tryvann Opp på rulleski.

Siste nytt

  • Wenger oppgitt over VM-motstand

    Tidligere Arsenal-manager mener følelser heller enn fornuft styrer reaksjonene på hans forslag om å arrangere fotball-VM hvert annet år.

    Wenger er i dag utviklingsdirektør i Det internasjonale fotballforbundet (Fifa). Han er mannen bak forslaget om å la verden få se VM-fotball annethvert år i stedet for kun hvert fjerde som i dag. Det har møtt betydelig motstand.

    – Mange av de negative reaksjonene har kommet fordi folk ikke har sett hele konseptet. Det blir mye følelser, hvilket jeg kan forstå, siden vi alle er vokst opp med en annen syklus, sier Wenger i BBCs podkast Sports Desk, ifølge Ritzau.

    Det europeiske fotballforbundet Uefa har gått sterkt mot planene om hyppigere VM-spill, men Wenger mener mange har snudd når de har sett hele opplegget.

    Ifølge Wengers forslag skal hele fotballkalenderen endres slik at spillerne skal få en lengre pause og reise mindre.

    Forslaget skal diskuteres på et Fifa-møte i slutten av neste uke.

    Arsène Wenger mot Aston Villa
    Foto: Clive Mason / Getty Images
  • Hovland tidlig ut i Ryder Cup

    Viktor Hovland spiller sammen med engelske Paul Casey når Ryder Cup i golf innleder fredag med fire foursomes-kamper. De får sylskarp motstand.

    Det er 12 spillere på hvert lag i prestisjeduellen mellom USA og Europa, og åtte av dem ble valgt til å delta i foursomes, der spillerne slår annenhver gang på samme ball. Hovland og Casey skal duellere med Dustin Johnson og Collin Morikawa. Spillerne slår ut 14.21 norsk tid.

    Johnson og Morikawa er nummer to og tre på verdensrankingen. Bare spanske Jon Rahm er foran dem.

    De andre duellene mellom Europa og USA er:

    Jordan Spieth/Justin Thomas – Jon Rahm/Sergio Garcia 14.05, Brooks Koepka/Daniel Berger – Lee Westwood/Matt Fitzpatrick 14.37, Patrick Cantlay/Xander Schauffele – Rory McIlroy/Ian Poulter 14.53.

    Det spilles matchplay i Ryder Cup, slik at duoen som vinner flest hull også vinner kampen. Europa er regjerende mester.

    43rd Ryder Cup - Previews
    Foto: Andrew Redington / AFP
  • Sørloth halta av bana

    Alexander Sørloth halta av bana eit kvarter før slutt, då Real Sociedad vann 3–2 borte mot Granada.

    Den norske kraftspissen fekk ein smell og måtte gi seg på stillinga 2–2.

    Det er ingen heldig situasjon for det norske landslaget med tanke på den viktige bortekampen mot Tyrkia i VM-kvalifiseringa 8. oktober.

    Ifølgje NTB kan det sjå ut som nordmannen har pådratt seg ein hamstringsskade.

    Før skaden kom Sørloth til fleire sjansar, men det vart ikkje mål eller målegjevande for hans del.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Miguel Morenatti / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal